styremøte
Ikkje i rute med studiekutt. Skal spare 50 millionar
Nord universitetet vurderer færre studieprogram, men er ikkje i mål med innsparingar.
Det langsiktige «Prosjekt økonomisk omstilling» står på dagsordenen på Nord universitets styremøte i Levanger torsdag. Bakgrunnen er lågare løyvingar, trongare budsjett og eit ønske frå leiinga om å rigge institusjonen for tøffare tider.
Det økonomiske resultatet for 2024 og inntektsrammene for 2025 gir noko betre rammevilkår for Nord universitet enn det tidlegare såg ut til. Men redusert studiepoengproduksjon gir likevel ein betydeleg risiko for mindre inntekter dei komande åra, ifølgje saksframlegget til styret.
Styremøtet kan du sjå direkte her frå klokka 8.30.
På planen står «økt gjenbruk av emner på tvers av studentgrupper, reduksjon i antall valgmuligheter, samt avvikling av enkelte studieprogrammer», heiter det i orienteringa til styret. I tillegg er det eit mål å redusere kostnader gjennom å kutte ned på bruk av eksterne sensorar og timelærarar.
Men dette er ikkje nødvendigvis tilstrekkeleg for å nå sparemåla.
Færre stillingar
Derfor vil Nord lage eit evalueringsskjema for studieprogram som alle fakultet skal ta i bruk. Studieprogram som «scorer svakest på objektive data skal evalueres».
Blant dei andre sparetiltaka er ulike kostnadskutt på fakultet og avdelingar. Desse skal totalt utgjere 67 millionar kroner. 19 av desse millionane skal etter planen sparast inn i løpet av 2025.
I tillegg praktiserer universitetet for tida det som blir omtalt som utvida stillingskontroll for administrative stillingar. Det betyr at det skal gjerast særleg grundige kartleggingar av behov før nokon blir tilsett.
Effekten av dette tiltaket så langt er ifølgje Nord universitet at talet på utlyste faste stillingar for tekniske og administrative medarbeidarar har gått ned.
Personvern: For lite tid
På styremøtet denne veka skal også personvernombodet legge fram sin årsrapport. Nord universitetet har i fleire år jobba med å tette hol på personvernområdet.
Rapporten peikar på framgang, men viser også at det framleis er fleire utfordringar med å sikre personvernet:
Leiarane er ikkje alltid medvitne ansvaret dei har. Dei som koordinerer arbeidet med informasjonstryggleik og personvern manglar støtte, tid og ressursar for å gjere jobben skikkeleg. Og det manglar i tillegg juridiske ressursar på universitetet, ifølgje rapporten.

Nylige artikler
Epstein hjalp diplomatsønn med å søke studieplass på universitet
Hva kan vi gjøre for forskernes søvnproblemer?
Universitetet i Innlandet legger ned Østlandsforskning
Helseministeren bekymret for utviklingen i USA. Ser mer til Europa
Dette regner UiB som den største risikoen
Mest leste artikler
Student ble utestengt i to år etter tre tvilsmeldinger
Stjerneforskere måtte slutte etter kontakt med Epstein
Berg-Hansen og jeg
Stenger ute alle søkere fra Iran, Russland, Kina og Nord-Korea
Sensitive teknologier: Slik er Norges forskningssamarbeid med «risikoland». Samarbeider mest med Kina om KI