krf-landsmøte
KrF vil fjerna monopol for medisinutdanning
Institusjonane bør sjølve få bestemma kva studium dei skal tilby, har KrF sitt landsmøte vedteke. Men det er likevel ikkje sikkert partiet røystar for å oppheva gradsforskrifta for medisin i denne omgang.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
«Institusjonene innenfor høyere utdanning bestemmer selv hvilke studier de skal tilby. Særrettigheter for navngitte institusjoner til enkelte studier, som i gradsforskriften, fjernes».
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
Det heiter det i eit forslag frå Rogaland Kristeleg folkeparti (KrF), som fredag vart vedteke på partiet sitt landsmøte. Med dette går partiet lenger enn regjeringa, som som kjent har varsla at dei ønskjer å endra gradsforskrifta for teologi, rettsvitskap og psykologi. Forskrifta seier at nokre utdanningsretningar er det berre enkelte utdanningsinstitusjonar som kan tilby.
— Me ønskjer å opna opp, seier parlamentarisk leiar Han Fredrik Grøvan til Khrono.
Grunnlag for forhandlingar
Det var Stavanger Aftenblad som først skreiv om saka. Der heiter det at vedtaket kan bety grønt lys for medisinutdanning ved Universitetet i Stavanger.
— Eit løft for heile utdanningsnoreg, seier UiS-rektor Klaus Mohn til Aftebladet.
Men det er ikkje sikkert KrF kjem til å røysta for å oppheva gradsforskrifta for medisin i denne omgang.
— Det som landsmøtet no har vedteke har vore KrF sitt standpunkt heile vegen, og det har også vore mitt syn. Men regjeringa har fremja eit litt meir moderat forslag, seier Grøvan.
— Kjem KrF til å røysta for å oppheva gradsforskrifta også for medisin når saka skal handsamast i Stortinget i vår?
— Me er ein del av regjeringa, og må ta utgangspunkt i regjeringa sitt forslag. Det me har diskutert på landsmøtet, er det som skal vera programmet vårt for neste periode, seier Grøvan, men peikar på at det kan verta forhandlingar når Stortinget skal handsama saka om styringsmelding.
— Då er landsmøtet sitt vedtak ei rettesnor og eit grunnlag for mine vurderingar.
Intern usemje
I fleire parti er det interne skilnader i spørsmålet om gradsforskrift og medisinutdanning. Slik er det også i KrF. Aftenbladet skriv at tidlegare fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal, forsvarte forslaget frå talarstolen, men fekk motbør frå Helga Marie Bjerke frå Troms og Finnmark KrF.
Det kom også forslag om å vedta at ein skulle legga til rette for medisinstudium ved UiS. Dette vart ikkje vedteke.
— Me har handsama prinsippet, ikkje enkeltstudium, og ønska ikkje meir detaljstyring, seier Grøvan.
Nylige artikler
Faglige innlegg forsvinner i en fragmentert debatt
Rektor Klaus Mohn: Nye styrer bør få ansette sine egne rektorer
Kritikken bommer. Vår analyse av tannhelsetjenesten står støtt
At forskning er en nyttig ting kan ingen komme fra
Ni norske universitet rangert utan å vite om det. — Underleg, seier rektor
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager