Ny lov

Hoel med marsjordre til universitet og høgskular:
— Har ein jobb å gjere

Landets universitet og høgskular har fått brev frå Kunnskapsdepartementet med føringar om korleis dei skal følgje opp den nye universitets- og høgskulelova.

Kunnskapsdepartementet og Oddmund Hoel har sendt brev til utdanningsinstitusjonane om korleis dei skal handtere den nye UH-lova.

Den nye universitets- og høgskulelova (UH-lova) blei vedtatt fredag 8. mars og vil tre i kraft 1. august. 

Då får nær 300.000 studentar og 43.000 tilsette ved landets universitet og høgskular eit nytt, meir forståeleg og tilgjengeleg regelverk, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Har sendt brev

— Eg er glad for at Stortinget no har vedtatt den nye universitets- og høgskulelova, uttalar forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Fakta

Dei viktigaste endringane i den nye universitets- og høgskulelova, ifølge regjeringa

  • Nedlegging av studiestader er ei politisk avgjerd
  • Tydelegare reglar for fusk
  • Strammar inn reglane for mellombelse tilsetjingar
  • Styrkt vern om akademisk fridom
  • Styrker norsk fagspråk
  • To sensorar på eksamen

Kjelde: Regjeringa.no

— No styrker vi vernet av den akademiske fridomen, og vi får mellom anna nye og betre reglar for eksamenssensur, fusk, mellombelse stillingar og nedlegging av studiestader, seier Hoel.

Landets universitet og høgskular har no fått brev frå Kunnskapsdepartementet med føringar om korleis dei skal følgje opp den nye lova.

– No går marsjordren til alle landets universitet og høgskular. Dei har ein jobb å gjere med å sette seg inn i nye reglar, tilpasse seg den nye lova og samkøyre praksis på tvers av institusjonane. Vi vil ha tett dialog med universiteta og høgskulane om dette framover, seier Hoel.

Dei viktigaste endringane

I ei oppsummering trekk Kunnskapsdepartementet fram ein del av dei viktigaste endringane i den nye lova, mellom anna at nedlegging av studiestader skal vera ei politisk avgjersle.

«I dag er det universiteta og høgskulane sjølve som avgjer om dei vil legge ned studiestader. Dette ønskte regjeringa å endre på, og i den nye lova er retten til å vedta nedlegging av studiestader lagt til Kongen i statsråd.», står det i oppsummeringa.

Vidare er det bestemt at reglane for fusk skal vera tydelegare, og tilnærminga til såkalla sjølvplagiat skal vera meir nyansert. Gjenbruk av upublisert arbeid, og arbeid som ikkje har gitt utteljing, skal etter den nye lova heller ikkje reknast som fusk.

Regjeringa strammar elles inn reglane for mellombelse tilsetjingar, dei styrkar vernet kring akademisk fridom og det norske fagspråket.

Når det gjeld sensur og eksamen, bestemmer den nye UH-lova at det skal vera to sensorar ved sensur av bacheloroppgåva eller liknande sjølvstendig arbeid på lågare grad, ved eksamenar som åleine utgjer 15 studiepoeng eller meir og ved ikkje-etterprøvbare eksamenar, slik som munnleg eksamen og eksamenar i utøvande kunst.

Powered by Labrador CMS