Min doktorgrad

Marianne Borchgrevink-Brækhus har først og fremst forska på bruk av digitale medium. Men dei eldste informantane hennar les også framleis papiraviser.

— Ein skal ikkje gå i gang om ein ikkje er motivert

Marianne Borchgrevink-Brækhus oppdaga at ho framleis kosa seg med prosjektet — heilt fram til slutten. 

— Kan du kort seia kva du har forska på?

— Eg har forska på nyheitsbruk, på folk sine erfaringar med nyheiter. Eg har prøvd å forstå korleis desse erfaringane kan forklara kvifor og korleis ein interagerer og brukar digitale media i kvardagen.

— Kven er folk i denne samanhengen?

FAKTA

Marianne Borchgrevink-Brækhus

  • Har levert avhandlinga «News experience»
  • Disputerte ved Universitetet i Bergen 9. desember 2025

— Det er vaksne. Eg har intervjua mediebrukarar mellom 26 og 65 år. I den første studien undersøkte eg dei opp til 30 og i den andre studien såg eg på dei mellom 30 og 65 år.

— Kvifor ville du skriva avhandling om akkurat dette emnet?

— Eg har sjølv bakgrunn som journalist, og eg beit meg merke i kor viktige dei digitale sporingsdataa er for dei journalistiske prosessane. Publikum og deira digitale fotavtrykk har fått ei stadig viktigare rolle, både i journalistikken og i journalistikkforskinga.

— Dette med sporingsdata kan ein som journalist kjenna seg att i.

— Ja, og kva kan ein forstå utifrå tala? Er det slik at ein er superinteressert dersom ein brukar lang tid på ei sak? Ein snakkar også om manglande betalingsvilje hos dei unge, og tilsynelatande brukar dei mindre tid på nyheiter. Eg ville undersøka dette nærare ved å sjå på kva rolle media spelte i liva til folk. Eg skreiv masteroppgåve om klikk, og då fann eg at det folk klikka på nødvendigvis ikkje reflekterte interessene deira.

— Korleis har du jobba med avhandlinga?

— Eg har følgt 29 nyheitsbrukarar over tid, og nytta ulike kvalitative metodar: Djupneintervju, videoetnografi, der eg har filma informantane medan dei nytta media, og eg fekk informantane til å skriva mediedagbøker. I tillegg eksperimenterte eg med datadonasjonar, der eg fekk inn nettlesarhistorikk frå dei same informantane. Der fekk eg data for kor ofte dei var inne på nyheitsmedium og tidsbruk. Totalt hadde eg ei tredelt innsamling.

— Kva finn du?

— Dei digitale dataa reflekterer ikkje preferansane frå informantane, ein kan ikkje nødvendigvis forstå dei som ein målestokk. Det treng til dømes ikkje å bety at ein er uinteressert dersom ein ikkje vil betala for abonnement, det kan til dømes bety at ein brukar andre, og meir opne, kjelder, som NRK. Eg finn også at dei som berre brukte eit par sekund inne i ei sak kunne vera dei som var mest interesserte, nettopp fordi dei visste akkurat kva dei såg etter eller allereie hadde kunnskap om saka. Når det gjeld dei yngre unge vaksne mediebrukarane handlar mindre vilje til å betala for abonnement mellom anna om at dei føler at det dei får gjennom eit abonnement ikkje er eksklusivt nok.

Eg har nok tvilt på både prosjektet og funna mine undervegs, men samstundes har eg mogna som forskar.

Marianne Borchgrevink-Brækhus

— Du seier at nokre kjapt finn det dei ser etter. Men korleis er det med evna til å skilja viktig og mindre viktig informasjon i ei nettavis?

— Eg finn mellom anna at dei yngre informantane skrolla fortare forbi reklame, til dømes reklame i sjangeren innhaldsmarknadsføring. Dei er flinke til å kjapt identifisera kva som er kva, ofte utan å vera merksame på dette sjølv. Eg fann også at for nokre er det å sjekka nettaviser noko dei gjer heilt automatisk, nokre var innom VG så mange som 35 gongar i løpet av ein dag! Dei eldre informantane hadde meir mix i mediebruken, mellom anna var det fleire av dei som sa at dei les papiraviser, særleg i helgene.

— Kva har vore mest krevjande med å vera stipendiat?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Det er jo ei evig berg- og dalbane, og det handlar både om sjølvdisiplin og om å ha tru på det ein gjer. For meg har det vore krevjande at eg nytta så mange metodar, og at eg var så avhengig av informantane mine. Det var krevjande for dei også, med innsamling i tre rundar. Men dei var overraskande positive, og eg er så takksam for at dei var med på dette! For meg var det tidvis overveldande å sitja med enorme mengder data. Eg har nok tvilt på både prosjektet og funna mine undervegs, men samstundes har eg mogna som forskar.

— Angra du på at du gjekk i gang?

— Nei, det gjorde eg ikkje. Eg har hatt gode, inspirerande folk rundt meg, og eg har heile tida hatt ei innstilling om at ein eg skal fullføra. I innspurten slo det meg at eg framleis syntest det var veldig kjekt å jobba med prosjektet. Men ein skal ikkje gå i gang med eit stipendiatprosjekt dersom ein ikkje er motivert!

— Kom du i mål til normert tid?

— Ja, eg leverte faktisk litt før eg skulle.

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— No har eg fått ein postok-stilling. Eg er knytt til prosjektet IMAGINE ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Her ser me på menneske sine førestillingar om KI og haldningar til KI i journalistikk og nyheitsproduksjon, og på korleis den er forma av tidlegare mediebruk. 

Powered by Labrador CMS