kortnytt

Gassalarm  Evakuerer Høgteknologi­senteret i Bergen 

Publisert Sist oppdatert

I Bergen har naudetatane rykkt ut til Høgteknologisenteret etter at det er kome meldingar om gassalarm. Det melder både BT og BA.

Ifylgje operasjonsleiar Ingrid Teigland Tepstad i politiet evakuerer dei bygget og brannvesenet undersøkjer området.

Vaktkommandør Trond Landaas i brannvesenet seier til BA at dei vart varsla etter at nokon kjende gasslukt i bygget.

(Ragnhild Bjørge / Khrono)

Powered by Labrador CMS