styremøte
Kritiserer høgskole for svikt i personvernet
Personvernombodet ved Høgskulen på Vestlandet peikar på omfattande manglar.
Personvernombodets årlege rapport står på dagsordenen i styremøtet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) onsdag og torsdag. Rapporten skal etter planen behandlast torsdag.
Blant dei andre sakene som skal diskuterast på møtet, er status for universitetssøknaden. HVL leverte i juni 2024 inn søknad til akkrediteringsorganet Nokut i håp om å bli universitet.
Følg styremøtet onsdag frå kl. 10.00 her
Følg styremøtet torsdag frå kl. 08.30 her
Manglande rutinar
Sviktande rutinar, mangelfull involvering og for knappe ressursar er blant utfordringane høgskolen slit med når det gjeld personvern, ifølgje rapporten, som er lagt ved saksdokumenta til styremøtet.
«Et gjennomgående problem i institusjonen er manglende etablerte rutiner for involvering av personvernombudet, som igjen påvirker oppfølging av personvernvurderinger for innføring av eller bruk av tjenester og systemer som behandler personopplysninger», står det i rapporten.
Som eit eksempel i denne samanhengen viser personvernombodet til då KI-verktøyet Copilot vart gjort tilgjengeleg for tilsette ved HVL. Personvernombodet bad fleire gonger om å få dokumentasjon på risikovurderinga av verktøyet, utan at det kom.
Dette kan føre til at institusjonen vil få problem med å etterleve personvernlova, ifølgje rapporten.
Alvorlege avvik
Personvernombodet skriv at «arbeidet med personvern bærer mer preg av brannslukking enn systematisk arbeid».
Sjølv om tiltak er blitt sett i verk i løpet av 2025 for å betre situasjonen, trengst det kraftigare innsats, ifølgje årsrapporten.
Det vart i løpet av fjoråret avdekt fleire alvorlege avvik.
«I disse tilfellene er det også tydelig at veileder ikke har vært bevisst sitt ansvar for oppfølging, der konsekvensen kunne være kritisk for både de registrerte og ikke minst for HVL», heiter det i rapporten.
Sakslista på styremøtet
Vedtakssaker:
- Godkjenning av innkalling og sakliste til styremøte 2/2026
- Årsrapport 2025 for Høgskulen på Vestlandet
- Rekneskap 2025
- Revidert budsjett 2026
- Første utkast til utviklingsavtale 2027-2030
Orienteringssaker
- Orientering om Studiebarometeret 2025
- Universitetsprosjektet - status våren 2026
- Løypemelding: Felles rammeplan for lærarutdanningane
- Årsrapport personvernombudet 2025
- Campusrelevant tema - styremøte 2/2026 - Førde 4. - 5. mars 2026
Referatsaker:
- Orienteringar frå rektor - styremøte 2/2026
- Eventuelt - styremøte 2/2026
