Manglar pengar. Legg ned høgskule

Njord V. Svendsen
kortnytt usa utdanning

Hampshire College i Massachusetts stenger dørene for godt i løpet av 2026. Utdanningsinstitusjonen er eit såkalla liberal arts college og vart grunnlagt i 1965. Det har ifølgje Inside Higher Ed vore kjend for progressive verdiar og ein studentstyrt studiemodell.

Høgskulen er berre eitt av fleire små høgskular som har annonsert at dei kjem til måtte stenge i 2026. Ifølgje data frå Huron Consulting kan nær ein fjerdedel av dei 1 700 private, ideelle fireårige institusjonane i landet bli tvinga til å leggje ned eller slå seg saman i løpet av dei neste ti åra, skriv Inside Higher Ed.

Årsaka skal vere færre studentar, auka kostnader og generelt press på små, private utdanningsinstitusjonar.

Powered by Labrador CMS