Min doktorgrad

Skulestreik for klimaet framfor Stortinget. Dei unge sine haldningar til klima er lite representert blant dei som har makt, finn Mari Skåra Helliesen i sitt doktorgradsarbeid.

Frykta at ho ikkje var flink nok

— Eg kjende tidvis på at eg ikkje visste kva eg dreiv med, seier Mari Skåra Helliesen. Ho har forska på klima og representasjon.

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Mari Skåra Helliesen (33)

  • Har levert avhandlinga « Representative democracy and climate change»
  • Disputerte ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen 9. juni

— Eg hadde skrive om haldningar til klimaendringar i masteroppgåva mi, og syntest det var både gøy og spanande. Eg ville gjerne halda fram med dette temaet. Først var eg tilsett som forskar i Yvette Peters sitt prosjekt om politisk ulikskap og representasjon, og etter det fekk eg ei stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen. Dette var ei opa stilling, men skulle vera knytt til eit av UiB sine satsingsområde. Då valde eg å kopla temaet klimaendringar saman med representasjon.

— Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?

— Eg har sett på representasjon og klimapolitikk. Kor representativt er demokrativet og kven er best representert? Vidare har eg sett på om det representative demokrativet fungerer når det kjem til klimapolitikk og på om dei folkevalde er samstemde med folket. Eg har òg sett på om nokre grupper er betre representert enn andre. Då har eg sett på både alder, kjønn, utdanning og region.

— Kva finn du?

— Eg har nytta surveydata frå Representantpanelet der alle folkevalde vart inviterte til å svara, og kopla dette med surveydata frå Medborgarpanelet ved UiB. Eg finn at unge (i denne samanhengen dei under 40) og kvinner sine haldningar til klimapolitikk er dårleg representert. Ein veit at unge og kvinner er meir opptekne av klima enn andre, så dette kan vera eit teikn på at dersom ein hadde hatt fleire unge og fleire kvinner i folkevalde organ hadde det skjedd litt meir som var pro klima.

Eg hadde nok litt imposter syndrome i periodar.

Mari Skåra Helliesen

— Kva har vore mest krevjande undervegs i doktorgradsperioden?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Det er eit langt løp, og det svingar — både med motivasjon og inspirasjon. Innhaldet vart litt til medan eg gjekk, eg kjende tidvis på at eg ikkje visste heilt kva eg dreiv med. Eg hadde nok litt imposter syndrome i periodar.

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— Nei, eg har ikkje angra, heller ikkje i dei periodane eg kjende på imposter syndrome.

— Kom du i mål til normert tid?

— Ja, med litt forlenging.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Det vert meir forsking. Eg har mykje data som er samla inn og som eg har byrja å analysera. Eg er òg med på eit prosjekt med data frå 13 ulike land. Eg har fått jobb i forskingsinstituttet Norce og byrjar i jobb der til hausten.

Powered by Labrador CMS