Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
Dradsdømt tok doktorgrad
Ingen stilte spørsmål om forskingsetikk då den tidlegare drapsdømte filosofen Andreas Ribe-Nyhus disputerte for doktorgraden onsdag.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Fleire har i Khrono stilt spørsmål kring forskingsetikken i Ribe-Nyhus doktorgradsprosjekt, der han med grunnlag i eigne erfaringar i fengsel drøftar straff og soning i det norske retts- og fengselssystemet. Men under disputasen onsdag var forskingsetikk ikkje tema, og vart heller ikkje nemnt, verken av førsteopponent, professor Hedda Giertsen, eller andreopponent, professor Uffe Juel Jensen.
Heller ikkje frå tilhøyrarar, såkalla ex auditorio, kom det spørsmål av noko slag.
Under disputasen onsdag fekk Ribe-Nyhus ros for å ha tilført kriminologien viktig kunnskap, mellom anna frå førsteopponenten. Førsteoppononent Giertsen kommenterte Ribe-Nyhus' personlege inngang til stoffet — det at han har brukt seg sjølv som «kjelde» i forskinga.
— Det eg synest pregar denne avhandlinga, er at ho får fram den sosiale og menneskelege delen av kva det vil seie å sitje i fengsel. I dei fengselspolitiske og administrative skildringane er dette totalt fråverande.
— Nesten grenselaust ærlig og grundig, var ein av karakteristikkane frå Giertsen.
Ribe-Nyhus vart dømt for forsettleg drap under særs skjerpa omstende i 2011 etter å ha tatt livet av ein mann med øks. Kort tid etter starta doktorgradsarbeidet frå fengselet under rettleiinga av professor Anders Lindseth ved Senter for praktisk kunnskap ved Nord universitet. Ribe-Nyhus har hevda at drapet vart gjort i nødverje, eller i ein «trusselsituasjon». Dette kjem også fram i framstillinga i avhandlinga.
Rettsinstansane festa derimot ikkje lit til denne forklaringa.
Ribe-Nyhus vart lauslauten frå fengsel i fjor, etter å ha sona ni år og fire månader, den første tida i høgrisikofengsel.
Ifølge etikkekspert i det europeiske forskingsrådet (ERC), Anne Inger Helmen Borge, er det at ein drapsdømt er si eiga kjelde til forskinga, berre ti år etter dommen fall – grunn nok i seg sjølv til å diskutere grundig om prosjektet er etisk forsvarleg.
— Det er ingen tvil om at dette arbeidet er i ei forskingsetisk gråsone, sa Borge til Khrono.
Også professor i filosofi og leiar av Forskingsetisk utval ved Universitetet i Oslo, Bjørn Torgrim Ramberg, stilte i Khrono kritiske spørsmål om det er gjort tilstrekkelege forskingsetiske vurderingar i prosjektet.
Ribe-Nyhus sjølv og rettleiaren hans, professor Anders Lindseth, har hevda at det ikkje er grunn til å ta ekstra forskingsetiske atterhald i prosjektet. Innhaldet i prosjektet har ikkje vore kjent for leiinga ved Nord universitet.
Nylige artikler
Når det er krig i Europa, må forskningspolitikken endres
Unge forskere vil ha tydeligere skille mellom jobb og fritid
Eksamener avlyst på grunn av datainnbrudd
28 søkere ønsker å bli ny kommunikasjonssjef på Universitetet i Oslo
NTNU har fordømt 7. oktober-terroren, men styrer ikke hva ansatte mener
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Geir Anton Johansen (1960 — 2026)