Rehabiliterer park ved universitetet

Njord V. Svendsen
bergen universitetet i bergen studenter parkering kortnytt

Parken som låg mellom Johanneskirken, HF-biblioteket og Muséplassen på Sydneshaugen i Bergen har vore borte i 14 år. No skal grøntområdet som ligg midt i universitetsområdet på Nygårdshøyden i Bergen tilbake til gammal standard, skriv BA.

Grøntområdet var eit populært rekreasjonsområde for studentane og andre på fine dagar. Ifølgje avisa er målet at parken skal bli så lik den gamle som mogleg. I tillegg skal det byggast ein leikeplass, som truleg ikkje er tiltenkt studentane, sjølv om det ifølgje landskapsarkitekt Martin Arons skal gjerast ein «vri» på leikeplassen.

— Det inneber også meir risikofylt leik, seier han.

Arons understrekar at det skal blir rom for studentar også.

— Det blir ein park for alle, seier han til BA.

Parken som ein gong var skal snart kome tilbake.
Powered by Labrador CMS