Min doktorgrad

Dette er medisinstudentar. Michael Mortensen underviser på masterprogram i intensivsjukepleie, og har sjølv jobba mange år som intensivsjukepleiar, i både inn- og utland. Han har skrive doktoravhandling om sjukefråvær etter open hjartekirurgi.

Den største overgangen var å koma tilbake til vanleg drift

Michael Mortensen vart van med å sitja i eiga boble. Men så er det brått ti studentar som ventar på han i klinikken.

— Kan du seia kort kva du har forska på?

— Eg har forska på korleis pasientar kjem tilbake til arbeidslivet etter å ha gjennomgått open hjartekirurgi. Eg har sett på kor lenge dei har vore sjukmelde, og sett dette opp mot både kliniske og sosioøkonomiske faktorar.

FAKTA

Michael Mortensen

  • Har levert avhandlinga «Work by Heart: Return to work after cardiac surgery»
  • Disputerte ved Høgskulen på Vestlandet 28. august 2025

— Først: Kva er open hjartekirurgi?

— Det er rett og slett operasjonar der ein opnar heile brystkassen. Dei enklaste av desse operasjonane er bypass-operasjonar, men dei tek òg tre-fire timar. Det som er felles for pasientane, er at dei er kopla til hjarte- og lungemaskin under operasjonen, for hjarta må vera i ro medan ein opererer. Så dette er store operasjonar som påverkar heile kroppen.

— Du har jobba som sjukepleiar sjølv. Kvifor ville du ta doktorgrad?

— Eg har jobba som høgskulelektor sidan 2018 og då undervist dei som tek master i intensivsjukepleie. Eg har jobba ved det som heiter toraxkirurgisk intensiv i mange får, både på Haukeland universitetssjukehus og i Sveits. Det er vel slik at ein får lyst til å ta både meir utdanning og å forska meir. Eg var heldig og fekk midlar til min stipendiatsøknad.

— Korleis har du jobba med avhandlinga?

— Eg har gjennomført ein multimetodestudie. Eg har sett på ei stor kartlegging med internasjonale data. Der fann eg at det er ein del faktorar som er avgjerande for om ein kjem tilbake til jobb. For norske pasientar såg eg på ein stor registerstudie, norsk hjartekirurgiregister. Dette kopla eg med data frå Nav. Sist ein såg på data frå hjartekirurgiregisteret var i 1983, så her var det eit kunnskapshol! Totalt såg eg på data frå 5500 pasientar. I tillegg til desse store datasetta har eg intervjua ni norske kvinner som har gått gjennom open hjartekirurgi.

— Kva finn du?

— Det siste først: Eg såg i dei store datasetta at kvinner har lenger sjukefråvær og meir komplikasjonar etter operasjon enn det menn rapporterer å ha. Desse kvinnene skildra vegen tilbake. Kvinner utgjer mellom 14 og 16 prosent av pasientmaterialet, og eg finn ein skilnad i korleis ein tolkar symptom. Eg finn at for kvinner så er det ein tendens at legane seier at dei kjem med atypiske symptom på hjartelidingar. Men nei, dei er ikkje atypiske, dei er typiske for sitt kjønn! Kvinner som rapportar om tung pust, at dei er slitne eller har fatigue får ofte spørsmål om dei er stressa eller om dei har ein slitsam jobb. Dette gjer at dei kjem seinare til behandling, og slik ofte er sjukare når dei kjem til kirurgi.

Sist ein såg på data frå hjartekirurgiregisteret var i 1983, så her var det eit kunnskapshol!

Michael Mortensen

— Kva andre funn har du?

— Det er ein samanheng mellom utdanning og sjukmelding. Dersom ein har låg utdanning er det større risiko for at ein er sjukmeld meir enn seks månader etter å ha gjennomført hjartekirurgi. I tillegg har dei som får postoperative komplikasjonar, som slag, nyleg gjennomgått hjarteinfarkt eller nyresvikt, risiko for ein lenger sjukmeldingsperiode.

— Det er jo logisk. Men handlar utdanningsnivå noko om kva type jobb ein har, som at det er tyngre fysisk og vanskelegare å legga til rette?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Ja, eg finn at dei som har tunge, fysiske arbeidsoppgåver har ein lenger periode der dei er heilt ute av arbeid. Det handlar til dømes om at ein ikkje kan løfta etter ein slik operasjon. Men generelt så finn eg at ein i Noreg har lenger sjukefråvær etter denne typen hjartekirurgi enn ein ser i andre land. I Noreg er snittet 23 veker, i Australia mellom ni og ti veker. Dette var blant det eg intervjua kvinnene om. Dei sa at dei følte seg dårleg førebudd på å koma tilbake til arbeidslivet, og lite førebudd på kva komplikasjonar ein kunne få. I Australia har ein oppfølging frå spesialisthelseteneste også etter ein slik operasjon, så det burde ein nok vurdert i Noreg òg.

— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?

— Eg byrja i januar 2021 … (humrar). Då veit du kva eg skal seia! Det vart mykje heimekontor, og ein kjende seg litt isolert. Her sit eg heime hos meg sjølv og skal skriva ei doktoravhandling, liksom. I tillegg var det eit stort prosjekt med mange prosessar knytte til det etiske. Men totalt sett så føler eg meg privilegert som har fått gjort dette. Eg har studert og jobba i både Spania og Sveits, og der er doktorgrad noko ein tek meir eller mindre på fritida — svært får har stipendiatordning. Ja, det kan vera tøft å vera stipendiat, men eg tenkjer på kor heldig eg er som får, om ikkje kjempestor, så i alle fall løn.

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— Nei, men alle har vel periodar der dei tenkjer «argh».

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— No er eg i vanleg drift på høgskulen, og jobbar 100 prosent med undervisning. Å koma tilbake til vanleg drift var eigentleg den største overgangen. Frå å sitja i si eiga boble har eg no til dømes ti studentar som ventar på meg i klinikken og skal ha undervisning. Eg har noko forskingstid i stillinga, og får kanskje litt meir no når eg har tatt doktorgrad, men forskingstida vert fort eten opp av undervisning og andre oppgåver. Då vert det til at ein nyttar kveldar og helger — dette er ikkje ein jobb der ein berre slår av PC-en og går heim.

Powered by Labrador CMS