forskerflukt

Konkurrerer om hjernar. Vil lokke toppforskarane frå USA til Irland

Irland skal bruke talentspeidarar for å finne dei beste forskarane. Stadig fleire land gjer seg klare for amerikansk hjerneflukt.

Trinity College i den irske hovudstaden Dublin er blant universiteta som kan få fleire tilsette frå USA i framtida, om Irlands planar går i oppfylling.

— USA er blitt ein kald og uvennleg stad for fritenkarar og talentfulle forskarar, seier Irlands minister for høgare utdanning, James Lawless. 

Denne veka legg den irske regjeringa fram fleire tiltak som skal gjere landet til den grønaste øya på andre sida av gjerdet, eller meir konkret, Atlanterhavet. 

Men dei vil ikkje ha kven som helst. 

I pakken som blir kalla a global talent initiative, er planen å mellom anna bruke talentspeidarar for å leite opp dei mest attraktive kandidatane. For å få dei til å sjekke inn med einvegs billett frå USA til Dublin og Cork, skal staten betale opptil halve universitetslønna, ifølgje The Guardian. 

Blant dei prioriterte fagfelta er medisinsk teknologi og livsvitskap, fornybar energi og matvaretryggleik.

— Stor sjanse

Den irske udtanningsminsteren lovar ifølgje RTÉ å bidra med ni millionar euro årleg i fem år framover. Det svarar til rundt 100 millionar norske kroner. 

Summen er om lag den same som det norske Forskingsrådet spanderte i samband med ei ekstraordinær utlysing som er meint å gå over fleire år for å trekke internasjonale forskarar til Noreg. Dette er ikkje ein pakke som er avgrensa til forskarar frå USA. 

Irland opnar også for forskarar som kjem frå andre stader enn USA — men statsråd Lawless gjer det tydeleg at det er forskarar som vil bort frå amerikanske universitet som er det direkte målet med satsinga. 

«Baksida av medaljen» med den moglege hjerneflukta frå USA er «ein stor sjanse for Irland», seier han til RTÉ. 

— Vi ønsker å tiltrekke oss dei beste, stjerner som har evne til å få med seg finansiering frå næringslivet og privat sektor, seier ministeren.

Det er som kjent Donald Trumps åtak på akademisk fridom og massive økonomiske kutt i forsking og støtte til universiteta som ligg bak det som stadig oftare blir omtalt som ei mogleg hjernflukt frå USA. 

Kø av land

Medan Trump og hans utdanningsminister, wrestling-milliardæren Linda McMahon, plukkar milliardar etter milliardar frå forskingsbudsjetta og finansiering frå dei mest renommerte universiteta i USA, og verda, opnar slusene seg i Europa og Asia i ei blanding av solidaritet og opportunisme. 

Frankrike har tatt føringa, og var tidlegare denne månaden vertskap for eit toppmøte på Sorbonne-universitetet i Paris. Der la EU 500 millionar euro — nær 6 milliardar norske kroner — på bordet for å lokke toppforskarar til Europa.

Den amerikanske utdanningsministeren Linda McMahon hadde som eitt av sine første oppdrag å legge ned det amerikanske utdanningsdepartementet.

På nasjonalt nivå har Frankrike og president Emmanuel Macron stått i spissen for kampanjen «Velg Frankrike!»

Bak er det ein lang kø av land som også seier «vel oss!», med stadig tydelegare og kraftigare stemme.

Canada, Australia, Austerrike, Tyskland, Spania, Portugal, Sverige, Danmark — og altså, Noreg, har alle tatt grep for å gjere seg lekre for flinke forskarar. 

Då Sovjet fall …

— Då Sovjetunionen fall, gjekk Europa glipp av sjansen til å sikre seg dei beste russiske vitskapsfolka, som reiste til USA. No har vi igjen ein unik sjanse til til å tiltrekke oss toppforskarar som arbeider i USA, seier direktøren for eit medisinsk forskingssenter i Barcelona, Luis Serrano, til Ara.

Lenger unna, i Australia, har dei halde på ein månad, ifølgje ei oversikt i The New York Times

Også land som Sør-Korea og Kina er på ballen. Hongkong-avisa South China Morning Post rapportere allereie i februar om toppuniversitet i Kina som jobbar for å hente heim kinesiske forskarar som er i USA. 

I Noreg var rektor ved UiT Noregs arktiske universitet, Dag Rune Olsen, blant dei første som klarast uttalte ein ambisjon om å hauste frå amerikansk forskarflukt og sjå på kva som er «strategisk ønskelig». 

Elles var den norske tonen, så seint som i april, prega av ein variant av «alle skal med». 

«Klart at amerikanerne er velkomne», men det er «ikkje en særordning for amerikanerne», sa forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland til Khrono. 

Kvinne som snakker og gestikulerer
Sigrun Aasland og den norske regjeringa har endra ordbruken frå generell til meir spesifikk når det gjeld rekruttering av amerikanske forskarar.

Veit ikkje, var signalet fra Universitetet i Oslo. NTNU var avventande. 

Seinare deltok både Olsen, Aasland og NTNUs rektor Tor Grande på toppmøtet med Frankrikes president i Paris.

No bli Noreg nemnd i internasjonal presse som eitt av landa som legg pengar på bordet for hente, spesifikt, amerikanske forskarar.

Emigrasjon, tur retur?

Og fleire er allereie på veg ut av landet, som fleire historier i media dei siste månadene vitnar om. Men om den store bølgja, den store forskarflukta frå USA, slår til, står att sjå. 

Til hausten kjem det amerikanske statsbudsjettet. Der ligg USAs forskingsråd an til å få eit kutt på 56 prosent, den føderale medisinske forskingstøtten kan få 40 prosent kutt og NASA eit kutt på 24 prosent. 

Stand up for Science, ei samanslutning som har koordinert demonstrasjonar mot angrepa på forsking og utdanning kallar eit slikt utfall for «vitskapens Armageddon».

— Kan dei finne ein betre heim enn Irland? uttalte minister Lawless på RTÉ, irsk kringkasting, utan at det var nokon tvil om svaret: 

Irland, landet som ein gong sende fleire emigrantar til USA enn noko anna land, skal vere den varme, vennlege staden, ei trygg hamn. 

Powered by Labrador CMS