Kunstig intelligens
Fryktar robotjuks — går tilbake til penn og papir
Fleire universitet i Australia er ferd med å innføre nye reglar for å hindre studentar å ta i bruk samtalerobotar og kunstig intelligens til eksamen.
Den mykje omtalte samtaleroboten ChatGPT, som er basert på kunstig intelligens (KI), er blitt spådd å snu opp ned på delar av forskings- og undervisingskvardagen. No tar fleire leiande australske universitet grep for å hindre eksamensjuks, skriv den britiske avisa The Guardian.
Blant universiteta som har innført nye reglar, er Universitetet i Sydney. Der heiter det no at å «generere innhald med bruk av kunstig intelligens» er ei form for juks.
Ei samanslutning av åtte av dei leiande forskingsuniversiteta i Australia har uttalt at dei har endra vurderingskriteria som følgje av den nye teknologien.
Ved Universitetet i New South Wales har undervisarar hatt «krisemøte» om korleis ein skal rette eksamen i år, og om regelverket er oppdatert med tanke på faren for plagiat, ifølgje The Guardian. Det er så langt berre oppdaga mindre alvorlege tilfelle av juks ved universitetet.
— Endrar radikalt
ChatGPT, som vart lansert i fjor haust av det amerikanske selskapet Open AI, er langt meir avansert enn tidlegare liknande verktøy. ChatGPT er allereie i stand til å skrive avhandlingar, dikt og løyse avanserte matematiske oppgåver i høgt tempo.
I Noreg har både Universitetet i Stavanger og Agder meldt at dei har avdekt bruk av ChatGPT i samband med eksamen.
Ein av dei som har varsla ein revolusjon i kjølvatnet av teknologien, er professor i medieinnovasjon, Peter Bae Brandtzæg.
— Det kjem til å radikalt endre måten vi skriv på, akkurat slik fotografiet gjorde, sa han i eit intervju med Khrono i desember i fjor.
Etter at Universitetet i Agder avdekte bruk av ChatGPT til eksamen, har institusjonen hatt seminar for tilsette om korleis ein bør stille seg til samtaleroboten. Universitet har så langt ikkje endra på regelverket.
— For tidleg
Det har heller ikkje andre forskings- og utdanningsinstitusjonar i Noreg gjort, så langt Khrono kjenner til.
— Det er for tidleg å seie korleis vi skal forhalde oss til dette, fordi vi ikkje har testa det opp mot reglane for fusk, uttalte prorektor for utdanning ved Universitetet i Stavanger, Astrid Birgitte Eggen.
Også i skulane er diskusjonen om bruk av samtalerobotar og kunstig intelligens venta å skyte fart. Førre veke melde amerikanske media at alle offentlege skular i New York forbyr bruk av ChatbotGPT.

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager