litteratur

Heile humanistisk fakultet skal lesa «De kaller meg ulven»

Universitetet i Oslo gir boka «De kaller meg ulven» i gåve til alle førsteårsstudentar på Det humanistiske fakultetet. — Me ønskjer å gi studentane eit sosialt lim, seier prodekan Gunn Enli.

Prodekan og medievitskapsprofessor Gunn Enli vil gi ferske studentar eit fellesskap og noko å snakka om. — Studentar les mindre norsk skjønnlitteratur enn før, seier ho.

For eit par tiår sidan hadde ein felles referanserammer: «Alle» såg Dynastiet, eller benka seg om tysdagskveldane for å sjå «Friends». Slik er det ikkje lenger. Men no ønskjer Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo (UiO) å gi førsteårsstudentane ein felles referanse. Ved studiestart får alle utdelt romanen «De kaller meg ulven» av Zeshan Shakar.

— Me ønskjer å skapa eit studiemiljø der ein får eit fellesskap slik ein hadde når alle hadde sett det same TV-programmet. Eit sosialt lim — som ikkje skal handla om alkohol, seier prodekan Gunn Enli til Khrono.

Uniforum har òg skrive om saka.

Læra å lesa lenger tekstar

I fjor gjekk Det humanistiske fakultetet (HF) i gang med prosjektet Hele HF leser, og studentane fekk då Jan Grue sin roman «Hvis jeg faller». 

I år er det altså boksuksessen «De kaller meg ulven» som vert gitt til alle ferske studentar.

I omtalen av prosjektet heiter det at «overgangen fra videregående skole eller arbeidsliv til å være heltidsstudent er krevende, men det blir enklere hvis man har et sosialt miljø rundt studiene. Derfor ønsker vi å invitere studentene til et felles leseprosjekt!».

Romanen fekk Bokhandlerprisen i 2022, og handlar om korleis det er å veksa opp i Oslo, med foreldre som har kome dit som innvandrarar.

Vidare heiter det at målet med prosjektet ikkje nødvendigvis er at alle skal lesa meir, men å auka breidda i kva ein les, og å fremja generell leseglede.

For lesing av bøker går tilbake. Dei som er studentar i dag, har ikkje nødvendigvis vekse opp med bokhyller fulle av bøker med ryggar frå De norske bokklubbene.

— Det uroar oss at studentane har lese mindre før dei kjem hit. Dei har òg lese færre heile verk. Men studentmassen er mangfaldig, og meir mangfaldig enn før. Me har nokre som søkjer seg til HF fordi dei er lesehestar, andre har lese lite, seier Gunn Enli.

— Med dette prosjektet håpar me at studentane venner seg til lenger tekstar og òg til å lesa papirbøker.

— Dette trur me òg smittar over på akademiske grunnferdigheiter, legg ho til.

Tidsbilete

At studentar les ei felles bok, er noko som er vanleg ved amerikanske universitet, seier prodekanen. Når HF ved UiO har plukka ut ei bok, har kriteria først og fremst vore kvalitet. Samstundes skal det vera ein roman som ikkje er for lang.

— Det skal vera ein roman av ein nolevande norsk forfattar, og ein roman som seier noko om korleis det er å vera menneske, og gjerne noko om samtidsutfordringar.

Enli peikar på «Døden på Oslo S» av Ingvar Ambjørnsen og «Beatles» av Lars Saabye Christensen som tidsbilete for tidlegare generasjonar.

I løpet av året kjem det til å vera arrangement på UiO knytt til det felles leseprosjektet.

Seks ulike perspektiv

«De kaller meg ulven» er også tema for seks mikroemne ved UiO det neste studieåret. Dette er emne på 2,5 studiepoeng, som ein kan ta både som ein del av ei grad og som eit generelt fagleg påfyll.

— Me brukar eitt verk, og har då seks ulike perspektiv. Det betyr at når me neste år kjem til å gi studentane ein ny roman, vil òg noko av innhaldet i mikroemna endra seg, seier Enli.

Dette studieåret vert det mellom anna mikroemne knytt til medievitskap, litteraturvitskap og kjønnsforsking.

— Handlar dette om å få HF ut til folket?

— Ja, det er akkurat det det gjer, seier Enli.

— Me har mellom anna vorte kontakta av tilsette ved bibliotek, og har tenkt at slike emne, som skal kunne takast av vaksne som har full jobb, òg kan vera kjekt for til dømes lærarar og tilsette i kunnskapsbransjen

Powered by Labrador CMS