Min doktorgrad
Det han såg som lektor vart utgangspunkt for doktorgraden
Lamin André Kvaale-Conateh syntest det var krevjande å stilla same krav til alle elevar, uansett bakgrunn. Det vart inngangen til lektoren si doktoravhandling.
— Kan du først av alt fortelja kort kva du har forska på?
— Avhandlinga mi er ein del av prosjektet Pioneered, der Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Universitetet i Bergen (UiB) er to av 13 partnarar frå til saman ni europeiske land. Målet med prosjektet er å fremja likare kår for barn og unge på alle nivå i utdanningssystemet i Europa, og ein undersøkjer mellom anna i kva grad ein har lukkast med utdanningsmessige tiltak som har som formål å utjamna sosiale skilnader. I doktoravhandlinga mi har eg sett på sosial utjamning som eit skulepolitisk mål i Noreg. Målet med prosjektet er å fremja likare kår for barn og unge på alle nivå i utdanningssystemet i Europa, og ein undersøkjer mellom anna i kva grad ein har lukkast. I doktoravhandlinga mi har eg sett på sosial utjamning som eit skulepolitisk mål.
— Kvifor ville du ta doktorgrad?
— Eg er utdanna lektor frå HVL og har jobba eit par år som kontaktlærar på ein ungdomsskule. Der møtte eg elevar som hadde ulik bakgrunn. Dei har altså ulike føresetnader, men dei skal målast etter dei same kriteria. Det synest eg som lærar var vanskeleg. Då eg såg at det var lyst ut ei stipendiatstilling knytt til eit prosjekt som såg på slike problemstillingar, søkte eg.
— Korleis har du jobba med avhandlinga?
— Eg har sett på korleis målet om sosial utjamning vert skrive fram i politiske styringstekstar, både på kva omgrepet betyr, kva ein meiner trengst og kva ein meiner må gjerast. I tillegg har eg intervjua lærarar som jobbar med ei områdesatsing. Eg har òg intervjua andre lærarar som jobbar på skular i det som vert kalla levekårsutsette område om korleis det er å vera lærar ved sånne skular.
— Kva finn du?
— I dei politiske tekstane finn eg at elevane sin bakgrunn ikkje skal verka inn. Det vart lagt vekt på at alle elevar skal ha like moglegheiter, og det er talent og innsatsvilje som skal telja. I tillegg vert det lagt vekt på at skuleverket skal fremja sosial mobilitet. Men problemet er, slik eg ser det, korleis ein skal utjamna. Eg meiner ein må sjå på skulen sin funksjon i samfunnet. Ein skal kvalifisera og sortera elevane til ulike sosiale posisjonar. Men dersom bakgrunn verkar bestemmande for kor ein hamnar, så må ein gjera endringar i storsamfunnet.
Eg følte frå dag ein at eg hadde dårleg tid. Eg hadde tre år på meg, og sjansen for å levera til normert tid var statistisk sett liten.
— Kva endringar då?
— Noko av problemet i dag er at bakgrunn betyr noko. Dersom ein til dømes ser på kven som studerer medisin, så er det gjerne studentar som sjølv har legeforeldre. Då eg intervjua lærarane i områdesatsinga og dei som jobba på skular i levekårsutsette område, sa dei mellom anna at dei har for lite tid og for mange ekstra oppgåver. Det er mange tiltak som eg trur kan fungera, som leksehjelp og gratis skulemat. Men det trengst sterkare politisk lut enn enkelttiltak. Dersom ein vil gjera noko, må ein gjera noko med ressursfordelinga i storsamfunnet, og ein må til dømes sjå på skatte- og bustadpolitikken.
— Er materielle skilnader mellom elevane ei problemstilling du kjenner frå di lærartid?
— Ja, det ein ser, er at i byane heng ikkje det som nødvendigvis heiter levekårsutsette område og skulegrenser saman. Særleg på ungdomsskulen kan det vera elevar med svært ulik bakgrunn, frå ulike barneskular, som vert samla på ein stad.
Min doktorgrad
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no
— Kva synest du var mest krevjande med stipendiatperioden?
— Tidspresset. Eg følte frå dag ein at eg hadde dårleg tid. Eg hadde tre år på meg, og sjansen for å levera til normert tid var statistisk sett liten. Så eg skunda meg langsamt, og var medviten om at eg ikkje kasta vekk noko tid.
— Kom du i mål til normert tid?
— Ja, eg gjorde det. Eg har to barn. Det trur eg er ein fordel når ein skal organisera arbeidsdagane sine. Eg hugsar frå då eg tok master, og ikkje hadde barn, at ein gjerne sat med oppgåva nokre timar på kvelden òg. Men kva fekk ein eigentleg gjort mellom klokka 16 og 19? No hadde eg ein arbeidsstruktur der eg jobba frå 8-16, og fekk mykje energi inn i den tida.
— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?
— Eg disputerte ein fredag og starta i pappaperm måndagen etter! Så no skal eg ha permisjon fram til august, og så har eg førebels ingen jobb å gå til. Eg håpar å kunne verta verande i akademia, men det kan òg vera aktuelt å gå tilbake til skuleverket.