The Strokes med markering mot universitetsbombing

Njord V. Svendsen
the strokes kortnytt gaza

The Strokes med markering mot universitetsbombing

Det amerikanske rockebandet The Strokes brukte konserten sin under Cochella-festivalen i USA til ei politisk markering, skriv The Guardian. Blant innslaga var ein bildemontasje på scenen som skulle vise øydelegginga av meir enn 30 universitet i Iran eter israelske og amerikanske bombeangrep.

Også eit bilde av øydelegginga av al-Israa-universitetet i Gaza vart vist på storskjerm, medan bandet framførte låta Oblivious. Dette var det siste universitetet som stod igjen i Gaza før det vart bomba av Israel i 2024.

Klippet frå konserten spreidde seg raskt på nettet, ifølgje The Guardian, og passerte 5,1 millionar visningar på X før det vart fjerna.

Band spiller på scene foran skjerm med ruiner og tekst om ødelagte universiteter i Iran.
The Strokes på scenen under Cochella, ein av dei største musikkfestivalane i USA.
Powered by Labrador CMS