Min doktorgrad
Han vurderte utanlandsoppdrag. I staden vart det doktorgrad
Jostein Mattingsdal er marineoffiser. Han har forska på korleis leiarar i politiet og Forsvaret handterer tidsnød og uoversiktlege situasjonar.
— Hei, kva har du skrive doktorgrad om?
— Eg har skrive om samarbeid mellom Forsvaret og politiet, med fokus på hybride angrep og på leiing.
— Kva er eit hybrid angrep?
— Det er del av ein offensiv kampanje for å nå strategiske mål, og kan vera alt frå desinformasjon til fullskala krigshandlingar. Ofte befinn ein seg i ei gråsone mellom fred og krig. Kabelkutt og sabotasje er døme på hybride angrep.
— Kvifor ville du skriva doktorgrad om dette emnet?
— Det handlar om mi personlege erfaring frå Forsvaret, eg er marineoffiser. Ein har sett meir bruk av hybride angrep heilt sidan Russland annekterte Krim ulovleg i 2014, men det har teke av etter invasjonen i Ukraina i 2022. Eg har undervist i leiarskap på Sjøkrigsskulen, og byrja som stipendiat ved Universitetet i Bergen i 2020. Eg har hatt eit løp der eg har vore stipendiat i 75 prosent og i tillegg jobba 25 prosent ved Sjøkrigsskulen.
— Korleis har du jobba med avhandlinga?
— Det har vore gjennom eksperiment, i avgjerdssimulering. Eg har sett på korleis leiarane møter truslar. I tillegg har eg brukt statistikk til å sjå på skilnader mellom Forsvar og politi. Eg har sett på korleis ein reagerer i tidsnød, korleis ein brukar makt, kven som er raskast til å eskalera — kven trur det vert krig og kven trur det vert fred?
Eg trengte fleire hundre respondentar, så her måtte eg berre vera tolmodig.
— Kven er det som reagerer raskast, då?
— Det er politiet. Desse to instansane har to ulike oppdrag i fredstid, og eg finn at dei trenar mest på det dei er opplært til. Politiet er vane med at dei skal rykka når det går ein alarm. Men i ein krigssituasjon er det meir samarbeid mellom Forsvaret og politiet, og eg finn at nokre hendingar treff mellom desse sektorane — og det er ingen som har dei som eit hovudfokus. Nokre gongar er det usikkerheit knytt til kven sin «mayday» det er.
— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?
Min doktorgrad
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no
— Datainnsamlinga. Eg skulle nytta folk som var høgt oppe i systemet både hos politi og Forsvar, og dette er travle folk. Eg trengde fleire hundre respondentar, så her måtte eg berre vera tolmodig. Eg prøvde å booka inn så mange som mogleg i løpet av ein dag, og eg reiste òg rundt for å treffa folk. På ein god dag fekk eg gjort fire-fem eksperiment. Noko anna som skjedde, var at rettleiaren min døydde brått og uventa. Universitetet måtte finna ny rettleiarar på oppløpssida. Men eg rakk å koma i mål innan normert tid.
— Har du angra på at du gjekk i gang?
— Alle fasar har sine utfordringar … Då eg starta som stipendiat var det krig i Afghanistan. Eg har erfaring frå utanlandsoppdrag, og eg vurderte å reisa dit. Men så tok krigen slutt i 2021, og då var det naturleg for meg å gjera noko anna.
— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?
— No er eg forskingsleiar ved Sjøkrigsskulen. Me har mellom anna eit samarbeid med den ukrainske sjøkrigsskulen, der me ser på leiarskap og på ta avgjerder i ein pågåande krig. Dette prosjektet har fått støtte frå Nansen-programmet.
Nylige artikler
Vil være uavhengig: — På nippet til å droppe jobben hvis jeg skulle miste det
Har mottatt 56 klager etter Israel-uttalelsen som skapte mediestorm
OsloMet inngår forlik etter ulovlig printeravtale
Polarisering, sikkerhetstiltak og økende kontroll truer akademisk frihet
Fridtjof Nansens Institutt lander avtaler med Utenriksdepartementet
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Vi forbereder studentene på en verden som ikke eksisterer
Epstein hjalp diplomatsønn med å søke studieplass på universitet
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Høyskolen Kristiania sier opp særavtale med ansatte