Min doktorgrad

Korleis kan ein seia noko om korleis menneske er som foreldre, før dei faktisk har fått vera foreldre? Det har Ida Benedicte Juhasz forska på.

— Viktig å halda auge på prisen ved å ta doktorgrad

Ho fekk ei stilling som vitskapeleg assistent. Då vart ikkje vegen så lang til stipendiatstilling for Ida Benedicte Juhasz.

— Kvifor vart det avhandling om akkurat dette emnet?

— Det er ei blanding av tilfeldigheiter og interesse, og ikkje relatert til masteroppgåva mi. Etter at eg hadde levert master fekk eg ei stilling som vitskapeleg assistent på naboinstituttet, knytt til forskingsmiljø som forska på velferd og barnevern. Eg plukka opp dette med foreldre i barnevernet, og syntest nyføddsakene var svært interessante. Så vart det lyst ut ei stipendiatstilling knytt til denne tematikken.

— Kan du kort skildra doktorgradsprosjektet?

Fakta

Ida Benedicte Juhasz (34)

  • Har skrive avhandlinga «Parenthood in the (Child) Welfare State – Legitimation of care orders and care rights in Norway »
  • Disputerte ved Institutt for politikk og forvaltning ved Universitetet i Bergen 4. november

— Eg har sett på dei sakene der barnevernet tek over omsorga for nyfødde. Det er ein eigen paragraf for dette i Barnevernlova, paragraf 4-8 2. ledd. Den seier at dersom det er overvegande sannsyn for at ein situasjon eller risiko for barnet, som nemnd i omsorgsovertakingsparagrafen § 4-12 første ledd ,vil oppstå dersom eit nyfødd barn flyttar heim til foreldra, kan det fattast vedtak om omsorgsovertaking før barnet flyttar heim. I dei sakene eg har sett på, har det vorte fatta eit akuttvedtak rett etter fødsel. Deretter har det vorte fatta varige vedtak når barna har vore mellom to og ti månader gamle. I desse sakene er det foreldre med ulike utfordringar: Tung psykisk helse-problematikk, vald, rus eller kognitive vanskar. I eit fleirtal av sakene har foreldra mista eller overført omsorg for barn òg tidlegare. Men eg har vore særleg oppteken av dei sakene der det ikkje er foreldreskap frå før å sjå til. Barnevernet kan ikkje fatta vedtak før barnet er fødd. Så korleis etablerer ein eit hypotetisk foreldreskap?

— Kva konkluderer du med?

— Eg har sett på 177 saker over ein femårsperiode, altså saker der det vart fatta varig vedtak. Det første eg har gjort, er å få til ei empirisk kartlegging. Fram til no har ein visst lite om desse sakene. Så har eg sett på korleis ein avgjer i saker der barnet er foreldra sitt første. Korleis gjer ein det når ein må fatta eit vedtak som handlar om ein framtidig risiko? Eg finn at helse-, sosial- og velferdshistorikken og-fungeringa vert sentral i vedtaka. Mange av dei som opplever omsorgsovertaking har og sjølv vore innom barnevernet, faktisk omlag halvparten. Til slutt har eg sett på korleis foreldre sjølv argumenterer i slike saker, og finn at dei brukar komplekse motargument som både rettferdiggjer, orsakar og rasjonaliserer foreldreskapet deira.

Barnevernet kan ikkje fatta vedtak før barnet er fødd. Så korleis etablerer ein eit hypotetisk foreldreskap?

Ida Benedicte Juhasz

— Kva har vore mest krevjande under stipendiatperioden?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Det har nok vore det ein kan kalla work-life-balance. Eg har hatt lyst til å gå inn i ei eiga boble, men så kan ein ikkje alltid det. Dette vart forsterka med periodar med heimekontor. Då forsvann alle strukturane, og det vart vanskeleg å halda fokus.

— Kom du i mål til normert tid?

— Eg gjekk seks månader over tida, i tillegg til to månader korona-forlenging.

— Har du angra på at du gjekk i gang med dette?

— Eg har tenkt på det Astrid Knutsdatter Lenvik sa om det å ikkje vera så flink lenger. Når konstruktiv kritikk og forbetring er «name of the game»... Men eg har vore i eit miljø der mange har forska på liknande emne, og eg har hatt ein rettleiar som har vore både tillitsfull og motiverande. I tillegg kjenner eg på at denne forskinga er viktig for praksisfeltet. Så nei, eg har ikkje angra på at eg gjekk i gang, men eg trur det er viktig å halda eit auge på prisen òg.

— Kva skal du bruka avhandlinga til?

— Det er eit godt spørsmål. Eg har fått fast stilling ved Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Bergen, og jobbar med undervisnings- og forskingstøtte. Eg ser at den kompetansen eg har er bra å ha der, og eg har i tillegg etterkvart litt forskingstid. Samstundes er det fint å kunne bidra til praksisfeltet og gjera synleg det støttebehovet desse foreldra og barna har.

Powered by Labrador CMS