Min doktorgrad

Fann orsakingar for kvifor ho ikkje skulle fullføra
Gøril Brevik Svae var i kjellaren under arbeidet med avhandlinga. Men etter at ho sjølv fekk barn, vart det ekstra viktig for henne å koma i mål: Dei ho forska på, er òg nokon sine barn.
— Du tipsa sjølv om avhandlinga di. Kva er det du har forska på?
— Eg har skrive avhandling om menneske med utviklingshemming. Omgrepa har endra seg sidan eg byra, då snakka me om seksuelle overgrep, men no seier ein heller skadeleg seksuell åtferd. Eg har undersøkt faktorar som gjer personar med utviklingshemming utsett for både å oppleva og utøva skadeleg seksuell åtferd. Menneske med utviklingshemming er ei svært heterogen gruppe. Dei er sårbare, og dei har lågare seksualkunnskap enn andre vaksne. Men denne gruppa ønskjer seg òg kjærastar.
— Kvifor ville du ta doktorgrad?
— Eg er vernepleiar, og eg trur eg er den første vernepleiaren ved Oslo universitetssjukehus (OUS) som har teke doktorgrad. Det vart utlyst stipend i nevroklinikken der eg jobbar, og målet var å få fleire sjukepleiarar, vernepleiarar og fysioterapeutar til å ta doktorgrad. Eg brenn for fagfeltet mitt, og eg brenn for å kunne førebygga seksuelle overgrep. Men eg visste jo ikkje heilt kva eg gjekk til.
— Korleis har du jobba med avhandlinga?
— Det vart litt endringar undervegs, for pandemien kom. Men eg har intervjua både personar med utviklingshemming og eg har intervjua fagfolk. Det tok eit år å få samla deltakarar. Då var det godt å ha anna arbeid òg, eg har hatt ei ordning med femti prosent arbeid i klinikk og femti prosent arbeid med avhandlinga.
— Personar med utviklingshemming er ei sårbar gruppe, og seksualitet kan vera eit krevjande tema å snakka om. Kva etiske utfordringar har du møtt?
— Eg har totalt fem års vidareutdanning i sexologi, så eg er nok desensitivisert. Det at det er så tabu å snakka om seksualitet, er nok noko mange trur. Men dei eg har møtt i samband med avhandlinga har hatt lyst til snakka, eg trur dei opplevde at det endeleg var nokon som lytta. Ein av informantane forstod undervegs at vedkomande har opplevd noko som kan vera eit seksuelt overgrep.
Det er mykje som er vanskeleg med å få ei avhandling i hamn. Kanskje må ein faktisk vera litt naiv for å gi i gang med eit doktorgradsprosjekt.
Gøril Brevik Svae
— Kva finn du?
— Eg finn at det manglar kunnskap. Eg har mellom anna nytta kartleggingsverktøyet SexKunn, som viser at menneske med utviklingshemming har kunnskapshol. Men forskninga mi viser også at helsevesen, rettssystem og andre etatar manglar naudsynt kunnskap og evne til å samarbeida seg i mellom. Dette kan føra til at menneske med utviklingshemming ikkje får den hjelpa dei treng til å kunne ha ein sunn seksualitet.
Min doktorgrad
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no
— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?
— Eg har vore veldig motivert, og jobba med jernvilje. Eg hadde ei lita jente då eg byrja, og har fått eit barn til undervegs. Det har vore tøft å ha så små barn og samstundes skriva avhandling, men eg har vorte endå meir strukturert og effektiv enn eg var før. Dette arbeidet er ikkje over før det er over, tenkte eg, og eg leverte faktisk til slutt eit halvt år før finansieringa gjekk ut. Etter at eg fekk barn, vart prosjektet endå viktigare for meg: Dei eg forskar på er nokon sine barn, tenkte eg.
— Angra du nokon gong på at du gjekk i gang?
— Klart eg har angra! Det trur eg alle gjer. Det har vore beinhardt, og eg har vore i kjellaren — utan tvil. Eg fann mange orsakingar for meg sjølv for kvifor eg ikkje skulle fullføra. Eg synest dei som hoppar av er dei kulaste; å stå i det å gi seg trur eg er vondt. Det er mykje som er vanskeleg med å få ei avhandling i hamn. Kanskje må ein faktisk vera litt naiv for å gi i gang med eit doktorgradsprosjekt.
— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?
— Eg er tilbake i klinikken, og stortrivst med det. Men sidan eg leverte før finansieringsperioden gjekk ut, hadde eg forskingstid att. Den har eg brukt til å utvikla ein guideline, ei hjelp til fagfolk i korleis dei kan snakka om seksualitet med menneske med utviklingshemming. Eg har ti prosent forskingstid, og eg kjem til å søka forskingsmidlar for å kunne gå i gang med nye prosjekt. Tematikken er for viktig til å lata vera.