Debatt ● Håvard Teigen

Juksesakene er systemsvikt

Vegen til juks er open når eksamensoppgåver kan skrivast heime og det ikkje er munnleg prøving som gjer at sensorane kan avsløre om kandidaten har skrive den sjølv. Men skulda ligg ikkje på studentane aleine: dette er ein systemsvikt i heile sektoren.

Systemet legg til rette for juks, skriv Teigen, som spør kvifor dette spreidde seg til heile sektoren. — Svaret er enkelt: marknadsmekanismar som insentiv til høgre produktivitet vart innført, også for statlege utdanningsinstitusjonar
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

16. februar hadde Khrono oppslaget om han som skriv masteravhandlingar for velståande studentar. Oppdragsskriving mot betaling. Statsråd Hoel seier at han ikkje har grunnlag for å vurdere om dette er vanleg.

Eit slikt grunnlag er det ingen som har. Men det er ikkje her det grunnleggande problemet ligg. Det grunnleggande problemet er at vi har eit system der dette kan vere vanleg. Det som verre er: systemet stimulerer til at dette kan ha ei stort omfang — og det er truleg enda større på bachelor-nivå. 

Dette er ikkje nytt. Det er nå 17 år sidan eg trekte meg som sensor fordi institusjonen ikkje hadde kontrollmekanismar som hindra juks. Hundre-, ja, tusenvis av arbeidstakarar kan nå ha fått stilling og stand på grunnlag av falske papir. Mange har visst dette, men ingenting er gjort. Snarare tvert imot. Systemet har vorte meir og meir defekt.

Den grunnleggjande systemsvikten er enkel. Eksamensoppgåvene kan skrivast heime og det er ikkje munnleg prøving som gjer at sensorane kan avsløre om kandidaten har skrive oppgåva sjølv.

Hovudproblemet er altså ikkje moralsk svikt hos enkeltstudentar eller meir og mindre svikt i kontrollen på den enkelte utdanningsinstitusjon. Hovudproblemet er systemsvikt i heile sektoren. På eit verst mogleg tidspunkt, da internett kom for fullt og faglege tekster kunne kopierast rett inn, vart det meir vanleg med heimeeksamen utan munnleg prøving. I startfasen brukte dei fleste heller ikkje plagiatkontrollprogram.

På eit verst mogleg tidspunkt, da internett kom for fullt og faglege tekster kunne kopierast rett inn, vart det meir vanleg med heimeeksamen utan munnleg prøving

Håvard Teigen

Spørsmålet er: kvifor spreidde dette systemet som la til rette for juks, seg til heile sektoren? Svaret er enkelt: marknadsmekanismar som insentiv til høgre produktivitet vart innført, også for statlege utdanningsinstitusjonar. 

Vi fekk betalt for kvar uteksaminert student. Da galdt det å få flest mogleg studentar gjennom til minst mogleg kostnader. Munnleg eksamen er dyrt, «gammaldags» skuleeksamen er også kostbart samanlikna tilsvarande heimeeksamen. 

Andre ting skjedde som auka produktiviteten. Det vart lov på bachelor-nivå å ha berre intern sensor — og det kunne vere vedkomande som underviste. Når vedkomande gav gode karakterar og slapp mange gjennom, fekk hen prisar og lønsopprykk både for god undervisning og god lønsemd. Vi fekk omgrepet at slike kurs «subsidierte» dei andre. 

Leiinga ved institusjonane desentraliserte økonomisk resultatansvar. Rektor/direktør gjorde fakulteta til profitt-einingar, fakulteta delegerte vidare til institutta som også skulle gå med overskot — og instituttleiarane rekna på økonomien i kvart emne eller kurs og gjorde også dette til «profittsenter».

Munnleg eksamen er dyrt, «gammaldags» skuleeksamen er også kostbart samanlikna tilsvarande heimeeksamen. 

Håvard Teigen

Det er ikkje overraskande dersom dette starta på private høgskular/ universitet. Dei har alltid fått betalt for talet på kandidatar. Då eg i 2007 lufta bekymringa mi for moglegheita for juks på heimeeksamen for rektor, fekk eg dette svaret:

«Det er et svært viktig tema du tar opp, og skriving av «thesis» for studenter er jo iferd med å bli en hel liten lønnsom industri! Innspillet ditt er dermed meget betimelig. Jeg tillater meg å sende det videre i systemet her til personer som jobber med temaet.»

Det var gledeleg at «systemet» ville ta tak i dette, men eg trekte meg likevel som sensor fordi endring ville ta tid og fordi eg ikkje ville vere med å skrive under på eksamenspapir som kunne vere falske.

I kjølvatnet av statsrådssakene kontakta eg nå — 17 år etterpå — denne private institusjonen, som var BI, og spurde om dei har munnleg prøving på sine masteravhandlingar. Dei forstod kva eg var ute etter og det oppstod lettare panikk. Ingen kunne svare på spørsmålet og eg fekk melding om at slike vanskelege problemstillingar normalt kravde 3 dagars saksbehandlingstid. Så fekk eg denne korte e-posten:

«Det er ikke muntlig avlegging av masteroppgaven, den leveres kun skriftlig.»

BI har altså ikkje gjort noko med det, men det er ikkje så rart. Nå har nemleg dette spreidd seg til heile systemet — også dei statlege høgskulane og universiteta. Det er rett nok framleis vanleg med munnleg prøving av masteravhandlingar på mange av desse offentlege institusjonane, men dei som driv «masseproduksjon» har kutta ut denne kvalitetssjekken. Til dømes har ikkje juss i Oslo og Bergen munnleg på den dominerande masteravhandlinga (30 poeng).

Kanskje har det vore for stort fokus på masteravhandlingane. Det er som nemnt innleiingsvis truleg enda verre på bachelor-nivå. Eit eksempel kan vise kor ille det kan vere. Eitt av våre eldste og mest respekterte universitet har nå eit nettbasert kurs der studentane aldri er på campus. Det har mellom 500 og 1000 påmelde studentar med multiple choice som heimeeksamen. Studentane kan ha alle slags hjelpemiddel inkludert ei heil gruppe som samarbeider. 

Eg nekta lenge å ha kursansvar dersom eg ikkje fekk lov til å ha munnleg ved heimeeksamen.

Håvard Teigen

Kvifor har dette fått utvikle seg? Kvifor har vi ikkje fortalt det offentlege Norge om dette? Dette er det mange forklaringar på som krev meir plass enn eg har til rådvelde her. Ei forklaring på at dette kjem fram først nå, er at vi alle har vorte «syndarar». Ta meg sjølv som eksempel enda ein gong. Eg nekta lenge å ha kursansvar dersom eg ikkje fekk lov til å ha munnleg ved heimeeksamen. Til slutt gav eg meg og godtok eit kompromiss: dersom halve eksamen var skuleeksamen kunne eg gå med på at heimeeksamen var skrive av andre enn studenten.

Så veit vi at det heller ikkje er tilstrekkeleg med munnleg. I båe statsrådssakene var det slik prøving. 

Når kunstig intelligens no gjer inntog, er det dags for systemendring. Dette er så nytt at vi ikkje møter oss sjølve i døra og det blir lettare å ta eit oppgjer: og svaret er systemendring. Vi må raskt innføre dagseksamen på nytt og utvida munnleg som test på at studentane til dømes kjenner litteraturen dei refererer til. Så må vi ta oss tid på å finne nye eksamensformer tilpassa KI-alderen. Vi kan ikkje BERRE gå tilbake til det gamle.

Powered by Labrador CMS