Debatt Arnt Ove Hopland

Kunnskaps­resistens eller sakleg kritikk?

NHH-professor melder seg på i debatten om omstridt barnehageforsking.

Ein treng ikkje vere ekspert på kvalitativ forsking for å sjå at måten respondentar er rekrutterte i denne avhandlinga er problematisk, skriv professor Arnt Ove Hopland om avhandlinga til Hanne Fehn Dahle om private og offentlege barnehagar.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Khrono har nyleg rapportert frå debatten som har oppstått i kjølvatnet av ei doktoravhandling om pedagogisk praksis i private barnehagar. Anne Lindboe i Private Barnehagers Landsforbund (PBL) er ramsalt i sin kritikk, og svara ho får i retur er ikkje stort mildare.

Medan Lindboe smell til med at avhandlinga er av «enormt dårlig kvalitet» og at «det er helt utrolig at den passerte», vert ho igjen møtt med anklagar om inkompetanse, kunnskapsresistens og at ho driv med angrep på forskarar fordi ho ikkje likar resultata.

For ein samfunnsforskar som er heldig nok til å få jobbe med både kvantitative empiriske analyser, matematisk optimering og kvalitative undersøkjingar vert dette for interessant til at eg kan halde meg unna debatten.

Sidan denne debatten verkar å raskt spore av med anklager om skjulte agendaer og politisk ideologi vil eg klårgjere nokre ting først. Eg er pappa til ein gut som går i ein av Læringsverkstedet sine barnehagar og ei jente som snart skal begynne der. Utover det har eg ingen koplingar til nokon av partane. Politisk soknar eg til, og har vore folkevald for, Arbeidarpartiet (eg er ikkje lenger medlem).

Avhandlinga består av fire artiklar, og eg vil her kome med nokre tankar kring analysene i kvar av dei. For å halde meg så kortfatta som mogleg kan eg ikkje gå i detalj på kva som gjerast i artiklane og heller ikkje kome med meir enn nokre få kommentarar til kvar av dei.

I den første artikkelen definerast mykje av kjerna i det avhandlinga vil studere. Kort oppsummert visast det til at ein i seinare tid både har sett at barnehagar har blitt eit sentralt utdanningspolitisk satsingsområde og samstundes at eigarskapen i private barnehagar har blitt meir konsentrert i nokre store kjedar. Det underliggjande premisset for avhandlinga er at den norske/nordiske modellen med fokus på leik er truga av kjedar som pålegg meir strukturert læring, og det er det denne første artikkelen vil sjå empirisk på.

Eg saknar ein breiare diskusjon om i kva grad den nordiske modellen faktisk er ein standard å strekkje seg etter, det nemnast i introduksjonen at det frå politisk hald kjem føringar som dreg i ei anna retning så dette er det tydelegvis delte meiningar om. Eit auka fokus på utdanning verkar å vere ei politisk ønska endring, og det er relevant å diskutere nærmare kva kunnskapsgrunnlag som ligg til grunn for dette ønsket.

Artikkelen tek sikte på å studere om det er systematiske skilnader knytta til idèar om utdanning i private og offentlege barnehagar. Dette gjerast med å studere årsplanane i 100 barnehagar, med kvantitativ innhaldsanalyse. Dei 100 barnehagane er delte inn i fem ulike kategoriar (20 i kvar). Hovedmålet er å samanlikne barnehagar som enten er med i kommersielle kjedar eller offentlege barnehagar i kommunar som kjøper pedagogiske program frå kommersielle tilbydarar, med kommunale barnehagar i kommunar som ikkje kjøper eksterne program og stiftingsstyrte barnehagar.

Resultata er oppsummerte i ein figur som viser kor stor prosentdel av årsplanane som omhandlar ein del viktige tema, og hovudfunnet er at kjedebarnehagar og barnehagar i kommunar som kjøper eksterne program på aggregert nivå legg meir vekt på utdanning enn kommunale barnehagar i kommunar som ikkje kjøper eksterne program.

Tilsvarande ser ein at dei som legg meir vekt på utdanning, legg mindre vekt på leik, kvile og fritid, sjølv om skilnadane der er mindre. Dette er konsistent med forfattaren si bekymring for at kommersielle interesser fører til meir fokus på strukturert læring på kostnad av leik, kvile og fritid.

Det er imidlertid ein del manglar ved denne analysa som gjer at det vert vanskeleg å legge dette funnet til grunn for vidare analyse. Det første ein må sjå på er utvalet, korleis dette er plukka ut og i kva grad ein kan hevde at det er representativt. I Noreg er det over 5600 barnehagar, slik at utvalet består av under 1,8 prosent av populasjonen.

Ein treng ikkje vere ekspert på kvalitativ forsking for å sjå at måten respondentar er rekrutterte i denne avhandlinga er problematisk

Arnt Ove Hopland, professor, NHH

Med eit så lite utval krevast det ein stor innsats for å hevde at ein kan generalisere funna til heile populasjonen. Ein slik innsats er knapt å spore i artikkelen, og lesaren får ikkje ein gong vite kva handlingsreglar som låg til grunn for utveljinga, utover at det er forsøkt å sørge for spreiing med tanke på geografi og barnehagestorleik. Artikkelen har heller ingen deskriptiv statistikk for barnehagane som kunne gjort det mogleg for lesaren å danne seg eit bilete av i kva grad dei verkar å vere representative.

Vidare vert kvar kategori berre analysert på aggregert nivå, noko som gjer at det er vanskeleg å tolke resultata. Det hadde vore interessant å sjå på korleis programma varierte innad i dei ulike kategoriane, slik at ein kunne fått ein idè om spreiinga. Dette er viktig, sidan det kan danne eit godt grunnlag for å teste statistisk om dei ulike barnehagekategoriane er signifikant ulike kvarandre.

Ut frå figuren ser kategorien for utdanning såpass ulik ut at det er godt tenkeleg at det eksisterar signifikante forskjellar, men når utvala er så små for kvar kategori vert resultata sensitive for statistiske uteliggjarar og det må ein ta omsyn til før ein kan tolke resultata.

Eit mindre, men like fullt interessant, poeng er at forfattaren standardiserar kategoriane til kor stor prosent av årsplanen som går til kvar, sidan årsplanane varierar mykje i lengde. Det er eit fornuftig grep, men ein mistar ein interessant dimensjon på vegen.

For å bruke enkle tal kan vi tenkje at ein barnehage har ein årsplan på 100 ord, ein annan har ein på 1000 ord. Barnehagen med den kortaste planen skriv 30 ord om leik, fritid og kvile medan den med den lange planen skriv 200. Ser ein relativt på dette vil den med den korte planen vektleggje denne kategorien mest, men i absolutt forstand står det likevel mykje meir om dette temaet i den lange årsplanen. Det hadde vore interessant å sjå meir diskusjon også kring dette, sjølv om eg meiner at tala i prosent bør vere hovudresultatet, sidan det viser kor mykje vekt som leggjast på kvar kategori.

Etter den kvantitative analysa går forfattaren over på ei kvalitativ analyse der ho presenterar argumenter knytta til i kva grad barnehagar skal ha som formål å forberede ungane på seinare skulegong, basert på informasjon frå eit underutval (25 stk) av årsplanane. Eg saknar ei beskriving av utveljingsprosessen, kort og greit: Kvifor akkurat desse 25?

Artikkel 2 tek føre seg spørsmål knytta til barns ytringsfridom og medverknad i barnehagen, med utgongspunkt i eiga lesing av eit arbeidsverktøy som vert brukt i ein av dei store private barnehagekjedane. I artikkelen konkluderar forfattaren med at metodikken ikkje ser ut til å anerkjenne barns rett til ytringsfridom. Det er store ord. Eg saknar ei samanlikning med andre brukte verktøy. Kva er beste faktiske praksis? Er brot på barns menneskerettar vanleg i barnehagar? Er offentlege betre enn private?

Artiklane 3 og 4 er baserte på intervju av eit lite antal barnehagelærarar. Sjølve gjennomføringa av intervjua skal eg ikkje seie noko om, men eg er kritisk til rekrutteringa av utval. Frå side 58 i avhandlinga siterar eg:

«Utvalget av informanter ble gjort strategisk. Kriteriene for utvelgelse var om informantene hadde spesiell interesse for temaet (…) og om de var ansatt i en av Læringsverkstedets barnehager eller i en enkeltstående privat barnehage.»

Dette er ikkje spesielt tillitsvekkjande om ein søker objektiv kunnskap, då forfattaren verkar å strategisk sikte seg inn mot informantar med sterke meiningar om temaet. Sterke meiningar kan naturleg nok gå i ulike retningar, men med ein slik seleksjon er det lite sannsynleg at ein får eit særleg representativt tverrsnitt av barnehagelærarane.

Vidare står det på side 60 og 170:

«Informantene ble rekruttert gjennom bekjente (…). Alle informantene ga uttrykk for at de ønsket å delta, og at de hadde meninger om temaet konkurranse.»

Dette kan vere uheldig formulert, men for kritikarar vert det lett å hevde at ein her ikkje berre søkjer etter personar med meiningar, men meiningar som samsvarar med meiningane til forfattaren. Vonaleg er dette slurv, for ligg det hensikt bak er det ikkje berre dårleg forsking, då er vi langt utanfor forskingsetisk akseptabel åtferd. Uansett framstår det i beste fall ikkje som ein framgongsmåte som er eigna til å sikre eit representativt utval.

Det er interessant å merke seg at forfattaren sjølv brukar mogleg manglande representativitet som argument der det passar ho. På side 165 vert brukartilfredsheit omtala, og det kjem fram at foreldre med ungar i kommersielle barnehagar er dei mest tilfredse. Dette vert avfeia med at det kan vere relatert til den politiske orienteringa til foreldre som vel slike barnehagar. Slik sortering er absolutt ei mogleg problemstilling, men er ein uroa for det her bør ein òg ta det alvorleg når ein søkjer etter respondentar. Argumentet om politisk orientering kan dessutan snuast opp ned. Dersom det er systematisk sortering burde ein òg ha ei overvekt av foreldre som vel det offentlege av prinsipp, kvifor er då ikkje dei like tilfredse?

Vonaleg er dette slurv, for ligg det hensikt bak er det ikkje berre dårleg forsking, då er vi langt utanfor forskingsetisk akseptabel åtferd.

Arnt Ove Hopland, professor, NHH

På side 169 kan ein òg lese at rekrutteringa gjekk gjennom tillitsvalde i Utdanningsforbundet, noko som Lindboe kritiserar. Dette treng imidlertid ikkje vere noko stort problem, dersom det er gjort berre fordi det er ein effektiv måte å kome i kontakt med moglege respondentar på. Det forutset imidlertid at organisasjonsgrada er høg, og at Utdanningsforbundet er den dominerande fagforeininga. Eg veit ikkje om så er tilfelle, men dersom det er det vil fagforeiningstilknytning i seg sjølv ikkje nødvendigvis gje eit skeivt utval sidan medlemsmassen fangar opp eit breitt tverrsnitt av populasjonen.

Uansett er kombinasjonen av bruk av kjenningar og tillitsvalde til å søkje opp respondentar med sterke meiningar noko som gjer at utvalsprosessen står lagleg til for hogg, og bevisbyrda ligg på forskaren, ikkje på den kritiske lesaren. Synspunkta i desse artiklane står seg derfor betre som interessante partsinnlegg i ein viktig debatt enn objektive forskingsfunn.

(les videre under AnnonseN)

Last ned Khrono-appen og få varsel om den viktig debatt og nyheter.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-

I sum må eg seie at Lindboes kritikk for meg slett ikkje framstår som «kunnskapsresistens», men sakleg og skarp fagleg kritikk. Så må det seiast at det slett ikkje er noko skandale at ei doktoravhandling har faglege svakheiter. Vi må hugse på at dette er ein del av eit utdanningsløp, og at det å verte ein god forskar for dei fleste tek lang tid og krev mykje prøving og feiling.

I mi eiga avhandling er to av artiklane (om skulebygg sin påverknad på elevprestasjonar) så svake at ein godt kan hevde at dei aldri burde vore skrivne. Eg freista rett og slett å svare på spørsmål som dei datasetta eg hadde tilgjengelege ikkje var eigna til å analysere skikkeleg, ein ganske vanleg nybegynnarfeil. Når den vart godkjend av komitèen tyder ikkje det at dei stiller seg bak analysa, berre at dei meinte det var for ille å underkjenne avhandlinga når eg gjorde eit heiderleg forsøk med det eg hadde tilgjengeleg.

Dersom lærarar eller rektorar hadde kritisert artiklane ville ikkje korkje rettleiar eller eg sjølv gått til motangrep og avfeid kritikken med at kritikarane ikkje er ekspertar på propensity score matching eller IV-estimering. Vi hadde sagt som sant er at her har ein fersk forskar gjort så godt han kan, dessverre vart ikkje artiklane særleg gode. Det er slik ein gjer det i fagfelt med ein sterk kvalitetskultur.

Å vere villeg til å innrømme feil er òg heilt essensielt for tilliten til forskinga vår. Det er mange som har fordommar mot samfunnsforsking. Påstandar om at vi driv med synsing og tøyseempiri er ikkje berre vanleg å få høyre «ute blant folk» men òg langt inn i universitetskorridorane. Å lese at Lindboe sin nokså presise kritikk vert avfeia med at ho ikkje er ekspert på kvalitativ forsking er i så måte rett og slett trist. Ein treng ikkje vere ekspert på kvalitativ forsking for å sjå at måten respondentar er rekrutterte i denne avhandlinga er problematisk, det underlege er at ekspertane sjølve anten ikkje ser eller ikkje vil sjå desse problema.

Det er ingen tvil om at det kan vere tungt å stå i stormen når folk vert engasjerte og sinte på grunn av forskinga vår. Då er det imidlertid viktig å hugse på at forskinga vår gjer oss til maktpersonar. Når vi forskar på eit tema og kjem med våre tilrådingar vert det lytta til av dei som fattar avgjersler, og det får ekte konsekvensar for ekte menneske. Då må vi faktisk tole at dei seier frå dersom dei meiner vi tek feil, sjølv om dei ikkje alltid er like høflege.

Når vi blir møtt med kritikk er den einaste gode kuren å forklare på best mogleg vis kva vi har gjort og kvifor vi meiner det er ein fornuftig framgongsmåte. Oftare enn ein kanskje skulle tru lærer vi òg noko nytt av å prate godt med våre argaste kritikarar.

Powered by Labrador CMS