Alle elevar og studentar har behov for å sjå språket sitt i bruk, uansett om dei går på ein offentleg eller privat skole, skriv Gunnhild Skjold. Private høgskolar, som Handelshøyskolen BI, er ifølgje Målungdommen ikkje underlagt dei same krava til språkbruk. Foto: Ragnhild Vartdal

No må dei språklege rettane privatiserast

Målform. Det er problematisk at ein mistar dei språklege rettane sine om ein vel ein privat høgskole, skriv leiar Gunnhild Skjold i Norsk Målungdom.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Elevar på offentlege skolar har rett til å få eksamen, lærebøker og undervising på språket sitt, mens studentar ved offentlege universitet og høgskolar har rett til å få eksamen på språket sitt.

Alle elevar og studentar skal ha dei same språklege rettane, uavhengig av val av utdanningsinstitusjon.

Gunnhild Skjold

Desse rettane har ikkje elevar og studentar ved private skolar og høgskolar. Det meiner vi i Norsk Målungdom er for dårleg. Vi meiner at alle norske elevar og studentar bør ha dei same språkrettane.

Sjølv om hovuddelen av norske elevar går på offentlege skolar, er det også mange som går på privatskolar. Dei fleste av desse privatskolane er underlagde friskolelova, som ikkje gir elevane dei same språkrettane som opplæringslova. Det er eit stort problem at skolevalet i så stor grad påverkar kva språklege rettar elevane har.

Heller ikkje på private høgskolar har studentane dei same språkrettar som ved offentlege. Private høgskolar har både nynorskstudentar og bokmålsstudentar, og det er problematisk at ein mistar dei språklege rettane sine om ein vel ein privat høgskole. Desse språkrettane må bli slått fast i universitets- og høgskolelova, som gjeld både private og offentlege utdanningsinstitusjonar.

Private grunnskolar, vidaregåande skolar og høgskolar i Noreg får statsstøtte. Det gjer at det er mogleg å stille visse krav til desse skulane. Norsk Målungdom meiner at eit av desse krava skal vere at alle elevar og studentar skal ha dei same språklege rettane, uavhengig av val av utdanningsinstitusjon.

Alle elevar og studentar har behov for å sjå språket sitt i bruk, uansett om dei går på ein offentleg eller privat skole. Det er uheldig om elevane og studentane må gi slepp på dei språklege rettane sine om det berre er ein friskole i bygda deira, eller om utdanningsprogrammet deira berre blir tilbydd på ein privatskole. No må dei språklege rettane privatiserast!

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS