Studentar var blindpassasjerar på godstog

Njord V. Svendsen
kortnytt blindpassasjer tog studenter

Det enda med ein real «vaksenkjeft», ifølgje avisa Hordaland, då politiet tok imot dei på Voss stasjon etter ein heller kort togtur frå Evanger, der dei vart observerte då dei sneik seg under ei presenning. 

Ytterlegare straffereaksjonar ser det ikkje ut til å bli mot dei to unge mennene, som viste seg å vere tjekkiske studentar. Den noko impulsive togreisa varte i følgje ein av dei i cirka fem minutt.

– Det er strenge reglar for personopphald på toglinja generelt, og spesielt på eit godstog. Hadde dei vorte med vidare over fjellet i dette vêret, ville det vorte ei ekstremt kald og farleg oppleving gjennom tunnelar og aude område. Toglova er tydeleg, og her måtte me gripa inn for deira eiga skuld, seier innsatsleiar i politiet, Henning Hegbom, til Hordaland.

– Vi tenkte det ville vere ein morosam og billeg måte å reise på. Vi likar å haike og har sove ute i den vakre naturen, fortel ein av studentane.

Powered by Labrador CMS