Trekker seg etter avsløring av band til Epstein

Njord V. Svendsen
kortnytt

Presidenten ved det anerkjende Bard College i delstaten New York, Leon Botstein, trekker seg etter 50 år i stillinga. Bakgrunnen er offentleggjering av dokument som viser at han hadde band til den overgrepsdømte Jeffrey Epstein.

Ifølgje The New York Times viser dokumenta at banda mellom Epstein og Botstein var tettare enn det som tidlegare har vore kjent. Det har kome fram at Botstein i mange år pleia vennskapet, var på besøk og utveksla meldingar med Epstein. Dette hende etter at Epstein vart blitt dømt for å lagt til rette for prostitusjon av ein mindreårig.

Ei gransking som utdanningsinstitusjonen sjølv har gjort viser at Botstein ikkje har gjort noko ulovleg, men at relasjonen til Epstein hadde sådd tvil om tilliten til Botstein som leiar.

Frå granskinga går det også fram at Botstein hadde fått råd frå ein kollega på leiarnivå om unngå Epstein, men at han ikkje tok omsyn til rådet.

«President Botstein argumenterte sterkt for at Bards behov for finansiering kom først», heiter det i rapporten, ifølgje New York Times. Og vidare skal han ha sagt at «eg ville ha tatt imot pengar frå Satan om det hjelpte meg å tene Gud».

Botstein besøkte ifølgje granskingsrapporten Epsteins private øy, og Botstein inviterte Epstein til Bard College.

Bard-presidenten, som var berre 28 år då han tok toppvervet ved institusjonen, seier han vil halde fram som professor ved institusjonen.

Leon Botstein taler ved en talerstol med to mikrofoner under Bard College-eksamen.
Leon Botstein har vore leiar for det anerkjende Bard College sidan 1978 trekker seg etter at det har kome fram at han hadde relasjonar til overgrepsdømde Jeffrey Epstein.
Powered by Labrador CMS