Min doktorgrad

Ingfrid Veka underviser studentar som tek mat og helse-faget. På det store kjøkenet hos Høgskulen på Vestlandet sine lokale på Kronstad i Bergen lagar studentar frå fleire kull mat.
Ingfrid Veka underviser studentar som tek mat og helse-faget. På det store kjøkenet hos Høgskulen på Vestlandet sine lokale på Kronstad i Bergen lagar studentar frå fleire kull mat.

Ho var den tredje som tok doktorgrad innan sitt fagfelt

Mat og helse-faget er lite forska på. Ingfrid Veka har sjølv vore lærar i dette faget i grunnskulen, og no har ho tatt doktorgrad.

Doktorgradsavhandlinga handlar om mat- og helselærarane sine didaktiske praksisar.

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Ingfrid Veka (61)

  • Har levert avhandlinga «Mat – og helselærernes didaktiske praksiser. En casestudie på tre barneskoler»
  • Disputerte ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet 24. november 2022

— Eg har jobba ved lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet sidan 2013, og før det jobba eg i grunnskulen som lærar i mat og helse. Dette er eit fagfelt som det er lite forska på og der det ikkje har vore skrive doktoravhandlingar tidlegare. Eg søkte, og fekk, den første stipendiatstillinga i dette faget. Og dei siste tre åra har det vorte skrive tre avhandlingar innan mat og helse-faget

— Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?

— Eg har sett på mat og helse-lærarane sine didaktiske praksisar i faget og òg i skulemåltidet. Eg har hatt case-studium på tre barneskular og har observert lærarar i mat og helsefaget, i skulemåltidet og intervjua både lærarar og rektorar.

— Kva finn du?

— Strukturane og rammene for faget gjer at dei didaktiske planane vert komplekse. Det handlar både om lærerplanen, men òg om dei fysiske rammene. Når det gjeld kva elevane får laga av mat og ikkje, finn eg variasjonar. Men dette skuldast ikkje avgrensingar frå rektor, eg trur meir det skuldast ein fagkultur. Mat og helse-lærarar er vane med å vera nøysomme.

— Eg finn at rektor har stor påverknadskraft for korleis mat og helse-faget er. På barneskulen er det ikkje krav omfagfordjupning i faget, og det gjenspeglar korleis læreplanen vert oppfatta og operasjonalisert. Det er dessutan eit sprik mellom det lærerplanen seier og det som vert gjort i mat og helse-timane. Men det er ikkje lærarane sin feil, det handlar om rammene. Nokre av lærarane har til dømes med seg åtte elevar på kjøkenet, andre 23.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

Når det gjeld skulemåltidet, altså elevane sin matpause midt på dagen, finst det nokre rammer og strukturar som gir føringar.

— Tilrådinga er at matpausen skal vera tjue minutt, men det er vanleg å ha femten. I løpet av denne tida skal undervisning avsluttast, elevane skal rydda, henta mjølk og eta. Mange lærarar brukar skjerm som underhaldning medan elevane et, dei seier at det då vert meir ro i klasserommet.

— Skulemåltidet har retningslinjer, men eg finn at lærarane ikkje opplever at dei har ei profesjonsrolle under dette måltidet. Dei vert meir ein passiv deltakar. Dette er noko som bør løftast til nasjonalt nivå.

Det har ikkje vore slik at eg har vore på nippet til å fullføra, men det har kosta mykje.

Ingfrid Veka

— Kva har vore mest krevjande i arbeidet med doktorgraden?

— Det er mykje som har vore krevjande... Ein er jo i ei eiga boble. Men dersom ein så ikkje klarar å verta ferdig innan den tida ein har, er det krevjande å ferdigstilla avhandlinga i tillegg til vanleg arbeid. Ein har jo eit liv òg, og det er ikkje alltid det går på skinner. For meg strakk tida ikkje til, så eg vart ikkje ferdig til normert tid.

— Har du angra på at du gjekk i gang med dette?

— Ja, mange gongar, men like mange gongar har eg vore glad for at eg har fått gjera dette. Det har ikkje vore slik at eg har vore på nippet til å ikkje fullføra, men det har kosta mykje.

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— No har eg fått stilling som førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, og får då ein større forskingsprosent. Eg har fleire data frå doktorgradsarbeidet eg ikkje har skrive ut, og i tillegg har eg planar om fleire prosjekt.

Powered by Labrador CMS