Min doktorgrad
Håpar rike onklar les Khrono
Andreas Tjomsland har sett nærare på 420 bedehus på Nordvestlandet. Han vil gjerne jobba meir med registrering av desse husa, men då trengst det pengar. Kanskje ein rik onkel les Khrono?
— Kan du kort presentera kva du har skrive avhandling om?
— Eg har gjennomført ei historisk gransking av den lågkyrkjelege indremisjonen. Eg har sett på ti krinsar og i tillegg tre byforeiningar på Nordvestlandet i åra 1920—70. Indremisjonen eigde halvparten av dei 420 bedehusa, og var ei kjernegruppe i dei andre.
— 420? Kor stort er området du har sett på?
— Eg har sett på Møre og Romsdal og i tillegg gamle Sogn og Fjordane fylke. Det var eit bedehus rundt kvar sving! Særleg i Møre og Romsdal var tanken at der ein hadde ei bygd som hadde skule, ein butikk og kanskje eit postkontor, skulle ein òg ha eit bedehus.
— Kvifor var det dette du ville skriva doktoravhandling om?
— I masteroppgåva mi såg eg på Nordfjord indremisjon, og skreiv om nedgangstida frå 1970—2000. Deretter opna det seg ei moglegheit med ei ledig stipendiatstilling.
— Korleis har du jobba med avhandlinga?
— Eg fann eit kjeldemateriale nesten ingen har jobba med tidlegare: Regionale indremisjonsblad. Dei fann eg på Nasjonalbiblioteket. Nokre av blada var uopna, så dei hadde lagt i tiår og venta på meg. Eg fekk scanna dei, slik at eg fekk dei med meg i digital, søkbar form.
— Var dette eit slags medlemsblad?
— Ein skulle tru at det var ganske lite, men i Sogn var indremisjonsbladet det største bladet på 1940-talet. Blada hamna i kvar femte postkasse på Nordvestlandet. Eg analyserte desse blada for å få ei kvalitativ vurdering av dei straumdraga ein fann i bedehusrørsla i desse åra. I tillegg har eg sett på kvantitative data: Det eine er registrering av kor ein fann bedehusa, det andre er gåveinntekter. Det siste seier noko om drift av husa.
— Kvifor valde du 1920 som startår?
— Dei fleste bedehusa er eldre enn det. Men i 1920 hadde ein ei dreiing til ein meir institusjonell fase og med ein meir offentleg strategi. På Calmeyergatemøtet i Oslo vedtok ein korleis ein skulle møta den liberale teologien, så ein kan absolutt seia at bedehusa på den tida stod for ei konservativ linje. Bedehusa var på mange måtar ei nisje på marknaden, men på den tida var det, ulikt i dag, få som var melde ut av Den norske kyrkja.
— Kva funn har du?
— Eg har ein god del funn! Noko anna hadde vore rart, eg har levert ein monografi på 360 sider. Noko av det eg finn, er at bedehusrørsla ser ut til å ha engasjert menn i større grad enn kvinner på grasrota. Rørsla var på mange vis bygd opp med kadrar, slik ein kjenner frå kommunistiske organisasjonar, slik at ein skulle vera klar når vekkelsen kom. Ein var òg oppteken av å få «sine» folk inn i mellom anna skulen.
— Men mange av oss har vore på mellom anna søndagsskule og basar på bedehuset?
— Ja, det som ein kan kalla bygdepreget kom meir etter andre verdskrigen. Ein jobba mellom anna for dei unge, med yngres-foreiningar. Dette gjorde at ein fekk ei breiare kontaktflate, men òg det ein kan kalla gratispassasjerar som nytte godene. Desse mista ein etter kvart, det var dei kyrkjekritiske som overlevde i bedehusrørsla.
Eg har ein god del funn! Noko anna hadde vore rart, eg har levert ein monografi på 360 sider.
— Du har sjølv dialekt frå det ein plar kalla bibelbeltet. Veit ein om det var fleire bedehus på Nordvestlandet enn til dømes på Sørlandet?
— Det er ikkje forska tilstrekkeleg på. Men eg har eit gryteferdig prosjekt! I samband med prøveførelesinga vart eg utfordra til å setja mine funn inn i eit skandinavisk perspektiv. Eg finn at bedehusrørsla har stått sterkare i Noreg. Men dei siste åra har eg hatt fleire møte med forskarkollegaer i både Sverige, Danmark og Finland, som har resultert i ein metodeartikkel og ein felles nordisk mal for å få registrert bedehus. Me har søkt forskingsmidlar til dette i Sverige, men har så langt ikkje fått noko. Så om det er nokre rike onklar som les Khrono …
— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?
Min doktorgrad
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no
— Før eg vart stipendiat, jobba eg som lærar i ein god del år. Men så var eg utsett for ei arbeidsulukke som gjorde at det vart vanskeleg å vera lærar. Då eg byrja som stipendiat, byrja eg i femti prosent stilling på grunn av ulukka. Det oppdaga eg for det første at eigentleg var for mykje. For det andre var det krevjande å smørja seg sjølv tynt utover, og krevjande å vita kor mykje eg skulle seia ja eller nei til. Eg hadde kontorstad i Volda, men bur sjølv på Sandane, om lag halvannan time unna, og i tillegg hadde eg rettleiar i Kristiansand. Det gjorde at det vart vanskeleg for meg å vera med på så mange fysiske samlingar, som seminar, som eg hadde lyst til. Undervegs har helsa heldigvis vorte veldig mykje betre, så då eg var ferdig med ein lang disputasdag var det like mykje feiring av at eg hadde vorte friskare.
— Har du angra på at du gjekk i gang?
— Nei, eg har ikkje angra. Eller, eg har kanskje angra litt på at eg ikkje snevra litt inn — eg sat med eit ganske massivt materiale. Men det er min eigen feil! Eg kom i mål 7,5 månad før tida, så eg har fått levert to nye artiklar på tampen av stipendiatperioden. Den eine er publisert, den andre er til fagfellevurdering no. Dette er tema det ikkje vart plass til i monografien.
— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?
— Eg skal byrja som lærar i vaksenopplæringa her eg bur. Eg gler meg til å treffa vaksne, motiverte elevar og igjen kunne gi fysisk undervisning i eit klasserom. I tillegg har eg ein avtale med Høgskulen i Volda om å vera timelærar og å vera med på nokre forskingssamlingar. Eg jobbar òg vidare med å få på plass ei registrering av bedehus, men så lenge me ikkje har fått på plass noko finansiering av det prosjektet, går det litt på lågbluss.