Min doktorgrad

Soldatar under militærøvinga Cold Response. Iselin Silja Kaspersen har forska på korleis institusjonen Forsvaret formar identiteten til dei som er i Forsvaret.

Gjekk over tida: — Eg er takksam for velferdsstaten

Iselin Silja Kaspersen sin eigne bakgrunn frå Forsvaret vart avgjerande då ho skulle bestemma tema for doktoravhandlinga.

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

— Eg har sjølv jobba i Forsvaret, så tema for avhandlinga er resultatet av spørsmål eg sjølv hadde stilt meg.

Fakta

Iselin Silja Kaspersen (38)

  • Har levert avhandlinga «On Soldiering. An Inquiriy into Soldier’s Identity Negotiations»
  • Disputerte ved Fakultet for samfunnsvitskap ved Nord universitet 21. juni

— Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?

— Eg har forska på korleis institusjonen Forsvaret er med på å forma identiteten til dei som er i Forsvaret. Eg har teke utgangspunkt i dei som jobbar i Forsvaret, nærare bestemt kadettar på Krigsskolen i Hæren, som vert tilsett med grad frå løytnant og opp etter utdanninga. Desse har ansvar for dei som kjem inn i Forsvaret, og er med på å bestemma kva kultur og identitet som vert representert. Studien min er kvalitativ og eg intervjua 24 kadettar.

— Kva finn du?

— Eg utforska korleis soldatane sin personlege moral vert sett til side til fordel for institusjonen sine krav, og på korleis dei kan gå med på å handla på vegner av institusjonen. Eg ser òg på korleis kvinner vert forma av haldningar som handlar om kjønn. Dette påverkar moglegheita deira til å varsla om både uetisk og ulovleg åtferd.

Soldatane skal i ytste konsekvens verta forma mot å ta liv.

Iselin Silja Kaspersen

Kaspersen nemner eit døme: Dersom ein kvinneleg soldat får beskjed om at ho ikkje treng bera så tungt fordi ho er jente, og seier ifrå om at ho ikkje syntest det var greitt, kan ein verta møtt av ein kommentar av typen «han ville berre hjelpa deg», kan det gjera at ein ikkje seier ifrå neste gong.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Menn som observerer kva kvinner opplever, og som seier ifrå om det, kan òg oppleva å verta sanksjonerte. Ein lærer seg kva som er innanfor og utanfor å seia. Soldatane skal i ytste konsekvens verta forma mot å ta liv. Men å ytra at ein meiner ein ikkje skal ta liv langt unna, i internasjonale operasjonar, er ei haldning ein får vita at ikkje høyrer heime.

— Kva har vore mest utfordrande med doktorgradsperioden?

— Livet skjer ved sidan av, og det er ikkje alltid ein rekk å få gjort ting når ein tenkte ein skulle få gjort dei. I tillegg har eg forska på ein veldig utforskande måte, så eg måtte læra meg å stola på prosessen og på at eg skulle koma ut på den andre sida med noko interessant.

— Har du angra på at du gjekk i gang med doktorgrad?

— Nei, eg har ikkje angra, sjølv om eg ikkje kom i mål til normert tid — eg gjekk eit halvt år over tida og er takksam for velferdsstaten!

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Eg er seniorforskar ved Nordlandsforsking, med kontor i Bodø. Eg fekk jobb her før eg hadde disputert.

Powered by Labrador CMS