Uppsala universitet: «Manglar ein milliard»

Njord V. Svendsen
økonomi utdanning uppsala sverige kortnytt

Lågare rammeløyvingar per student, høg husleige og krav om avkastning har medverka til at Uppsala Universitet i Sverige manglar over ein milliard svenske kroner for å halde nivået på utdanninga oppe.

— Alt vi gjer akkurat no påverkar kvaliteten, og det uroar meg djupt, seier Anders Hagfeldt, rektor ved universitetet, melder SVT.

Tala er basert på Uppsala universitet sine eigne utrekningar.

— Om ein samanliknar med dei nivåa universitetet låg på i 1994, så har vi i dag eit tap på over ein milliard kroner, seier Hagfeldt.

Ein rapport frå Sveriges universitetslärare och forskarar (SULF) frå 2024 viser at løyvinga per student ved svenske universitet har minka med kring ein tredel dei siste 30 åra.

Samtidig har husleigene Uppsala universitet betalar auka dei siste åra. Grunnen er at Akademiska Hus og andre huseigarar må tilpasse leigeprisane etter marknaden, i tillegg til at dei krev avkastning.

universitetsbygningen med statue og vakker hage
Utgiftene har gått opp og inntektene ned. No er nivået på eit kritisk lågt nivå før det går utover utdanningskvaliteten, meiner Uppsala universitet.
Powered by Labrador CMS