Storbritannia formelt tilbake i Erasmus +

Njord V. Svendsen
utveksling utdanning storbritannia kortnytt erasmus

Avtalen er ferdigforhandla med EU, og dei juridiske rammene er på plass. Dermed er det klart at Storbritannia frå 2027 kjem tilbake i utdannings og utvekslingssamarbeidet Erasmus +.

Det vart allereie i desember 2025 stadfesta at Storbritannia ville kome tilbake etter at Brexit ført til exit for seks år sidan.

I perioden frå 2014 til 2020 finansierte British Council over 8000 prosjekt, og nær 600.000 var involvert i utdanningssamarbeidet.

Ifølgje Times Higher Education reknar den britiske regjeringa med at minst 100.000 personar vil få glede av støtteordningane det første året landet er tilbake.

Etter seks år utanfor tar Storbritannina steget inn igjen i europeisk utveksling.
Powered by Labrador CMS