Min doktorgrad

Nye lærerstudenter på Nesna, Nord universitet
Kva er ein lærar? Og kva er ein lektor? Er dei like — eller ulike? Det har Melissa Geelmuyden Andersen skrive avhandling om. Personane på biletet er grunnskulelærarstudentar — og har ikkje noko å gjera med dette doktorgradsarbeidet.

Det kjipaste var å verta ferdig, synest Melissa

Å vera stipendiat vert ein del av identiteten, seier Melissa Geelmuyden Andersen. Ho har forska på lærarutdanning og lektorutdanning.

— Kan du kort seia kva du har forska på?

FAKTA

Melissa Geelmuyden Andersen

  • Har levert avhandlinga «Lærerstudenter som blir lektorer og lektorstudenter som blir lærere: En studie av studenters yrkesrolleforståelse i dagens grunnskolelærerutdanning og lektorutdanning»
  • Disputerte ved Universitetet i Bergen 14. oktober 2025

— Eg har forska på lærarutdanning og lærarstudentar. Det har vore eit kvalitativt forskingsprosjekt der eg har følgt studentane i utdanningsprosessen. Eg har samanlikna studentar som tek grunnskulelærarutdanning (GLU) 5. — 10. trinn med studentar som tek integrert lektorutdanning. Desse kan jobba frå 8. til 13. trinn. Felles for alle er at dei har norsk som fag. Eg har sett på distinksjonen mellom den pedagogiske rolla og fagformidling og på korleis studentane forstår yrkesrolla si.

— Kvifor ville du skriva doktorgrad om akkurat dette emnet?

— Historisk sett har lærarutdanning og lektorutdanning vore ulike — og så har dei vorte like. Det er grunnskulelærarutdanninga som har gått gjennom størst endringar, og nærma seg lektorutdanning. Inngangen min var knytt til akademisering av læraryrket.

— Korleis har du jobba med avhandlinga?

— Eg byrja med å lesa; både historisk litteratur, politisk litteratur og sjølvsagt forskingsartiklar. Men eg byrja òg tidleg med kvalitative intervju. Eg ville intervjua både ferske og meir røynde studentar, så første gong eg møtte dei to gruppene var dei førsteårs- og fjerdeårsstudentar. Eg møtte dei att eit år seinare.

— Kva finn du?

— Eg finn at dei to utdanningsstrukturane rekrutterer ulikt, men mot slutten har dei vorte like.

— Rekrutterer ulikt som i sosial klasse?

— Nei, sosial bakgrunn spelar ikkje inn i min analyse. Men det som skil dei, er korleis dei engasjerer seg i yrkesrolla. Grunnskulelærarstudentane var opptekne av pedagogikk og av at dei ville jobba med barn og unge. Dei snakka om omsorg og trivsel i klassen, og hadde vald norsk som fag fordi det gjer at dei får vera saman med klassen mange timar i veka. Dei snakka lite om kunnskapsformidling. Det var motsett hos studentane på integrert lektorutdanning, som førsteårsstudentar snakka dei om fag og om at dei berre ville jobba i den vidaregåande skulen, og dei var opptekne av norsk som disiplinfag.

Eg finn at grunnskulelærarstudentane får ein lektoridentitet der dei ser seg sjølve som lektorar og gjerne vil jobba i den vidaregåande skulen — sjølv om dei ikkje er kvalifiserte for det.

Melissa Geelmuyden Andersen

— Men så skjer det noko?

— Ja, yrkesrolleforståinga går på kryss og tvers. Eg finn at grunnskulelærarstudentane får ein lektoridentitet der dei ser seg sjølve som lektorar og gjerne vil jobba i den vidaregåande skulen — sjølv om dei ikkje er kvalifiserte for det. Dei snakkar òg om at dei vil gå vidare i akademia eller bruka utdanninga si til noko anna — fordi dei har ein master. Og det strir mot intensjonen med å gjera lærarutdanninga femårig. Lektorstudentane går på si side inn i ei lærarrolle. Dei vert meir opptekne av det relasjonelle og meir positive til å jobba på ungdomsskule — og dei vil ikkje lenger kalla seg lektor. I analysen viser eg at dei vert sosialisert ut av ei lektorrolle og inn i lærarrolla.

— Kva var mest krevjande med å ta doktorgrad?

— Det er nok livet som skjer utanfor. Som stipendiat må ein ha hovudet med seg, og då vert det krevjande når det skjer vanskelege situasjonar på privaten. Eg synest nok det kjipaste med heile stipendiatperioden elles var å verta ferdig.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kvifor det?

— Det var ei lette å vera ferdig, sjølvsagt, men også kjipt fordi det å vera stipendiat og jobba med denne avhandlinga vart ein del av identiteten min. Eg har på mange vis kombinert jobb og hobby.

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— Neineinei! Eg har ikkje angra. Eg har opplevd meistring. Det har berre vore vanskeleg i kortare periodar, og så har eg kome tilbake. Og eg kom i mål til normert tid.

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— No har eg fått ein gjesteforskarkontorplass på Universitetet i Bergen, og der sit eg og skriv på ein artikkel utifrå data i avhandlinga. Elles søkjer eg jobbar både i og utanfor akademia. Eg er positiv til å prøva noko heilt anna. Men fridommen ved å vera stipendiat har vore heilt nydeleg. I fjor var eg til dømes tre månader ved Berkeley. Når elles får ein sjansen til det?

Powered by Labrador CMS