finansiering av høgare utdanning
— Filosofar meir relevante enn på lenge
Leiar av Stortingets utdanningskomite, Roy Steffensen (FrP) «tror ikke mange har ropt etter filosofer de siste to månedene» og vil prioritere helsearbeidarar. Ei kortslutning, svarar lege og etikkprofessor.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
«Relevant arbeid» etter studia som nøkkel til finansiering og prioritering av fag i høgare utdanning. Det er eitt av krava i forslaget til endra finansieringsmodell for universitets- og høgskolesektoren som Framstegspartiet har foreslått – og no fått fleirtal for med støtte frå Senterpartiet og Arbeidarpartiet.
Les også: Direkte sjokkerende
Leiar i Stortingets forskings- og utdanningskomite, Roy Steffensen, har forsvart forslaget med å vise til «arbeidslivets behov» og at skattebetalarane bør få noko igjen for pengane, så lenge utdanning er gratis i Noreg. På spørsmål frå Aftenposten om dette kan føre til at vi utdannar færre filosofar, statsvitarar og idéhistorikarar i Noreg, svarar Steffensen:
— Eg trur ikkje mange har ropt etter filosofar dei siste månadene. Ein har ropt etter helsearbeidarar, seier Steffensen.
Lege og professor i medisinsk etikk ved Universitetet i Bergen, Ole Frithjof Norheim, kallar påstandane ei kortslutning – det gir lite meining å setje behovet for helsearbeidarar opp mot behovet for filosofar, meiner han.
— Vi vil trenge både helsepersonell og filosofar framover, seier han.
— Kven skulle få respirator?
— Vi står overfor store samfunnsutfordringar der vi treng kunnskap og perspektiv frå helsepersonell og helseforskarar, men også etiske perspektiv om kva som er dei rette avgjerslene. Filosofifaget er viktig i denne samanhengen, seier Norheim.
Norheim er også leiar av Bioteknologirådet og direktør i Bergen Senter for etikk og prioritering, som arbeider med prioriteringsspørsmål og kompliserte vegval i helsevesenet. Han har sjølv doktorgrad både i medisin og filosofi.
Ifølgje Norheim viser pandemien som har ramma verda dei siste to månadene nettopp behovet for filosofar med etisk kompetanse.
— Det krevst ein ganske brei og omfattande diskusjon om prioriteringar og val i helsesektoren. I Italia måtte ein for eksempel velje kven som skulle få respirator, fordi tilgangen var avgrensa. Dette krev etiske vurderingar. Vi har hatt tilsvarande diskusjonar i Noreg under førebuingane til pandemien, seier Norheim.
Den raske utviklinga vi i dag ser mellom annan innan digital teknologi og bioteknologi, forsterkar ifølgje professoren behovet for etikarar og skulerte filosofar.
— Filosofar er meir samfunnrelevante enn på lenge, seier han.
Viktig FrP-siger
Fleire har vore sterkt kritiske til innstillinga frå FrP, Sp og Ap etter at det var kjent onsdag, blant dei Universitetet i Oslos rektor Svein Stølen, som i Khrono kalla forslaget for «direkte sjokkerende» og frykta at dette særleg kan gå utover dei humanistiske faga.
Leiar i Universitets- og høgskolerådet, Dag Rune Olsen, som også er rektor ved Universitetet i Bergen trur heller ikkje måling av «relevans» av studia opp mot kva jobb studentar måtte få etterpå, er realistisk – og heller ikkje hensiktsmessig.
— Å ikkje ha eit snevert syn på kompetanse er utruleg viktig for innovasjon. Tar ein eit for lite kunnskapsspekter inn i næringslivet vår, vil vi tape i ei verd med høg endringstakt, sa Olsen, som kalla forslaget «lite gjennomtenkt.
Ap og Sp sikrar saman med FrP fleirtal i Stortinget for kravet om incentiv-ordning basert på måling av kva arbeid studentane får etter dei er ferdige. Kravet er eit tillegg til den såkalla Kompetansereformen.
Til Khrono har stortingskomite-leiar Steffensen gitt uttrykk for at incentiv-ordninga er ein viktig siger for FrP i utdanningspolitikken, etter at det tidlegare ikkje har lykkast å sikre fleirtal for forslaget.
— Viktig rolle i helsevesenet
Lege og filosof Ole Frithjof Norheim ser derimot ingen grunn til å glede seg over planen frå dei tre partia på Stortinget. Han seier han ikkje ønskjer å gå inn i nokon polemikk med Steffensen eller andre politikarar i utdannings- og forskingskomiteen om finansieringsordningar.
— Det eg kan seie, er at filosofar er verdifulle, og at dei spelar ei viktig rolle, også i helsevesenet. Vi veit aldri når vi får behov for den beredskapen vi har trengt i det siste, seier Norheim.
Derfor, meiner han, bommar Steffensen når han formulerer det slik at samfunnet ikkje ropar på filosofar, men heller bør prioritere helsearbeidarar.
– Filosofen og helsearbeidaren kan fort vere ein og same person, seier Norheim.
Nyeste artikler
«Prosessane er lukka, og ein får ei katastrofekjensle»
Mange positive utviklingstrekk i den norske universitets- og høyskolesektoren
Venstre frykter at Norge havner på B-laget i forskning
— Det hadde vore ein draum å få Maria Toft som statsråd
Doktor først, verdensmester i jiu-jitsu etterpå
Mest lest
Fem personer har sluttet på kort tid i prestisjeprosjekt
Bekymret over norske politikeres lave utdanning
Han underviser for tomme saler. Vil ha studentene tilbake på campus
Svindlerne fikk napp hos Sintef. 9 av 25 ga fra seg passord
Professor trekker seg i protest: —Kommer ikke til å være høflig og hyggelig mot Elon Musk