forskarflukt

Blar opp milliardar for å lokke amerikanske forskarar til EU. — Godt nytt for oss

Med norske rektorar og forskings- og høgare utdanningsministeren i rommet la EU inn eit nytt gir for å hente forskarar frå USA.

Frankrikes president Emmanuel Macron heldt tale under konferansen i Paris måndag, og varsla sterkare satsing på rekruttering av internasjonale forskarar, mellom anna frå USA, til Europa.
Publisert Sist oppdatert

— Det vil ikkje bli noko varig demokrati utan fri og open vitskap, sa Frankrikes president Emannuel Macron, med klar adresse til Donald Trump og åtaka hans på universiteta dei siste månadene.

Blant publikum på Universitetet i Sorbonne i Paris var regjeringsmedlemmer og universitetsleiarar frå ei rekke europeiske land, blant dei Noreg.

Macron talte på konferansen «Choose Europe for Science», eit ekko frå slagordet han frå før har lansert i heimlandet, «Choose France for Science». 

Med det same la han 100 millionar euro — 1,2 milliardar norske kroner — på bordet for å bidra til å gjere Frankrike og Europa til ei «trygg hamn» for internasjonale forskarar. 

EU-kommisjonens president, Ursual von der Leyen, som saman med Macron var vertskap i Paris måndag, var ikkje snauare. EU vil no plusse på 500 millionar euro — nær 6 milliardar norske kroner — på budsjettet for å lokke toppforskarar til Europa. 

— Godt nytt

Pengane skal kanaliserast gjennom det europeiske forskingsrådet, ERC, og er meint å gå til forskarar frå heile verda. Samstundes er det klart at Donald Trumps angrep på den akademiske fridomen og massive kutt i løyvingane til universiteta i USA er utløysande for det som no skjer i EU.

Blant gjestene på konferansen i Paris var den norske forskings- og høgare utdanningsministeren, Sigrun Aasland (Ap) og rektorane Dag Rune Olsen frå UiT Noregs arktiske universitet og Tor Grande frå NTNU.

— Dette er godt nytt for oss, seier Dag Rune Olsen på telefon til Khrono rett etter konferansen.

Dag Rune Olsen, rektor UiT
UiT-rektor Dag Rune Olsen trur ferske pengar i EU kan bidra til å rekruttere amerikanske toppforskarar til Noreg.

— Vår eigen statsråd har lagt pengar på bordet gjennom Forskingsrådet. Men desse midla er bundne til eksisterande mekanismar, som SFI-ane. Dermed ligg det nokre avgrensingar i dei. Kanskje kan meir pengar gjennom ERC gi andre opningar også for oss i Noreg. 

Olsen har tidlegare sagt at han vil «se på muligheten» for å rekruttere amerikanske forskarar til Tromsø.

Forskingsrådet i Noreg la nyleg fram ei ny ordning som skal gjere det lettare å rekruttere forskarar internasjonalt. 100 millionar kroner er sette av til utlysingar for 2026. 

— Kjem til å mangle folk

Sigrun Aasland meiner EUs satsing som vart lagt fram på måndag i form liknar på den norske satsinga.

— Det er den same logikken. Det er viktig og bra at dette skjer i fleire land i heile Europa, seier ho til Khrono.

100 millionarspakken til Forskingsrådet har også fått kritikk for å vere for snever.

Pengane går «til å rekruttere forskere til en lang rekke fagfelt, fra alle land, unntatt Norge. Dette virker som en korttenkt og ikke minst prinsipielt uheldig ordning», skreiv nestleiar i Organisasjonen Ferske Forskere, Oda Elisabeth Wiese Tvedt, nyleg i eit debattinnlegg i Khrono.

Kvinne som snakker og gestikulerer
Statsråd Sigrun Aasland meiner Noreg er på linje med EU i satsinga på rekruttering av internasjonale forskarar.

Også andre har kritisert satsinga på debattplass i Khrono og vist til at unge forskarar slit med å få jobb i eit norsk akademia som nedbemannar. 

Aasland svarer at dette ikkje kan vere eit enten eller.

— Kunnskapen og forskinga er global, og vi er avhengige av internasjonalt samarbeid og langvarige relasjonar med internasjonale partnarar for å kunne halde fram med å vere ein framifrå forskingsnasjon. Vi veit at vi kjem til å mangle folk og kompetanse i åra framover, seier ho.

Aasland viser til Macrons tale, der han åtvara mot å setje dei nasjonale omsyna og behovet for å rekruttere internasjonalt opp mot kvarandre.

— Det var ein sterk tale. Han la vekt på opplevinga av det som skjer i verda no må mobilisere til eit sterkare engasjement for forsking og kunnskap, seier ho.

Frankrike i spissen

Det er nettopp Frankrike som har stått fram som lokomotivet for å trekke amerikanske forskarar til Europa. 

Sist veke la Frankrikes største forskingsinstitutt, CNRS med sine 34.000 tilsette, fram sitt initiativ under overskrifta «Velg CNRS». 

I april fortalde Khrono om universitetet Aix Marseille, som etter lanseringa av initiativet Safe place for Science raskt fekk inn 300 søknader frå amerikanske forskarar.

Omtrent på same tid la tidsskriftet Nature fram ei undersøking som viste at tre av fire amerikanske forskarar vurderer å forlate USA. 

Sidan har Trumps åtak på amerikanske universitet, og særleg eliteuniversiteta, auka på i styrke. Samstundes har motkreftene fått meir luft under vingane. Særleg har det berømte Harvard-universitetet vore i fokus.

Trump-administrasjonen har skulda Harvard for å ikkje slå ned på antisemmitisme og lagt dette til grunn for å kutte milliardar i støtte. Harvard har på si side gått til søksmål mot Trump. 

Powered by Labrador CMS