styremøte

Slit framleis med personvern ved Nord universitet

Ni avvik vart rapportert til Datatilsynet i 2025, viser rapport. Personvernombodets rapport er blant sakene styret ved Nord universitet blir orientert om.

Nord Universitet, Campus i Bodø.
Publisert Sist oppdatert

Det har vore ein gjengangar i rapportane frå Personverombodet ved Nord universitet siste åra: sviktande rutiner og manglande satsing på sikring av personvernet.

Følg styremøtet her

I rapporten for 2025 som blir lagt fram på styremøtet torsdag blir det igjen peikt på fleire veikskapar, trass i at «bevisstheten rundt personvern blant ansatte vurderes samlet sett som økende».

Rapporten peikar mellom anna på at universitetet manglar ressursar til programvarevurderingar og risikovurderingar. Vidare er manglande kapasitet i rolla som informasjonssikkerhet og personvern.

Styret skal også ta stilling til omstillingsprosessen ved Nord, arbeidet med inntektsfordelingsmodell og eit tilsyn Nokut nyleg har gjennomført. 

Les sakspapir her

Powered by Labrador CMS