Stadig fleire cyberangrep mot britiske universitet

Njord V. Svendsen
storbritannia kortnytt cyberangrep

Ein undersøking som har tatt for seg nesten alle universitet i Storbritannia over det siste året viser at cyberangrep er blitt vanlegare. I rapporten frå det britiske forskings- innovasjons- og teknologidepartementet går det fram at 98 prosent av universiteta hadde vore utsett for cyberinnbrot eller -angrep, skriv Times Higher Education.

Særleg phishing peikar seg ut som den største trusselen, og delen som opplever forsøk på identitetssvindel har auka markant. Også skadevare og uautorisert tilgang til system er utbreidd.

Nær halvparten av institusjonane som vart råka opplevde negative konsekvensar, som kompromitterte kontoar, nedstengde nett-tenester eller tap av tilgang til data.

Samtidig tyder undersøkinga på at universiteta er meir medvitne om risikoen, og mange satsar på kunstig intelligens for å styrke cybertryggleiken.

Powered by Labrador CMS