doktorgrad

Dei siste fjorten åra har Ingvil Nordland hatt to vondarta svulstar på hjernen. — Eg veit at eg sannsynlegvis ikkje vert alderspensjonist.

Arbeidsstaden er i Oslo sentrum, men Ingvil Nordland er ofte på heimekontor. Ho vert fortare sliten enn før, og skryt av tilrettelegginga ho har fått frå arbeidsgjevar Språkrådet.

Ho veit at det kjem ein ny, vondarta svulst. No har ho tatt doktorgrad

Tidleg i 2012 fekk Ingvil Nordland eit epileptisk anfall. Ho hadde hatt eitt tretten månader tidlegare, men då skulda ho på at ho var nygravid og kvalm. 

Denne gongen skjønte ho at noko ikkje var som det skulle vera.

Det var det heller ikkje. I hjernen hennar fann legane hennar ein svulst. Vondarta, men av ein type som veks sakte.

— Dersom ein først skal ha ein vondarta svulst, er det ein slik ein vil ha, seier 44-åringen, noko tørt.

Allereie i 2012 fekk ho vita at ho kom til å få tilbakefall.

Det har ho fått, men 14 år seinare har ho også nyleg disputert.

— Det var ikkje eit alternativ å ikkje fullføra doktorgraden, seier ho bestemt.

Språket vart borte

5. mars 2026 disputerte ho med avhandlinga «Navn, normering og nasjon: skriftnormering av stedsnavn og styringsteknologi». I føreordet til monografien skildrar ho korleis ho i 2003 droppa jusstudia ved Universitetet i Oslo til fordel for nordisk språkvitskap — og korleis ho fann ut at dei to interessene hennar kunne sameinast: I Lov om stadnamn.

Masteroppgåva skreiv ho om saker i Klagenemda for stadnamn, og i 2010 fekk ho jobb i Språkrådet. Her har ho vore sidan, og doktorgraden har ho teke som ein offentleg ph.d.

Tida før operasjonen i 2012 var tøff, fortel ho ærleg.

— Eg var eigentleg ganske redd for at ungane mine skulle veksa opp med ei mamma som var sjuk og skulle døy tidleg.

Då ho vakna etter operasjonen var språket borte, men ho forstod alt som vart sagt. 

— I vekene og månadene etter operasjonen fekk eg gradvis språket tilbake, og hausten 2012 var eg delvis tilbake i jobb — om ikkje anna så for å kunne vera ein del av eit fagmiljø eg kjende meg sterkt knytt til. Det var viktig for meg å kunne bidra i alle fall litt!

Nordland vart betre i løpet av 2013 og 2014. I 2015 fekk ho så tips om Forskingsrådet si ordning med offentleg ph.d., og Språkrådet søkte med henne som kandidat.

— Eg hadde mellom anna vore med i ei arbeidsgruppe oppnemnd av Kulturdepartementet i samband med revisjon av Lov om stadnamn i 2014/15, og hadde ei aukande interesse for å finna ut kvifor regelverket ikkje fungerte etter intensjonen.

293 sider, pluss vedlegg, mellom hendene. Ingvil Nordland er glad for å vera i mål — men noko anna var aldri eit alternativ.

Eit fagmiljø som nesten er borte

For å finna ut kvifor ting ikkje fungerte, måtte ho gå tilbake i tid.

— Eg har sett på korleis prinsipp og ting ein antok i vitskapsteorien på 1800-talet har forma forvaltninga av stadnamn. Så eg har ein haug med empiri, seier Nordland og smiler.

— Det er vel få saker som kan skapa så mykje engasjement og konflikt i eit lokalmiljø som namngiving?

— Nei, det er ikkje det.

I avhandlinga, som ho leverte ved Institutt for by- og regionplanlegging ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU), viser ho at dei same konfliktene stadig kjem tilbake i namnesaker, fordi det er spenningar i grunnlaget for regelverket.

«Når vitenskapsteoretiske antakelser fra 1800-talets språkvitenskap møter folks levde liv og erfaringer med sted og tilhørighet, oppstår konflikter som ikke umiddelbart kan løses gjennom bedre prosedyrer og klarere regelverk», skriv ho.

— I Min doktorgrad-spalten spør Khrono om kva ein skal bruka avhandlinga til vidare. Kva skal du bruka di til?

— Eg har ikkje planar om å gjera noko anna enn å framleis jobba i Språkrådet, eg ønskjer å kunne påverka praksis. Namnegransking er eit fagmiljø som nesten er vekke ved universiteta, så det må ein få bygd opp igjen. Eg er veldig takksam for at store delar av namnegranskarmiljøet kom til disputasen min.

Tøff andrerunde

Arbeidet med avhandlinga starta i 2016. Nordland hadde nokre temmeleg friske år, men seier at ho er takksam for den tilrettelegginga ho fekk allereie etter den første svulsten: Eit varig lønstilskot.

— Det handlar om at arbeidstempoet mitt har gått ned, seier ho.

— Mellom anna er det vanskelegare enn før å sjå om eit ord er skrive feil eller ikkje.

I 2018 kom eit nytt epileptisk anfall.

— Vart du redd då?

— Nei, eg vart ikkje det. Eg visste av svulsten kom til å koma tilbake. I april 2019 fekk eg beskjed om at no var det på tide med ny behandling, men eg utsette det litt fordi eg var med i FN si ekspertgruppe for geografiske namn (UNGENG) i New York. Dette var i mai, og legen gav klarsignal til at eg kunne venta med operasjon til juni.

Der første svulst vart fjerna under operasjon, vart det bestemt at Nordland måtte få både stråling og cellegift i etterkant av den andre operasjonen.

— Først hadde eg ein vaken hjerneoperasjon. Lat oss ha ein disputas under operasjonen, sa kirurgen, fortel ho.

— Men sidan han ikkje var sikker på om han hadde fått fjerna nok, måtte eg ha behandling i ettertid. 

Det vart ein tøff runde. For det første fungerer ikkje høgrehanda skikkeleg lenger, slik at å skriva for hand og spela trompet er noko ho ikkje lenger klarar. I tillegg vart artikulasjonen hennar dårlegare.

— Og tankane mine går fort, men å få dei ut, går seinare. Det å til dømes snakka utan manus, eller vera møteleiar, er noko som er meir krevjande enn før. I tillegg har eg sett på eigne tekstar som eg skreiv etter at eg fekk behandling. Eg ser at dei rett og slett er dårlegare.

Her er Ingvil Nordland (nummer tre frå venstre) i mål! Fra venstre Alexandra Petrulevich (opponent, Uppsala Universitet), Anne-Katrine Geelmuyden (biveileder, NMBU), Ingvil Nordland, Stian Hårstad (opponent, NTNU), Synne Movik (hovedveileder, NMBU), Marius Fiskevold (internt medlem i bedømmelseskomiteen, NMBU), Knut E. Karlsen (biveileder, Språkrådet) og Kristine Lien Skog (instituttleder ved Institutt for by- og regionplanlegging, NMBU)

Når er neste gong?

Doktoravhandlinga har vorte til med eit støtteapparat i ryggen, og med stor bruk av heimekontor. Nordland bur på Ås, altså kort veg unna NMBU.

— Eg vert kognitivt sliten, og merkar at eg «surrar meir», seier ho.

Ho fekk difor ei tilrettelegging av disputasen: Prøveførelesinga spelte ho inn i eit studio på førehand, og under disputasen fekk ho laga lysark med opponentspørsmål og sitat frå avhandlinga. Desse vart då utgangspunkt for ein samtale. Dette gjorde at dagen vart mindre stressande for henne.

— Etter operasjonane har eg vorte meir medviten om korleis kommunikasjon via bilete og tekst verkar. Det kan vera ei stor støtte i slike settingar, seier Nordland.

Ti års arbeid vart avslutta 5. mars 2026. Spørsmålet er kva som ventar.

— Undervegs fekk eg nokre hint om at eg burde avslutta arbeidet og vera heime med barna, seier ho og himlar litt med auga.

— Men no har eg oppnådd det eg ønskte: Sønene mine, som var heilt små då eg vart sjuk første gong, har vorte tenåringar. Den eldste har flytta ut for å gå den linja han ønskte på vidaregåande. Og doktorgraden er i hamn.

Ho går til kontroll kvar femte månad, og fortel ærleg at det er ei spenning knytt til det kvar gong: Når kjem svulsten tilbake?

— Første gongen, då det berre var operasjon, fekk eg beskjed om at legane ville spara deler av behandlinga til eg fekk tilbakefall. Andre gongen vart det sett inn standard behandling. Samstundes fekk eg beskjed om at du skal leva lenge.

Ho legg til:

— Men eg veit jo at eg sannsynlegvis ikkje vert alderspensjonist.

Powered by Labrador CMS