Min doktorgrad

Ein har eitt punkt som er viktig: Den dagen ein skal levera, seier Kirsti Wahlberg. Ho kom ikkje i mål til normert tid, men i mai disputerte ho, og no er ho postdoktor.

— Mange sa at det vert travelt på slutten. Det stemte

Ho kom til dekka bord med ferdige data, men å disponera tida var det Kirsti Wahlberg syntest var mest krevjande med å ta doktorgrad.

— Kan du kort seia kva du har forska på?

— Eg har forska på ungdom og unge vaksne, i alderen 13-25 år, sin bruk av helsetenester. Dette har eg gjort ved hjelp av registerdata. Forskinga mi er primært retta mot primærhelseteneste, altså legevakt og fastlege, men eg ser òg noko på spesialisthelsetenesta.

FAKTA

Kirsti Wahlberg

  • Har levert avhandlinga «The health service use of adolescents and young adults – trends, policy change and mental health help seeking»
  • Disputerte ved NTNU 22. mai 2025

— Kvifor ville du skriva doktorgrad om dette emnet?

— Eg er lege, og ville prøva noko nytt. Då fann eg ei utlysing frå forskingsmiljøet som jobbar med registerdata. Allereie før eg starta som stipendiat var det eit større prosjekt som var i gang. Eg kunne gå rett til å jobba med fag, litteraturgjennomgang og å læra meg koding. Sjølv om pandemien kom, og eg då følte meg litt isolert, kom eg godt i gang. Det var fint å koma til dekka bord.

— Kva er det du har sett på?

— Eg har sett på kva som har skjedd over tid. Kor ofte går ungdom og unge vaksne til legen? Eg såg her på tre tema: Psykisk helse, seksuell helse og luftvegssymptom. Eg har òg sett på effekt av politiske tiltak, nærare bestemt fråversgrensa i vidaregåande skule. I tillegg har eg sett på data frå Ung-HUNT-undersøkinga når det gjeld psykisk symptomtrykk og korleis dette hang saman med bruk av fastlegekonsultasjon og kontakt med psykisk helsevern.

— Kva finn du?

— Trendmessig så finn eg at denne gruppa brukar helsetenester meir enn før, mest primærhelseteneste. Eg ser at ein oftare enn før går til legen med luftvegssymptom, på grunn av fråversgrensa. Samstundes aukar konsultasjonane for psykiske plager og lidingar, men eg finn ikkje at ein kan skulda fråversgrensa for dette. Sannsynet for psykisk helse-relaterte konsultasjonar hos allmennlege eller kontakt med psykisk helsevern aukar med aukande psykisk symptomtrykk. Ein kunne tenka seg at ein òg i spesialisthelsetenesta såg ein effekt av fråversgrensa, for eksempel om fleire vart vist vidare av fastlegane, men det finn eg stort sett ikkje. 

Først etter at eg var i mål med den første artikkelen hadde eg meir ei kjensle av korleis eg skulle gå fram.

Kirsti Wahlberg

— Kva var mest krevjande med å ta doktorgrad?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Disponering av tid. Ein får eitt punkt som er viktig: Tidspunktet for når ein skal vera ferdig. Mange eg snakka med sa at det er vanleg å få det travelt på slutten, og det fekk eg. Eg synest det var vanskeleg å disponera tida sjølv, og fordi eg hadde brukt opp tida mi, byrja eg i ei ny stilling samstundes som eg skulle gjera ferdig avhandlinga. Då var eg sliten! Som stipendiat skal ein jo òg ta ein del fag, og ein må lesa seg opp på relevante tema. Først etter at eg var i mål med den første artikkelen hadde eg meir ei kjensle av korleis eg skulle gå fram. Ein lærer seg sjølv å kjenna gjennom ein slik prosess!

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— Nei, ikkje som eg tydeleg kjem på. Eg var positivt overraska over kor godt eg trivdest. Eg kjente at dette var noko eg meistra.

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— No har eg ei hundre prosent postdok-stilling, der eg jobbar med til dels det same. Det er framleis registerdata, men no knytt til lungesjukdommar som astma og kols. Akkurat no satsar eg mest på akademia, men eg er open for andre moglegheiter etter kvart.  

Powered by Labrador CMS