Min doktorgrad

På feltarbeid i Reinfjord i Troms og Finnmark i 2019, like før Alf André Orvik starta som stipendiat.

— Ikkje berre ein dans på roser å ta doktorgrad

Han mista den daglege kontakten med forskingsmiljøet, og laga seg ei liste med spørsmål før han tok kontakt med rettleiarane. Alf André Orvik vart pandemistipendiat.

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Alf André Orvik (32)

  • Har levert avhandlinga «Magmatic evolution of the Gállojávri ultramafic intrusion, Norway - implications for the formation of magmatic sulphide deposits in the Karasjok Greenstone Belt»
  • Disputerte ved Fakultet for ingeniørvitskap ved NTNU 12. april

— Eg er geolog med mastergrad i berggrunns- og ressursgeologi, og var veldig bestemt på at eg ville ta doktorgrad. Emnet var litt tilfeldig, og prosjektet endra seg òg i løpet av det første året. Norges geologiske undersøkelse (NGU) hadde eit prosjekt, og eg fekk rettleiing der.

— Kan du presentera prosjektet i korte trekk?

— Eg har sett på magmatisk utvikling i grønsteinsbeltet i Karasjok. Magma er det som vert skapt langt nede i grunnen, ein vulkan er på toppen, men eg har sett på korleis magmaen bevegar seg i skorpa opp mot overflata. I slike strøymingssystem er det ofte eit potensial for ulike metall. Her har industrien vore og leita etter metall, men det er ikkje gjort noko akademisk arbeid. Dette grønsteinsbeltet vart danna for milliardar av år sidan då kontinentalskorpa vart riven opp. Det finst fleire slike belte, og dette går frå norskekysten og vidare inn i Finland til Russland. I Finland har ein funne mykje metall og ein har gruvedrift fleire stader. Det er òg gjort mykje forsking på finsk side. Eg har no sett på korleis magmatiske kroppar i grønsteinsbeltet på norsk side ser ut til å vera ein del av eit røyrsystem som fraktar magmaen oppover. Eg har etablert ein modell for korleis dette systemet vart danna og korleis det passar inn i relasjon til finske modellar.

Eg laga meg som regel ei liste med ting eg lurte på før eg tok kontakt.

Alf André Orvik

— Kva finn du?

— Eg finn at alderen på magmaen på norsk side er som i Finland, og det ser ut til å vera like prosessar. Det betyr at det kan vera potensial for førekomstar òg på norsk side, tilsvarande til det ein ser i Finland.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva har vore mest krevjande undervegs i doktorgradsperioden?

— Eg har vore koronastipendiat. Det betyr at eg har fått lite røynsle med konferansar og sjansen til å modnast som forskar har vore avgrensa. Eg har hatt supre rettleiarar, som har vore tilgjengelege på både telefon og Teams, men eg har kjent på at eg ikkje ville masa for mykje. Så eg laga meg som regel ei liste med ting eg lurte på før eg tok kontakt.

— Kom du i mål til normert tid?

— Eg vart covid-forseinka med fire månader, men fekk forlenga stipendiatperioden.

— Har du angra på at du gjekk i gang med doktorgrad?

— Nei, ikkje no, no veit eg jo at det gjekk bra. Men det har vore mykje stress og svevnlause kveldar — ikkje berre ein dans på roser!

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Det vart akademia, no er eg tilsett som forskar hos Norsk geologisk undersøking. Eg var òg så heldig å få pris undervegs, det var veldig hyggeleg. Eg fekk Norsk Geologisk Forening sin pris for unge forskarar under 36 år, som har heva kunnskapen om eit geologisk emne. Det er eg veldig stolt av!

Powered by Labrador CMS