Debatt ● Trude Bukve, Ann-Kristin Helland Gujord, Ingrid Gilje Heiberg og Esperanza Diaz

Er studentar med norsk som andre­språk uskikka til å bli sjukepleiarar?

At mange ungdomar med innvandrarbakgrunn ønskjer å bli sjukepleiarar, er godt nytt for oss som skal bli gamle i Noreg.

Å heve karakterkravet i norsk er eit upresist verkemiddel, med ein høg kostnad, skriv forfattarane. Medisinstudentane på biletet har ikkje noko med saka å gjere.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Arbeidsutvalet i Nasjonalt nettverk for skikkethetsansvarlige er bekymra for sikkerheita til pasientane. Dei peikar ut ei studentgruppe som den største trusselen: Studentar med kort butid i Noreg. 

I Khrono-saka blir dei framstilte ikkje berre som ein risiko for pasientar, men også som ei belastning for medstudentar. Årsaka er for svake norskferdigheiter. Desse «språkutfordringane» vil utvalet ta tak i ved å blant anna stilla krav til norskkarakter frå vidaregåande opplæring. 

Vi meiner utvalet bommar på verkemiddel og overser den breiare samfunnskonteksten.

Aller først vil vi rydde i eit par ting.

For det første, studentar med kort butid er ungdomar som har vore så kort tid i det norske skulesystemet at det ikkje er realistisk å gjennomføre same eksamen som dei andre elevane. Det er store likskapar mellom læreplanen for kort butid og den ordinære norskplanen — og det gjeld også eksamenen. 

Dette er ingen lett veg til ein god karakter i norsk. Læreplanen for kort butid er ikkje eit problem, men eit verkemiddel som gir nyankomne ungdomar ein reell sjanse til vitnemål og vidare utdanning.

For det andre, det er langt frå opplagt at språkferdigheiter høyrer til skikkaheitsvurderinga, slik Khrono-saka kan gi inntrykk av. Ferdigheiter i norsk er ikkje tydeleg uttrykt blant vurderingskriteria i forskrifta til universitets- og høgskulelova §7-3. 

Om dei som vurderer sjølve legg til og vurderer språkferdigheiter som eit ekstra kriterium, utover dei som allereie finst i forskrifta, er det høgst problematisk.

Til sjølve forslaget: Å heve karakterkravet i norsk er eit upresist verkemiddel, med ein høg kostnad: å stenge ute mange motiverte studentar, med alle slags språkbakgrunnar, også norsk, som kan fylle stillingar vi verkeleg vil trenge framover. 

Kommunale helse- og omsorgstenester, både i sentrale og rurale område, står i ei vedvarande og aukande bemanningskrise. Mangelen på kvalifisert helsepersonell svekker evna til å levere stabile og forsvarlege velferdstenester. 

Samstundes står vi overfor ei parallell samfunnsutfordring: å få personar som har kome til landet som flyktningar eller gjennom familiegjenforeining i arbeid, slik at dei kan bli økonomisk sjølvstendige. Denne gruppa har lågast sysselsettingsgrad og er oftare tilsett i deltids- og midlertidige stillingar.

At mange med innvandrarbakgrunn er motiverte for ei karriere innan helse og omsorg, er bra. Det vil også gi sikkerheit til ei pasientgruppe utvalet ikkje ser ut til å tenke på. Eldre innvandrarar nyttar i langt mindre grad helsetenester, heimebaserte tenester og sjukeheim. Språkbarrierar er ein reell terskel. 

Skal vi sikre likeverdige tenester og unngå at delar av befolkninga fell utanfor, treng vi ikkje berre fleire sjukepleiarar, men fleire med fleirspråkleg bakgrunn. Mangfald blant helsepersonell er ikkje ein trugsel, men ein styrke — med sosial og økonomisk gevinst på sikt.

Når studentdemografien endrar seg må utdanningane sette inn andre tiltak, ikkje stenge dørene for motiverte studentar. Vi bør arbeide målretta for studentar med norsk som andrespråk som vil bli sjukepleiarar, og før vi gjer det må vi ha meir kunnskap om kva tiltak det er behov for. 

Vi treng kunnskap om korleis språk fungerer som barriere i utdanninga for studentar — og korleis vi kan legge til rette for at ein utviklar dei norskspråklege ferdigheitene som er nødvendige for å fungere både i praksis og i arbeid etterpå. 

Ikkje minst må vi gjere både studentar og dei som utdannar sjukepleiarstudentar medvitne om at språk ikkje berre handlar om kommunikasjon, men også om pasientsikkerheit.

Vi skal ikkje senke dei faglege krava til studentane, men det er viktig at utdanningane anerkjenner at språklæring er, som all anna læring, ein prosess. 

Då må vi i høgare utdanning gi ekstra språkstøtte til dei som treng det. Språkbevisst undervisning styrkjer læringa for alle. Det er ingen motsetnad mellom å integrere språkopplæring i profesjonsutdanninga og å stille krav som sikrar kompetente yrkesutøvarar.

Skal vi løyse bemanningskrisa i helse- og omsorgstenestene og gi betre tilbod til eldre, også eldre med innvandrarbakgrunn, må utdanningane riggast slik at alle studentar får den språkstøtta dei treng for å bli trygge sjukepleiarar. At mange ungdomar med innvandrarbakgrunn ønskjer å bli sjukepleiarar, er godt nytt for oss som skal bli gamle i Noreg.

Powered by Labrador CMS