Min doktorgrad

Ein del av Knut Asbjørn Rise Langlo sitt doktorgradsprosjekt var å undersøka oksygenopptak hos pasientar med både hjarte- og nyresvikt. Pasientane skulle trena heime hos seg sjølve.
Ein del av Knut Asbjørn Rise Langlo sitt doktorgradsprosjekt var å undersøka oksygenopptak hos pasientar med både hjarte- og nyresvikt. Pasientane skulle trena heime hos seg sjølve.

Lærte å jobba på ny måte: — Som lege kjem arbeidsoppgåvene til meg

Knut Asbjørn Rise Langlo synest det er så kjekt at han ikkje vil kutta legeyrket. Men han vil gjerne forska i tillegg.

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Knut Asbjørn Rise Langlo (45)

  • Har levert avhandlinga «Clinical aspects of cardiorenal syndrome: Evaluation of exercise in a randomized clinical heart failure study and identification of biomarkers in an experimental model of severe hypertension»
  • Disputerte ved Fakultet for medisin og helsevitenskap ved NTNU 9. september 2022

— Eg er utdanna lege, og jobbar med nyresviktpasientar. Då eg byrja å snusa på forsking, var eg nyfiken på effekten av trening for pasientar med dårleg nyrefunksjon. Men så dukka det opp eit prosjekt knytt til pasientar med hjartesvikt. Det søkte eg på, og fekk dermed høve til å forska på pasientar med hjartesvikt, som òg hadde svekt nyrefunksjon. Dette vert kalla kardiorenealt syndrom.

— Kan du kort presentera prosjektet?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Eg har hatt tre tema. I eit dyreforsøk undersøkte eg rotter med alvorleg høgt blodtrykk, og såg etter samanhengar mellom organskadar frå blodtrykket og sirkulerande mikroRNA, som er små molekyl. I ein klinisk studie av hjartesviktpasientar undersøkte eg ein heimebasert treningsintervensjon med intervalltrening via nettbrett. Treninga blei gjennomført to gongar i veka i tre månader. Der undersøkte eg både gjennomføringsgrad og effekt av treninga etter eit halvt år etter randomisering. Vidare undersøkte eg samanhengar mellom hjartesjukdom og nyresjukdom, altså kardiorenale samanhengar, og samanlikna kondisjonen hos pasientar med normal nyrefunksjon med pasientar med nedsett nyrefunksjon.

— Kva finn du?

— I dyreforsøket fann eg ei lang rekke mikroRNA som var assosiert med organskadar etter høgt blodtrykk. Enkelte var felles for fleire ulike organskadar, andre var berre assosiert med enkelte organskadar.

Pasientgruppa i hjartesviktstudien var 81 prosent menn, med ein gjennomsnittsalder på 68 år. Vanlegaste årsaka til hjartesvikt var hjarteinfarkt. Trening heime via nettbrett var gjennomførbart, men treninga gav ingen signifikant skilnad i oksygenopptaket mellom gruppene. Når ein såg nærare på nyrefunksjonen, hadde pasientar med nedsett nyrefunksjon dårlegare oksygenopptak. Etter seks månader var det også den gruppa som hadde dårlegast utvikling i oksygenopptaket

— Kva har vore mest krevjande undervegs?

— Det har nok vore opplæring i metodane, og spesielt dei periodane der metodane ikkje fungerer. I den kliniske studien hadde me i ein periode med trøbbel med ein app. I dyremodellen måtte eg først og fremst lære meg metodar. Det siste året av det kliniske forsøket vart påverka av pandemien, særleg fordi pasientane ikkje våga å koma til fysiske kontrollar. Elles har det vore ein heilt annan måte å jobba på. Som lege kjem arbeidsoppgåvene til meg, eg slepp å lura på kva eg skal gjera. Som forskar må ein i større grad finna ut sjølv kva ein skal gjera no og kva som er neste trekk.

Som forskar må ein i større grad finna ut sjølv kva ein skal gjera no og kva som er neste trekk.

Knut Asbjørn Rise Langlo

— Kom du i mål til normert tid?

— Eg har hatt delt stilling mellom NTNU og St. Olavs hospital, og brukte mindre enn seks år totalt. Så ja, i alle fall nesten.

— Har du angra undervegs?

— Nei, det har eg ikkje.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— No jobbar eg hundre prosent klinisk ved St. Olavs hospital, men eg håpar å kunna få ei delt stilling mellom St. Olavs hospital og NTNU. Eg har allereie hatt litt undervisning og deltek i fleire prosjekt på som pågår. Men det er altfor artig med klinikk til at eg vil droppa det heilt.

Powered by Labrador CMS