sende same søknad

Fekk botnkarakter av Forskings­rådet, men prestisje­stipend frå ERC

No tek professor Inger Skjelsbæk eit oppgjer med lotteriet forskingsfinansiering.

Forskingsrådet fann ikkje professor Inger Skjelsbæk sitt prosjekt støtteverdig, men det gjorde derimot Det europeiske forskingsrådet (ERC), som tildelte Skjelsbæk eit såkalla Consolidator Grant for akkurat det same prosjektet.
Forskingsrådet fann ikkje professor Inger Skjelsbæk sitt prosjekt støtteverdig, men det gjorde derimot Det europeiske forskingsrådet (ERC), som tildelte Skjelsbæk eit såkalla Consolidator Grant for akkurat det same prosjektet.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— At det at noko er «excellent» er noko ein augeblikkeleg kjenner igjen og veit kva er, og at det er noko som ikkje kan diskuterast, meiner eg ikkje er sant!

Det seier professor Inger Skjelsbæk ved Universitetet i Oslo (UiO).

Og ho kan bevise det.

To destinasjonar, same byggverk og idé

For i 2019 sende Skjelsbæk inn ein søknad på ein prosjektidé til programmet som den gong heitte FRIPRO (banebrytande forsking) i Forskingsrådet.

— Eg sende inn søknaden som ei slags øving, berre for å sjå. Eg synest ikkje søknaden var så veldig bra, seier Skjelsbæk.

Men prosjektet endte med å få snittkarakter 6 (kor 7 er den høgaste), og inga finansiering den gongen i desember 2019.

Skjelsbæk jobba vidare med prosjektideen og enda opp med å sende inn ein søknad til Det europeiske forskingsrådet (ERC) i starten av februar 2020.

— Det er første gong eg prøver meg på det, så eg rekna med at det ikkje kom til å gå, seier Skjelsbæk.

Ikkje mange månadane seinare, kom Forskingsrådet sin utsette frist i slutten av mai, og Skjelsbæk prøvde på ny med same prosjektidé som i 2019, til det som no heiter Forskerprosjekt for fornyelse.

— Eg måtte kutte litt på lengda i ERC-søknaden, men det kosta meg ikkje så mykje. Eg sende inn og meinte søknaden eg sendte inn i 2020 var mykje betre enn i 2019, seier Skjelsbæk.

— Tonen i kommentarane viste at den, eller dei, som vurderte ikkje synst at prosjektet hadde nokon verdi, seier Skjelsbæk om vurderinga ho fekk frå Forskingsrådet.
— Tonen i kommentarane viste at den, eller dei, som vurderte ikkje synst at prosjektet hadde nokon verdi, seier Skjelsbæk om vurderinga ho fekk frå Forskingsrådet.

Frå sin dårlegaste karakter til «excellent»

Overraskinga vart stor då tildelingane vart annonserte først frå ERC og seinare frå Forskingsrådet i desember.

Skjelsbæk ender opp med å få eit såkalla ERC Consolidator Grant og får nesten 19 millionar norske kroner for å forske på krigsbarn i Europa.

Frå Forskingsrådet derimot får den meir eller mindre same søknaden som gjekk til ERC snittkarakter 4 og inga finansiering. Denne karakteren viser at Forskingsrådet ikkje vurderer prosjektet som støtteverdig.

— Det er den dårlegaste karakteren eg nokon gong har fått frå Forskningsrådet. Tonen i kommentarane viste at den, eller dei, som vurderte ikkje synest at prosjektet hadde nokon verdi, seier Skjelsbæk, som har vore i dette finansierings-«gamet» i over 20 år, blant anna i mange år ved fredsforskingsinstituttet PRIO og no ved UiO.

Korleis kunne det europeiske forskingsrådet og det norske forskingsrådet kome fram til stikk motsette konklusjonar?

Trygg på at det er ein rettferdig prosess

Områdedirektør i Forskingsrådet, Fridtjof Fossum Unander, ønskjer ikkje å kommentere Skjelsbæk sitt prosjekt, men svarer slik når Khrono spør om korleis dei kan vere trygge på at dei har laga ein rettferdig prosess når dei får høyre om historia til Skjelsbæk:

— At fagfellevurdering ikkje er ein objektiv vitskap er ingen hemmelegheit – det vil alltid vere slik at enkelte fagekspertar vektlegg enkelte aspekt på ein annan måte enn andre. Difor har Forskingsrådet ei prosedyre på at fagekspertane som går gjennom søknadane, først gjer individuelle vurderingar, før ekspertane samlar seg og i felleskap går gjennom søknadane som er vurdert over eit visst nivå, skriv Unander i ein e-post.

Områdedirektør Fridtjof Fossum Unander i Forskingsrådet seier han er trygg på at dei har laga ein så rettferdig prosess som mogleg.
Områdedirektør Fridtjof Fossum Unander i Forskingsrådet seier han er trygg på at dei har laga ein så rettferdig prosess som mogleg.

Men koronapandemien førte til endringar i vurderingsprosessen i 2020, fortel Unander. Rundt 30 prosent av søknadane gjekk ikkje vidare til behandling i eit samla panel.

— Kva slags søknader som skulle behandlast i eit samla panel, vart bestemt etter førehandsdefinerte kriterium basert på ekspertane sine individuelle vurderingar av søknadane, skriv han.

Etter at fagekspertane har gjort si vurdering, gitt karakterar og kommentarar, så er det til slutt dei 200 uavhengige porteføljestyre-medlemmane i Forskingsrådet, som tek den endelege avgjerda om kven som får tildelt forskingsfinansiering, skriv Unander.

— Vi er dermed trygge på at vi har laga ein så rettferdig prosess som mogleg, skriv områdedirektøren.

— Vi skulle hatt eit excellence-fritt år

Frå ERC fekk professor Skjelsbæk vurderingane frå alle dei seks personane som hadde vurdert søknaden.

— Så no har eg åtte vurderingar (to frå Forskingsrådet, i 2019 og 2020 og seks frå ERC, journ. anm.) på den i all hovudsak same søknaden. Den er ikkje identisk, men det er same byggverk og idé. Og vurderingane sprikar altså frå karakteren fire til at dette er «outstanding» og «excellent», seier Skjelsbæk.

Opplevinga gjorde at professoren tok tastaturet fatt og skreiv eit lengre Facebook-innlegg om saka, veka etter Forskingsrådet sine tildelingar.

250 har så langt likt innlegget, medan nærare 100 personar har kommentert.

— Grunnen til at eg skreiv innlegget var for det første for å fortelle folk at dei ikkje burde legge for mykje arbeid i slike søknader, det synst eg ikkje er lurt. For det er litt lotto dette her, seier Skjelsbæk.

For det andre, skreiv Skjelsbæk innlegget for å ta eit oppgjer med «excellence».

— Denne excellence-greia altså. Vi må slutte å late som at det er så openbert. Vi skulle hatt eit excellence-fritt år. Det kan jo hende at både dei som gav meg toppscore og lågast score har rett begge to, seier Skjelsbæk. Ho legg til:

— Eg har observert at enkeltindivid får denne statusen og at alt dei gjer dermed er bra. Leiinga rundt omkring dyrkar fram desse såkalla excellence-miljø, folk dei har tru på. Men eg trur ikkje leiinga alltid veit kven folk rundt omkring er. Eg trur bransjen på denne måten går glipp av mange talent.

— Omgi deg med folk som bygger deg opp

Skjelsbæk meiner også at det overdrivne fokuset på «excellence» bidreg til å ta vekk mykje av begeistringa rundt forskinga.

— Eg trur det er viktig å få fram for alle yngre forskarar, til alle som verkeleg vil noko med det dei jobbar med. Stå på og ha trua på at det du gjer har ein verdi. Når ein overdriv betydninga av excellence, tek ein vekk fokuset frå begeistringa, åtvarar Skjelsbæk.

Og det er avgjerande i begge endar, ifølgje Skjelsbæk.

— Pass på å ha det bra der du er og omgi deg med folk som bygger deg opp og ikkje ned, rår professor Skjelsbæk alle som står i finansieringskampane.
— Pass på å ha det bra der du er og omgi deg med folk som bygger deg opp og ikkje ned, rår professor Skjelsbæk alle som står i finansieringskampane.

— Begeistringa må synest i teksta når du skriv søknader. Har du flaks er det god kvalitet og begeistring i andre enden også, blant dei som skal vurdere søknadane dine. Og det er heilt avgjerande, seier Skjelsbæk.

Professoren sin siste kjepphest, og tredje grunn til å skrive Facebook-innlegget, er ei påminning til alle som står i finansieringskampane.

— Særleg dei yngre forskarane som skal inn i denne bransjen, om det er på eit institutt eller på universitet eller høgskule: Du blir vurdert absolutt heile tida. Det er slitsomt. Og desse vurderingane sprikar. Å ha eit hyggeleg arbeidsmiljø er kjempeviktig for å halde ut. Pass på å ha det bra der du er og omgi deg med folk som bygger deg opp og ikkje ned, seier Skjelsbæk.

Forskingsrådet: Har handplukka ekspertane

Fridtjof Fossum Unander i Forskingsrådet avviser at systema som avgjer finansiering av forsking er vilkårlege.

— Mange vil lese dette og tenke at det er svært vilkårleg kven som får tildeling og ikkje. Korleis sørger Forskingsrådet for at tildelingane ikkje er vilkårlige?

— For å gi kvar søknad ei så grundig behandling som mogleg har vi handplukka meir enn 700 internasjonale fagekspertar til å vurdere søknadane, og kva slags prosjekt som får finansiering blir bestemt av om lag 200 uavhengige medlemmar i våre styre – dette gjer at vi har eit godt system for å finansiere dei beste prosjekta, og at det ikkje er vilkårleg kva slags prosjekt vi investerer i. Vi er trygge på at dei prosjekta som får finansiering er svært gode, men det er andre gode prosjekt som kunne ha blitt finansiert dersom det hadde vore tilstrekkeleg med pengar, svarer områdedirektør i Forskingsrådet, Fridtjof Fossum Unander.

Powered by Labrador CMS