Min doktorgrad

Snorre Flo filtrerer vatn, med mål om å skildra det mikrobielle samfunnet i vatnet.

Pandemien forseinka Snorre med eit heilt år

Snorre Flo skulle på fire sesongtokt i det nordlege Barentshavet. Men så kom det ein pandemi og gjorde at det vart vanskelegare enn først tenkt.

Publisert Sist oppdatert

— Kan du først kort seia kva du har forska på?

FAKTA

Snorre Flo

  • Har levert avhandlinga «On the appetites of small copepods and nematodes in the Arctic Barents Sea and Nansen Basin: In situ trophic interactions revealed by brute force prey metabarcoding»
  • Disputerte ved UiT Noregs arktiske universitet, men ved Universitetssenteret på Svalbard, 26. mai 2025

— Avhandlinga mi er todelt. Første del er at eg har laga ein ny metode for å finna ut kva små dyr et.

— Kva er små i denne samanhengen?

— Det er veldig små. Mindre enn ein millimeter store, så ein treng mikroskop for å sjå dei. I neste del av avhandlinga såg eg på nokre av desse små dyra; hoppekreps og rundormar. Kva et dei?

— Du disputerte på Svalbard. Har du budd der under heile doktorgradsløpet?

— Det gjorde eg. Eg var på Svalbard som masterstudent, og såg føre meg at eg skulle reisa tilbake om eg fekk sjansen. Så var det litt tilfeldig at det dukka opp ei stilling ved Universitetssenteret på Svalbard. Masteroppgåva mi var i retning av bioteknologi, og eg hadde lyst til å skriva doktorgrad om noko som var meir i retning av økologi.

På grunn av pandemien måtte to av tokta skubbast på, og då måtte dei rett og slett flyttast eit heilt år.

Snorre Flo

— Korleis har du jobba med avhandlinga?

— Doktorgradsprosjektet var ein del av det store programmet Arven etter Nansen. Eg var på fire tokt, i ulike årstider, med forskingsskipet Kronprins Haakon. Me samla inn prøvar både frå vassøyla og vasskolonne, samt sediment, frå det nordlege Barentshavet. Så plukka me smådyr under mikroskop, og kort fortalt skildra me diettane deira ved å studera DNA-et frå organismane som hadde vorte ete.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva finn du?

— Eg fann at metoden fungerer godt! Me fekk studert dietten til dei små organismane. På førehand var forventninga at dei primært kom til å eta ting som var mindre enn seg sjølve, men det stemmer ikkje. Me finn at dei i stor grad et partiklar frå større dyr.

— Restemat, så å seia?

— Ja, det kan det òg vera, men me trur at dei òg et avføring, i form av pellets. Det kan vera ein ressurs heller enn berre avfallsstoff.

— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?

— Sjølv om ein er ein del av eit større prosjekt, og har rettleiarar, så jobbar ein òg mykje åleine. Eg synest det i periodar var vanskeleg å finna rett retning og å vita om ein brukar tida si på rette ting. Gjorde eg noko som var nyttig no, tenkte eg innimellom.

— Kom du i mål til normert tid?

— Nei, eg gjorde ikkje det, eg brukte eit år ekstra. Noko av årsaka til det var at eg vart råka av pandemien. Eg startar som stipendiat hausten 2019. Dei fire tokta eg skulle på, var sesongtokt. På grunn av pandemien måtte to av tokta skubbast på, og då måtte dei rett og slett flyttast eit heilt år.

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— No og då, kanskje, ein lurer jo av og til på kva det er ein driv med. Og det har eg ikkje alltid vore like sikker på.

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— No er eg tilbake på fastlandet og prøver å få meg ein jobb. Eg søkjer ganske breitt, men eg kunne gjerne tenkt meg ei forskarstilling, eller ei postdok-stilling. Men først skal eg ha ferie!

Powered by Labrador CMS