statsbudsjettet
Historisk gjennomslag for studiestøtte. — Ein stor siger
Studiestøtta skal heretter følgje prisveksten. Det blei klart etter siste runde i forhandlingane om statsbudsjettet i natt.
— No skal vi feire!
Leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Sigve Næss Røtvold, jublar etter at det i siste runde blei klart at studiestøtta skal knytast til grunnbeløpet i folketrygda, ofte omtalt som G. Det inneber i praksis at støtta skal regulerast i takt med prisveksten, eit krav studentane har kjempa for i mange år.
— Det er utruleg gledeleg at vi er blitt lytta til. Dette har vore eit mål og eit krav for oss for å kunne sikre ein føreseieleg økonomisk situasjon for studentane i Noreg. Det er ein stor siger. Vi forventar no at regjeringa så raskt som mogleg sørger for å sette i verk dette, seier NSO-leiaren.
SV vann fram
Eit forslag frå SV om å knyte studiestøtta til folketrygda i komande statsbudsjett vart nedstemt av Stortinget før sommaren.
Arbeidarparitets forslag var å i staden gjennomføre dette i løpet av komande stortingsperiode. Då regjeringa la fram forslag til statsbudsjett i oktober, var studiestøtta ikkje med.
I budsjettavtalen som Ap, SV, MDG og Raudt vart einige om natt til onsdag, etter eit dramatisk forhandlingsløp, vann SV til slutt fram med dette kravet.
Ikkje lågare sats
— SV har kjempa for studentane til siste budsjettime og sikra ein historisk siger. Endeleg skal studiestøtta knytast til grunnbeløpet i folketrygda og det kjem med ein klar garanti: Ingen studentar skal få mindre enn i dag, seier Sunniva Holmås Eidsvoll, som er utdanningspolitisk talsperson i SV.
Også Akademikerne, som om organiserer 40 000 masterstudentar, jublar.
Samstundes meiner dei dagens studiestøtte, som tilsvarer 1,28 G, må leggast høgare.
– Vi meiner studiestøtta bør vare minimum 1,5 G. Det betyr fortsatt at studentane må jobbe ved sida av, men det gir dei moglegheit til å først og fremst vere studentar, seier Lise Lyngsnes Randeberg, leiar i Akademikerne, i ei pressemelding.
I budsjettavtalen heiter det:
Stortinget ber regjeringen fremme forslag i løpet av 2026 om å regulere størrelsen på studiestøtta gjennom grunnbeløpet i folketrygda. Størrelsen kan ikkje innebere lavere sats enn de som utbetales i dag.
