Min doktorgrad
Ho opplevde noko mange opplever: Å få avhandlinga i retur
Å tru at ein var i mål, men så få beskjed om å at avhandlinga måtte bearbeidast og omstrukturerast — det var det Anne Riise syntest var mest krevjande.
— Hei, kan du først seia kort kva du har forska på?
— Eg har forska på personar mellom 18 og 23 år som mottek hjelp frå barnevernet. Heilt konkret har eg forska på desse personane sin medverknad.
— Du er vaksen og har jobba ei stund. Kvifor ville du ta doktorgrad no?
— Eg byrja å jobba ved dåverande Høgskolen i Harstad for ti år sidan og har både undervist og forska. Eg var mellom anna med på forsking som var ein del av grunnlaget for lovendringa i barnevernslova i 2021. Då tilrådde me at grensa for å få hjelp frå barnevernet skulle aukast frå 23 til 25 år. No fekk eg høve til å forska vidare på korleis medverknad betyr noko for hjelpa ungdommane mottek. Eg har vore stipendiat ved UiT Noregs arktiske universitet, men følgt stipendiatprogram ved NTNU.
— Korleis har du jobba med avhandlinga?
— Eg har intervjua både ungdom sjølv og tilsette i barnevernstenesta, dessutan tilsette som tilbyr andre tenester til denne gruppa. Totalt hadde eg 96 kvalitative intervju.
— Kva tiltak er det ungdommane får når dei er over 18?
— Det er fleire ting. Ein kan forlenga dei tiltaka dei har hatt, eller dei kan få nye. Mange treng til dømes hjelp til å flytta på hybel, og dei treng oppfølging etter at dei har flytta for seg sjølve. Andre treng hjelp til å koordinera ulike tenester. Men når dei har fylt 18 år og er myndige, kan dei takka nei til å motta tenester og tiltak.
Det var tøft å verta ferdig med tjue prosent forskingstid.
— Kvifor takkar dei nei?
— Omgrepet medverknad er veldig strukturelt, og det ligg i lova. Det eg har sett på er korleis ein legg til rette, og korleis ungdommen opplever at dei kan få medverka. Det eg finn, er at dei er opptekne av å ha eit val, og dei treng å kjenna seg trygge nok til å dela informasjon om seg sjølve. Ein kan seia at dei utøver aktørskap. Dersom dei opplever støtte, er dei meir motiverte til å ta imot hjelp. Og når dei har fylt 18 er tiltaka frivillige. Dei som takkar nei meiner at dei klarar seg godt nok sjølve. Men når lova vart endra, var det fordi ein veit at dette er ei sårbar gruppe som brukar lenger tid på å koma seg inn i vaksenlivet. I tillegg er ein generelt ungdom lenger enn før.
— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?
Min doktorgrad
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no
— For det første var eg tilsett med undervisningsplikt, så det var krevjande å verta ferdig i tide. Eg vart ikkje det. Men det aller mest krevjande var å få avhandlinga i retur. Innan mitt fagområde er det veldig vanleg. Så først ventar ein på tilbakemelding og så får ein beskjed om å omstrukturera og skriva om. Det var veldig krevjande. Eg var heldig og har ei stilling på universitetet, slik at eg kunne forsørga meg sjølv. Men det var tøft å verta ferdig med tjue prosent forskingstid.
— Angrar du på at du gjekk i gang med doktorgrad?
— Nei, generelt angrar eg lite på det eg gjer. Ein må innstilla seg på at det å ta doktorgrad då vert ein del av livet. Det vert opp- og nedturar, og det tek den tida det tek å koma i mål.
— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?
— No søkjer eg opprykk til førsteamanuensis. Eg jobbar ved barnevernspedagogutdanninga og underviser òg dei som studerer sosialt arbeid. Eg ønskjer å forska vidare. I tillegg har eg ei meir praksisretta stilling ved KORUS, Kompetansesenter for rusfeltet. Eg har tidlegare jobba i barnevernstenesta og såg kor viktig det er å ha med seg praktisk røynsle.