eksportkontroll

Frustrert over lang saks­behandlings­kø: Må venta mange månader på  utanlandske forskarar 

Den lange saksbehandlingstida kan gjera at Noreg mistar gode forskarar, åtvarar professor Nils Halberg.

Det er fort gjort å tenkja i retning av at «ok, eg har ein veldig god kandidat frå Kina. Men eg har òg ein kandidat som ikkje er fullt så dyktig, men som kan starta i løpet av eit par månader», seier UiB-professor Nils Halberg.
Publisert Oppdatert

— Dette er ein stoppekloss.

Professor Nils Halberg sukkar. Institutt for biomedisin ved Universitetet i Bergen ventar på fleire internasjonale forskarar.

Halberg har dei siste åra fått store summar i eksterne midlar frå både Forskingsrådet og Kreftforeningen. Nokre av pengane går til å tilsetja forskarar. Men det tek tid å få dei på plass.

— Eg har no venta i tre månader på ein kinesisk forskar. Ein annan ved instituttet har venta frå januar. For min eigen del har perioden for dei første åtte millionane starta, så eg har bede Kreftforeningen om få utsetja oppstart, seier Halberg.

UD: — Klar over at det tek tid

Khrono har fleire gongar tidlegare skrive om internasjonale forskarar som må venta lenge før dei får klarsignal til å reisa til Noreg. Khrono har òg skrive om forskingsinstiuttet Norce som seier nei til å tilsetja forskarar frå såkalla raude land som Kina, Iran og Russland.

Klarsignalet til å reisa til Noreg kjem for nokre av forskarane i to rundar: Først må dei vurderast etter eksportkontrollforskrifta. Deretter må dei søkja UDI om opphald. 

Forskarane som Halberg og kollegaene hans no ventar på, er i første del  av løpet. Sakene deira står i kø hos Utanriksdepartementet (UD). Der er det forståing å henta, men ingen løfter om kortare ventetid.

— Me er klar over at det har vore lang saksbehandlingstid, skriv pressetalsperson Siri R. Svendsen i e-post til Khrono.

Ho seier at UD har stor forståing for at institusjonane ønskjer raske svar, og at regjeringa òg er oppteken av tempo i saksbehandlinga.

— Avhengig av saka sin karakter kan det ta lenger eller kortare tid før ho vert ferdigbehandla.

Kunnskapsoverføring

Det handlar om kunnskapsoverføring. I PST si siste trusselvurdering, heiter det at «norske forsknings- og utdanningsinstitusjoner vil utnyttes til ulovlig kunnskapsoverføring. Aktører knyttet til Russland, Kina, Iran og Pakistan vil representere en særskilt utfordring».

Om kontroll av kunnskapsoverføring skriv regjeringa at «i praksis vil regelverket først og fremst komme til anvendelse ved behandling av søknad om opptak eller ansettelse av studenter, doktorgradsstipendiater og forskere fra land underlagt eksportrestriksjoner eller fra land hvor det er begrunnet mistanke eller konkret informasjon om bekymringsfulle aktiviteter knyttet til utvikling og bruk av MØV og deres leveringsmidler».

UD opplyser i ein e-post til Khrono at når det gjeld utdanning, er det først og fremst utdanning på doktorgradsnivå som er omfatta av regelverket.

Så mange som har fått jobb i Noreg ventar hos UDI

Iran7
USA6
Kina6
Andre23
*UDI seier at omlag 28 av dei 42 er tilsett i forskarstillingar

Kjelde: UDI

Redd for å mista dei beste

Professor Nils Halberg viser fram ein sentrifuge. Den vert brukt til forsking knytt til hans forskingsfelt, som er kreft.

— Men det er visstnok slik at dersom ein har dei rette kjemikaliane og dei rette instrumenta, kan ein bruka denne til noko som står på eksportkontrollista, seier han.

Som Khrono har skrive før, er ei ny forskrift om eksportkontroll utsett. Det kom reaksjonar då forslaget til forskrift vart sendt på høyring våren 2022. Der heitte det at borgarar frå eit «begrenset antall land» må søkja om individuelle lisensar dersom ein skal forska på noko som kan brukast i militær samanheng. På lista over land står mellom anna Russland og Iran.

Halberg er uroa over konsekvensane av den lange saksbehandlingstida. Han peikar på to forhold:

— Eg er uroa over at gode forskarar skal verta leie av å venta og finna seg ein annan jobb når det tek så lang tid å få svar. Då misser Noreg gode forskarar, seier Halberg.

— I tillegg kan ventetida gjera noko med rekrutteringa. Ein tenkjer fort i retning av at «ok, eg har ein veldig god kandidat frå Kina. Men eg har òg ein kandidat som ikkje er fullt så dyktig, men som kan starta i løpet av eit par månader».

Når Khrono spør om kor mange saker som er til behandling, viser UD til tausheitplikt. Dei vil ikkje opplysa verken om talet på saker eller om kva institusjon dei er knytt til.

Professor Nils Halberg forskar mellom anna på samanheng mellom fedme og kreft. Sentrifugen til høgre for han er viktig i forskinga hans, men kan òg visstnok brukast til andre ting — som gjer at forskingsfeltet kjem inn under ekspotrkontrollregelverket.

130 ventar på svar frå UDI

Dersom ein forskar vert godkjent etter eksportkontrollregelverket, må dei følgja opp med å søkja om opphaldsløyve i Noreg.

Khrono har bede UDI om ei oversikt over kor mange forskarar som no ventar på opphaldsløyve i Noreg: Svaret er om lag 130.

Dei knappe 30 første er personar som har fått fast stilling i Noreg. Dei andre er personar som ikkje er tilsett av ein norsk arbeidsgivar, men som har eksterne midlar.

— Desse får som regel ein invitasjon til å forska ved eit norsk universitet, høgskule, institutt eller liknande, opplyser UDI si presseteneste i ein e-post til Khrono.

Opphald der ein skal finansiera sjølv, så mange ventar hos UDI

Kina20
USA16
Pakistan10
India8
Iran8
Brasil5
Andre35

Kjelde: UDI

Sidan alle som søkjer opphaldsløyve må kunne visa at dei har økonomiske midlar til å klara seg i Noreg, kan desse fylla kravet anten med løn frå utanlandsk arbeidsgivar, stipend frå utlandet eller Noreg, eigne pengar på konto eller ein kombinasjon av desse.

— På nettsidene våre seier me at saksbehandlingstid er fire månader, men me ser at median ventetid er 85 dagar. Nokre saker kan ta lenger tid fordi dei krev meir undersøking, opplyser UDI si presseteneste.

Universitetet i Bergen har ti forskarar i den siste gruppa. Universitetet i Oslo har flest, med 18, medan NTNU har 16. 

Ser ein på den første gruppa, dei som har fått stilling ved ein norsk utdanningsinstitusjon, ventar NTNU på 11, Universitetet i Oslo på 10 og UiB på 8. 

Powered by Labrador CMS