Min doktorgrad

Logisk når ein ser nærare på det, men kanskje ikkje noko ein hadde tenkt på då ein laga ordninga, seier Guri Natalie Jordbakke om funnet sitt: Å legga til rette for bebuarparkering på gatenivå i Oslo førte til meir bilbruk.

— Eg hadde jo ikkje tenkt at det skulle vera lett å ta doktorgrad

Ein ber om å verta fagleg utfordra, seier Guri Natalie Jordbakke. Men at ho måtte ta fleire eksamenar undervegs i doktorgradsløpet syntest ho var krevjande. 

— Hei, kva har du skrive avhandling om?

FAKTA

Guri Natalie Jordbakke

  • Har levert avhandlinga «Pricing and consumption externalities: policy measures and incentives for pushing consumer choices»
  • Disputerte ved Universitetet i Oslo 22. august 2025

— Eg har skrive om regulering og påverknad av forbrukarval knytt til bilbruk. Eg har mellom anna sett på parkeringspolitikk; kva konsekvensar får det at parkering er meir tilgjengeleg, men vert litt dyrare, og eg har sett på kva det betyr for forbrukarane at ein kan få varer heim gjennom leveringsordningar som er grønmerka — altså meir miljøvennlege.

— Du har jobba nokre år. Kvifor ville du ta doktorgrad no?

— Eg har jobba nokre år ved Transportøkonomisk institutt, ja. Det var nokre kollegaer her som fekk pengar frå Forskingsrådet, og i det prosjektet var det pengar til ei stipendiatstilling. Denne stillinga skulle brukast til ein del av prosjektet der ein nyttar registerdata. Det var noko eg jobba med då eg tok master, så det ville eg gjerne læra meir om. Transport er dessutan viktig utifrå eit økonomisk perspektiv, så eg synest det var ein interessant kombinasjon å jobba med.

— Kva konkret har du forska på?

— Eg har skrive tre artiklar. I den første ser eg på effekten av bebuarparkering i Oslo. Ein har innført gateparkering for dei som bur i nokre område, og samstundes gjort det mykje dyrare for besøkande å parkera i desse gatene. I den andre artikkelen ser eg på vegprising. Dette er ein reint teoretisk artikkel der eg reknar ut ein sanksjonsstruktur for at ein faktisk skal rapportera korrekte data. I den tredje artikkelen ser eg på effekt av grønmerka varelevering. Då har eg konkret sett på Oda, som leverer mat.

— Kva finn du?

det er skilnad på å angra og tenkja at «dette har eg ikkje lyst til meir».

Guri Natalie Jordbakke

— Når det gjeld gateparkering finn eg at den ordninga ein har no fører til at folk brukar bil meir og eig bil i større grad. Det heng nok saman med at parkeringa har vorte meir tilgjengeleg for dei som bur i områda. Eg finn òg at det er lettare å bruka tradisjonell bil, ikkje elbil. Det heng truleg saman med at dei som parkerer i gata ikkje har moglegheit for heimelading, og å alltid måtte lada på ladestasjonar vert både dyrt og noko som krev planlegging. Eg synest det var eit interessant funn, og òg logisk når ein ser nærare på det, men kanskje ikkje noko ein hadde tenkt på då ein laga ordninga. Når det gjeld matlevering finn eg at det er stor effekt av å tilby grønmerka levering, nær ei dobling. Men det kan sjå ut som effekten avtar over tid.

— Kva synest du var mest krevjande med å ta doktorgrad?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Eg har jo ikkje tenkt at det skal vera lett! Når ein går inn i noko slikt ber ein om å verta fagleg utfordra. Noko av det som var krevjande, var at eg måtte ha fleire eksamenar undervegs, og eg måtte ha god karakter på desse for å kunne gå vidare. Det eine faget sleit eg med, så då eg var ferdig var eg nok meir letta enn glad.

— Du er tilsett ved Transportøkonomisk institutt, men har vore stipendiat ved Universitetet i Oslo. Kor har du site, reint fysisk?

— UiO ønskjer at ein skal vera det første året hos dei, men då var det pandemi og strenge reglar for kor ein skulle vera. Eg har difor stort sett vore hos TØI. Ein annan ting som var krevjande, var å prioritera eige prosjekt og seia nei til andre. Eg har ikkje hatt undervisning, men 25 prosent prosjektarbeid. Det er noko med den fordelinga, det er ikkje alltid så lett å kombinera. Det ideelle er sjølvsagt å ha periodar eller veker der ein berre jobbar med ein ting. Eg har prøvd å få det til, men det var ikkje alltid så lett. Men eg kom i mål til normert tid!

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— Nei, eg har aldri angra. Men det er skilnad på å angra og tenkja at «dette har eg ikkje lyst til meir». Det har vore eit par gongar der eg lurte på om eg ville halda fram. Men det er eit privilegium å få tenka så lange tankar som ein gjer når ein tek doktorgrad.

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— Først håpar eg å få publisert artiklane eg har skrive. Eg har allereie idear og tankar om nye prosjekt og er i gang med å utvikla noko meir knytt til grøn levering.

Powered by Labrador CMS