Min doktorgrad

Då Mali slo av opptakaren, byrja ungdommane å fortelja
Jøss, kan ein verkeleg skriva doktorgrad om kulturskule, tenkte kulturskulerektoren. Og så gjekk ho i gang — saman med nokre av kulturskuleelevane.
— Kan du seia heilt kort kva du har forska på?
— Eg har forska på elevperspektiv i kulturskulen, med utgangspunkt i elevane sine historier.
— Kvifor ville du ta doktorgrad?
— Eg har vore lærar og leiar i kulturskulen i tjue år. Samtalar med barn og unge interesserer meg veldig, men det slo meg at det ikkje er nokon som faktisk har spurt elevane om kvifor dei er i kulturskulen. Heilt tilfeldig, for sju år sidan, såg eg ei utlysing frå NTNU der dei søkte etter ein stipendiat som skulle forska på kulturskuleutvikling. «Jøss, kan ein verkeleg skriva doktorgrad om kulturskule», tenkte eg, og så: «Dette må eg finna ut av»!
— Men då var det vel nokre år sidan du sist hadde studert?
— Altså, eg har jo spelt meg til eit hovudfag, eg er fløytist, og det eg har skrive dei siste åra har vore saksframlegg til kommunale organ. Å kunne uttrykkja seg godt med ord hadde vore fint, har eg tenkt. Men eg kom altså til ein rettleiar ved NTNU, Anne Berit Emstad, som vart veldig viktig for meg. Ho stilte alle dei rette spørsmåla, fekk meg til å setja ord på kva eg ville, og viste meg prosjektskisser som gjorde at eg tenkte at dette kunne vera gjennomførbart. Eg visste tidleg at eg ville ha eit praksisnært doktorgradsprosjekt. Og så … vart eg innstilt som nummer to.
— Kva skjedde så?
— Det var jo sådd eit frø, så eg søkte tre-fire andre stader utan å nå opp. Eg får legga doktorgradsideen på hylla, tenkte eg. Men så vart eg oppringt av Anne Haugland Balnes, som er forskingsleiar ved Universitetet i Agder. Spørsmålet eg fekk, var om eg kunne tenkt meg å søkja ein offentleg sektor-ph.d. hos dei. Tynset kommune, der eg jobbar, veit at eg er flink til å søka om pengar, så så lenge dette ikkje skulle verta ein stor ekstrakostnad for kommunen, fekk eg velsigning frå utdanningssjefen og kultursjefen.
— Då var du i gang. Men korleis jobba du så med prosjektet?
— Eg fekk tilgang til eit spørsmål frå eit casestudium: Er det lærarar eller elevar ein som rektor i kulturskulen tek omsyn til når ein lagar timeplan? Svaret i min kommune, som i mange andre kommunar, er at det er busstider, det er andre aktivitetar elevane er med på, det er lærarar som har delte stillingar — nokre gongar er det òg ferjetider. Så det eg bestemte meg for, var at eg ville finna ut kva elevane meinte om kulturskule.
— Eg inviterte dei til eit møte. Eg var med, og eg ville ta opptak. Men det var lite prat i dei då me sat rundt eit bord. Så stoppa eg opptakaren. Me reiste oss, og så eksploderte rommet: «Hugsar du det? Hugsar du då?» Då skjønte eg at dette måtte eg gjera på ein annan måte. Det det enda med, var at desse fire ungdommane laga ei framsyning om kva kulturskulen gjer med dei. Eg hadde både dans og rap med på disputasen, og noko av det som kom ut av arbeidet, var ein videoartikkel.
— Kva er deira, og din, konklusjon?
— Eg har forska saman med fire unge gutar, som var i alderen 15 til 17 då me gjekk i gang. Dei dansar saman, og seier om seg sjølve at dei er småbrørne til talenta. Dei har altså eldre søsken som går i kulturskulen, og sjølve er dei òg multibrukarar og spelar ulike instrument i tillegg til å dansa. Det dei seier, er at det er fellesskapet som er viktig for dei. Det er det som gjer at dei vert verande. Dei to andre tinga dei trekkjer fram, er at dei vert til som individ gjennom dei aktivitetane dei er med på, og dei opplever meistring — på sitt nivå i fellesskapen. Ein kan seia at ein gjennom kulturskuleaktivitetar får trent opp undringsmuskelen, ikkje kritisk tenking-muskelen.
Det eg har skrive dei siste åra har vore saksframlegg til kommunale organ.
Mali Hauen
— Fellesskap klarar ein jo å få til i grupper som dans, korps og kor. Men korleis kan kulturskulen få til fellesskap for dei andre?
— Kanskje hadde fleire vorte med lenger i kulturskulen dersom ein hadde hatt dette fellesskapet? Eg trur det er eit stort potensial i å tenka gruppeundervisning i kulturskulen. Å ha 22,5 minutt ein-til-ein-undervisning er behageleg, og det er òg eit privilegium å kunne gjera det. Men korleis kan ein få fleire inn i kulturskulen? Bør ein knyta kulturskulen nærare opp til grunnskule? I dag er det slik at den typiske kulturskuleeleven er ei jente på 12—13 år, med vestleg opphav, og der foreldra har høgare utdanning og gjerne er aktive i kulturlivet sjølve. Er det ein kulturskule for alle?
— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?
Min doktorgrad
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no
— Vurderingsprosessane. Det er noko av det mest utfordrande, men samstundes mest lærerike, eg har vore med på. Eg opplevde at eg etter kvart fann dei teoriane eg treng, og då han verda saman på ein ny måte. Eg er mor, musikar og lærar, men eg er òg sauebonde. Og undervegs i doktorgradsarbeidet kom eg inn i forskarkollegiet The stich sisters saman med tre andre doktorgradsstipendiatar. Me arbeider med ull — og brått var eg sauebonde i eit kunstprosjekt, og opplevde at gardslivet, kunsten og pedagogikken vart vove saman. Undervegs har det vore vanskeleg å jobba med avhandlinga, og det har vore ein kamp, men eg har fått nytte av dei erfaringane eg har. Og, eg vert nok aldri ein superstor teoretikar.
— Har du angra på at du gjekk i gang?
— Eh. Nei. Men eg har sagt «tja»! Eg har vore svært privilegert som har fått høve til å gå djupt inn i dette. Samstundes har eg grine mine modige tårer, eg har det. Eg brukte fem år, ikkje fire, for korona kom jo. Då vart det vanskeleg å samlast. Men eg brukte jo mindre pengar enn eg hadde tenkt, for eg fekk jo ikkje reist på konferansar. Innimellom har eg hatt nokre mindre prosjekt, både for Universitetet i Agder og Nord universitet, så totalt sett brukte eg den tida eg hadde — men eg har hatt ein raus arbeidsgivar!
— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?
— For det første har eg altså slutta som rektor i kulturskulen, eg vil ha meir tid saman med elevane. No prøver eg å bygga eit skulekorps, eg underviser i kulturskulen, har ansvar for ungdomsklubb og ein barnefestival og for eit galleri i kommunen. Men samstundes håpar eg å få forska meir.
— Eg har vore i kontakt med Forskingsrådet og spurt om dei har nokon plan om postdok-stillingar ein kan søkja etter å ha teke ein slik offentleg sektor-ph.d. Forskinga ein gjennomfører, er praksisnær i felt. Men om me som no har doktorgradar i offentleg og privat sektor skal kunne verta verande der, må det leggjast opp til forskingstid, elles vil ordninga fungera som rekruttering til akademia. Per i dag finst det inga postdoktor-ordning, anna enn at ein kan søkja frie midlar. No skriv eg litt saman med andre som er i ph.d.-løp, og så håpar eg at eg kan ha nokre forskingsprosjekt litt sånn på si. Det er då eg kjenner at som stipendiat måtte eg berre konsentrera meg om ein ting. Eg var privilegert, ja!