statsbudsjett 2026
Kraftige reaksjonar på manglande auke i studiestøtte
Studiestøtta skal auka med omlag 300 kroner i månaden. Det er ikkje godt nok, meiner både studentpolitikarar, andre politikarar og fagforeiningar.
— Me er skuffa. Me høyrer om studentar som hoppar over måltid for å få det til å gå rundt økonomisk.
Det sa Maud Alfstad Bjørgum, president i Ansa, til Khrono i Vandrehallen på Stortinget etter at finansminister Jens Stoltenberg hadde presentert regjeringa sitt forslag til statsbudsjett onsdag morgon.
I forslaget ligg det ikkje å knyta studiestøtta til grunnbeløpet i folketrygda, slik mange hadde håpa på førehand.
I vår vedtok Stortinget nemleg at regjeringa skal fremja forslag om å knyta studiestøtta til grunnbeløpet i folketrygda. Men det skal skje i komande stortingsperiode, ikkje nødvendigvis i budsjettet for 2026.
I forslaget frå regjeringa som vart lagt fram onsdag, ligg det inne ein auke på 2,1 prosent i studiestøtta, som er om lag 32o kroner i månaden.
Sjå Khronos sending frå Stortinget på statsbudsjett-dagen her:
Vil ha minst 1,5 G
— Etter eit så tydeleg politisk signal frå Stortinget hadde me forventa at regjeringa leverte, skriv Sofie Strøm Olsen i Nito-studentane i ein e-post.
— Me hadde forventa at studiestøtta vart knytt til folketrygda. Studiestøtta burde allereie vore på 1,5 G, med ein plan for opptrapping til to G i løpet av dei neste fem åra, sa Ingrid Marie Aarre i Organisasjon for Norske Fagskolestudenter til Khrono i Vandrehallen.
Nito-studentane set no sin lit til SV.
– Dei gjorde ein fantastisk innsats for å løfta studiestøtta i førre regjeringsperiode, og me håpar dei vil halda fram med å prioritera oss no.
Vil at studentar skal få vera studentar
Måndag varsla regjeringa at det skal setjast ned eit offentleg utval som skal sjå på ordningane for studiestøtte.
— Det er bra, men det må ikkje verta ei sovepute, sier Lise Randeberg i Akademikerne.
Ho understrekar at det er viktig at ein har høve til å både studera og å reisa på utveksling uavhengig av kven foreldra dine er. Ho er òg oppteken av at studentar skal kunne vera studentar.
— Dei skal ikkje måtte bruka mesteparten av tida på å jobba, seier Randeberg.
Også Steinar Sæther i Forskerforbundet er oppteken av at studentar skal kunne vera nettopp det.
— Når studentane må jobba meir og meir i tillegg til å studera, har det noko å seia for kvaliteten på studia, sa han til Khrono i Vandrehallen.
Sjå Khronos samleside om statsbudsjettet her.
— Slag i trynet
Sigve Næss Røtvold i Norsk studentorganisasjon (NSO) var tidlegare i veka nøgd med at studiefinansieringa skal under lupa. Men han var ikkje spesielt nøgd etter at Arbeiderpartiet sitt forslag til statsbudsjett var presentert.
— Me hadde større forventingar til Arbeiderpartiet og til regjeringa som i valkampen lova å prioritera studentane, sa han.
Også politikarar var skuffa over Arbeiderpartiet.
— Første slag i trynet er at studentane får realnedgang i studiestøtta, kjem det frå Sunniva Eidsvoll Holmås i SV.
— Studentane går store summar i minus kvar månad. Utan rike foreldre eller oppsparte midlar, så må ein jobba veldig mykje for å koma seg gjennom studiane.
Siren Jensen frå MDG er heller ikkje imponert over budsjettforslaget.
— Statsbudsjettet er ei krise for studentøkonomien, skriv ho i ein e-post til Khrono.
— MDG hadde håpa at det endeleg skulle vera studentane sin tur, med ei støtte det går an å leva av.
