Min doktorgrad

Elin Austbø Simonsen er utdanna faglærar i kunst og handverk. No har ho i tillegg skrive avhandling om kunst- og handverksfaget.

Det er ikkje mange som har doktorgrad i det same som Elin

Det har ikkje vore tid for lange lunsjar eller treige morgonar for Elin Austbø Simonsen. Ho har kombinert familieliv med stipendiatliv, og kom i mål til normert tid med ei avhandling om kunst og handverk.

— Du har skrive avhandling om kunst og handverksfaget. Det er det vel ikkje så mange andre som har gjort?

— Nei, det er ikkje mange av oss! Eg har gjennomført ein læreplanstudie der eg har undersøkt lærarar sine prioriteringar i realisering av djupnelæring i grunnskulefaget kunst og handverk. Kort sagt har eg sett på korleis lærarane forstår læreplanverket og kva dei gjer i undervisninga si. Eg har også inkludert elevperspektivet i studien.

FAKTA

Elin Austbø Simonsen

  • Har levert avhandlinga «Læreplan i praksis i grunnskulefaget kunst og handverk: Om realisering av djupnelæring i arbeid med handverk»
  • Disputerte ved Universitetet i Stavanger 28. august 2025

— Kvifor ville du ta doktorgrad om akkurat dette?

— For det første er jo doktorgrad ein veg til fast stilling i akademia. Eg ønska å gå i djupna på og løfte fagdidaktiske problemstillingar som er sentrale som fagmiljøet rundt kunst og handverk, men som også er nyttig for andre fag. Søkelyset mitt har vore på arbeid med handverk, ein del av faget som, samanlikna med fleire føregåande læreplanar, er framheva i Kompetansemåla i LK20.

— Ein høyrer ofte at lite pengar i skulen gjer at det er dei praktisk-estetiske faga som lir, at ein ikkje har pengar til materiale. Har du sett nærare på dette?

— Rammefaktorar var opphaveleg ikkje eit fokus i studien min, men det var noko lærarane peika på: Utan gode økonomiske vilkår og tilstrekkeleg tid er det vanskeleg å innfri forventningane i LK20. Både tilgang til verkstad og utstyr samt storleik på elevgrupper er heite tema i fagmiljøa.

— Korleis har du jobba med avhandlinga?

— Eg har forska på mellomtrinnet, det er i lita grad gjort før. Mellom anna observerte eg kunst- og handverksundervisninga i ein klasse gjennom eit halvt år. Eg intervjua tre lærarar og tolv elevar, og gjorde dokumentstudium i tillegg. 

Min studie viser at læraren sin kompetanse i faget har betydning for elevane si læring.

Elin Austbø Simonsen

— Kva finn du?

— I arbeid med Læreplan i kunst og handverk er det i stor grad opp til den enkelte læraren å avgjera kva fagleg innhald elevane skal lære og kor godt dei skal kunne det. Lærarane i undersøkinga fortel at det er krevjande å legga til rette for at elevane lærer noko i djupna — og samstundes dekka breidda i faget, som skildra i læreplanen. Elevane har på si side vanskar med å setje ord på eiga læring, sjølv om dei enkelt kan fortelja kva dei har jobba med i undervisninga. Elevane fortel også at dei trivst med faget. Det er likevel eit tankekors at færre enn halvparten av lærarane som underviser i kunst og handverk — det femte største faget i grunnskulen — har undervisningskompetanse i faget. Min studie viser at læraren sin kompetanse i faget har betydning for elevane si læring.

— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Eg trivst godt i rolla som stipendiat! Men det å balansera familieliv og jobb har tidvis vore krevjande. Eg har tre barn, og ei stipendiatveke er ikkje alltid 37,5 time. Då barna var mindre brukte eg gjerne kveldane til å jobba, men no er det ingen som legg seg klokka 19 lenger. Samstundes skal det seiast at eg har jobba strukturert. Det har ikkje vore rom for seine morgonar eller lange lunsjar — eg har nytta dei timane eg har hatt. Og eg kom i mål til nokså normert tid.

— Har du angra på at du gjekk i gang med doktorgrad?

— Nei, det har vore ei meiningsfull tid. Det er likevel godt å vera i mål, for den seige innspurten var intens, både for meg og familien. 

 — Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— No er eg kontaktlærar i grunnskulen. I tillegg rettleiar eg masterstudentar ved Høgskulen på Vestlandet. Førebels ein fin kombinasjon, så får me sjå kvar vegen går vidare. I botn er eg utdanna faglærar i kunst og handverk frå OsloMet, og engasjementet mitt for kunst og handverksfaget er ikkje kopla til spesifikke trinn eller nivå i utdanningsløpet. Det er spanande å jobbe med faget på ulike måtar, men eg kjenner meg ikkje ferdig i akademia.

Powered by Labrador CMS