Debatt bjørn kvalsvik nicolaysen

Kva er rettmessig klage om forskingsetikk?

Etikkekspert Anne Inger Helmen Borge ser i Khrono ut til å meine at alle typar klager er heilt jamstilte, og må få like mykje merksemd, skriv professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen.

Etikkekspert Anne Inger Helmen Borge har eit godt poeng når ho vil lyfte slike saker ut or nærmiljøet til den som blir klaga for juks, skriv professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Dersom eg var medlem i «Klimarealistene», noko eg ikkje er, kunne eg då rekne med å få oppfølging på ein klage til rektor Stølen ved Universitetet i Oslo på Dag O. Hessen? Eg kunne då kan hende hevde at Hessen dreiv med forskingsjuks, fabrikkeringar og uredeleg arbeid allment, sidan han i boka Verden på vippepunktet dels byggjer på FNs klimapanel, som «alle» veit er forfalska framstillingar? Dessutan vil Hessen bort frå fossilbasert energi, sjølv om «alle» veit at Co2 er sunt for oss. Ville Hessens dekan då sett i gang prosess for å granske om desse påstandane hadde noko for seg, sidan eg som klagar frekt påstod at forskinga til Hessen er i strid med alle anerkjente prinsipp?

Neppe. Etikkekspert Anne Inger Helmen Borge ser i Khrono for 25. februar likevel ut til å meine at alle typar klager er heilt jamstilte, og må få like mykje merksemd. Ein kunne kan hende vente seg av etikkeksperten at ho sette seg inn i saka ho kommenterer. Men i staden uttalar ho seg som om det er hald i klagen, at det er vanleg at alle som får klage mot seg protesterer, og ho ser ut til å meine at det er kollegaer ved UiS som har uttala seg til Khrono.

Klagen frå sivilingeniør Graeme Dick vitnar ikkje det aller minste om kjennskap til kjeldearbeid, historisk gransking eller tekstvitskaplege prinsipp. Derimot kan alle som gidd å slå opp teksten, som Khrono-redaksjonen hjelpsamt har laga lenkje til, (forskarane sine kommentarar til kalgen ligg inne i blått. Red.mrk.) sjå at klagaren repeterer ad nauseam at det ikkje er mogleg å vere imot den norske kommisjonen av 1981, som er resultatet av den fyrste granskinga av Kielland-ulukka. Dick har ei fullstendig dogmatisk lesing av kommisjonsrapporten frå dengong då, og alt som ikkje samstavar med den rapporten heilt og fullt, er «fabrikkert».

Den dogmatiske haldninga medfører også at han viljes eller uviljes kjem til å feilframstille forhold som har vore diskuterte heilt sidan den franske undersøkingskommisjonens rapport kom i 1985, i og med at den norske staten gjekk til søksmål mot verftet CFEM i Dunkirk. Som altså vart skulda for å vere hovudårsaka til tragedien, i og med ein sveisefeil. Dei norske insisterte på at dette var einaste årsaka, dei franske meinte der var komplekse grunnar til at plattforma velta.

Saka verserte til 1991, då ein må seie at Noreg tapte med overtydeleg margin, ved at kravet om 700 millionar kroner i erstatning vart fråfalle. Den franske kommisjonsrapporten peika nemleg på ei lang rekkje tilhøve som påverka tilstanden på Alexander Kielland-plattforma. Såleis ikkje minst bruken av plattforma i norsk sektor. Med urette påstår klagaren Dick at der tvert om er fullstendig samanfall mellom den norske og den franske rapporten, noko som rett og slett er feil.

Dette framstår som ein heilt urettmessig klage, bygd på vrangførestellingar om humanistisk forsking og på ikkje berre dogmatiske, men nokså fantasirike føresetnader som nærmar seg typen flatjordsfantastar eller såkalla klimarealistar.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, professor, Universitetet i Stavanger

Denne stutte historikken burde vere tilstrekkjeleg til å skjøne at der var ulike tolkingar av kjeldene, omstenda og ulike tilhøve alt i 1980-åra. I tillegg har det jo sidan vore drive ulike slag forsking. Skjønt det var ikkje før enn i fyrstedelen av 2010-åra at forteljingane til dei overlevande, etterlatne, redningsmannskapa, helsepersonellet og andre vitne og pårørande vart tekne alvorleg.

Gjennom innsamling og analyse av dette munnlege materialet kom det fram visse diskrepansar i den offisielle norske forteljinga som har vore dominerande i no 40 år, og som spring ut av rapporten av 1981. Den vart sett saman på eit tidsrom av sju månader, langt mindre enn forskarane som granska vitnemål som aldri før er blitt tekne alvorleg av nokon, brukte på sitt arbeid. Likevel tykkjer klagaren Dick at dette er materiale som berre kan føysast til side, sidan det altså ikkje samsvarar med den hastig ihopskrivne rapporten av 1981. Ein kan jo seie at dette er ei oppattaking av desavueringa av dei som faktisk var vitne til ulukka, atter ein gong

Dei forskarane som publiserte fleire arbeid i 2016 og utetter, hadde ingen annan agenda enn å vilje a) forstå dei enno gjenlevande berørte som framleis tykkjer dei er lite påakta og ikkje har blitt høyrde, og b) forstå diskrepansane mellom ulike forteljingar. Her har ingen teke noko oppdrag for å utnemne skuldige for noko som helst eller tenkt seg at det skulle vere tale om å reise søksmål eller krav nokon stad. Så vidt eg kan vurdere, handlar det om rein interesselaus forsking for å forstå materiale som anten er kome fram i seinare tid, eller eldre kjelder som no kan lesast på ein ny måte. Dette er heilt ordinære framgangsmåtar.

Sivilingeniør Dick kastar seg likevel opp til dommar over historikarane, og meiner seg å ha kompetanse til å erklære at kjeldetolking av noko slag er «fabrikkering», sidan det strir med den offisielle norske versjonen frå 1981. Dette framstår som ein heilt urettmessig klage, bygd på vrangførestellingar om humanistisk forsking og på ikkje berre dogmatiske, men nokså fantasirike føresetnader som nærmar seg typen flatjordsfantastar eller såkalla klimarealistar.

Dette ser etikkekspert Helmen Borge som grunnlag godt nok til å føre ei sak fram for Forskingsetiske utval. Det spørsmålet ein då kan stille, er: om ein opnar for å prosesshandsame alle typar klager, rettkomne og urettkomne, vil ikkje universiteta raskt drukne i alskens klager og varslingar som går i alle retningar? Ein risikerer å måtte opprette eigne utval under forskingsdirektørane rundt omkring, som må sile klager ut frå nokre kriterium vi enno ikkje har. Spørsmålet er elles om ein faktisk kan gjere noko slikt, ut frå den lov og dei regelverk vi har.

Helmen Borge har såleis eit godt poeng når ho vil lyfte slike saker ut or nærmiljøet til den som blir klaga for juks. Ho antyder at kollegaer utan vidare vil trø til og støtte den som er utsett for klager. Ei anna vinkling kunne vere at slike klager kan vere eit tenkjeleg middel til å bli kvitt brysame forskarar, der ein reint hypotetisk kan tenkje seg at leiinga ved eit universitet lèt føre fram ein klage som for innvigde fagfolk ser urettmessig ut, eller representantar for leiinga jamvel framprovoserer eller tingar ein slik klage. Ved eit slikt høve kunne ein tenkje seg, altså framleis hypotetisk, at det vert lagt press på medlemer av lokale forskingsetiske utval.

Kvifor nett det Forskingsetiske utvalet ved Universitetet i Oslo skulle vere staden for å handsame ein klage innafor petroleumshistorie, står meg ikkje heilt klårt. UiO har likevel spesialistar å konsultere på slikt. Såleis har UiO-historikarane Einar Lie og Finn Erhardt Johannessen båe i denne saka alt avvist formuleringa «fabrikkering». Dei har også båe avvist tanken om at det utførde arbeidet er uredeleg. Kan hende har juristane ved Nordisk institutt for sjørett, UiO, interessante og relevante oppfatningar. I alle høve: Eg ville langt føretrekkje at ein heilt uavhengig instans, såleis det nasjonale forskingsetiske utvalet, tok ei slik sak. Men no har jo lova nedført hovudansvaret på den einskilde institusjon, så her bør nok prosedyrane avklarast betre.

Eit par problem står der likevel att å diskutere. Det eine er i kva grad eit forskingsetisk utval, det vere seg det lokale eller det nasjonale, eller også det nasjonale granskingsutvalet som også skal finnast som ankeinstans ifylgje lova av 2017, har det som eller ser det som sitt mandat å avklare kva ein rettmessig klage er. Dette burde faktisk vere ein offentleg diskusjon, for det er etter kvart, har vi nyleg sett frå NTNU, UiB og andre stader, stort behov for å avklare kva som gjeld som etisk åtferd frå ein forskar, ein undervisar eller ein samfunnsdebattant. Og når rektorar gir seg til å sakshandsame klager anten på direkten i media, på søndagskveldar etter helgediskusjonar med klagaren, eller i engare krinsar som får plass i eit bøttekott, så er det vel eit varsko om at rektorar ikkje er heilt støe i korleis slike klager skal handterast.

Det andre problemet oppstår av det fyrste; nemleg at dersom eit slikt utval ansvarleg for å vurdere forskingsetisk åtferd, nettopp ikkje meiner dei kan fastsetje kriterier for kva dei reknar som rettmessig klage, så risikerer ein at ein tvil heftar ved den som er utsett for klagen, for all framtid – same kor urettmessig klagen er. Alt reaksjonen frå etikkeksperten Helmen Borge tyder på at så lenge ein ikkje har undersøkt saka sjølv, så går ein ut frå at det er eller har vore noko muffens.

Summa summarum est: Den naturlege staden for tolkingsusemjer og ulike oppfatningar om korleis ein skal vurdere kjelder, forteljingar om historiske omstende eller empiri av noko slag, er ikkje klageskriv stila til arbeidsgjevar der ein hevdar at nokon har forbrote seg mot lover og reglar, og krev at vedkomande må sanksjonerast for dét. Då Kjartan Fløgstad var usamd med Hans Fredrik Dahl om kva målfolk i 1930- og 1940-åra meinte om nazismen, klaga han ikkje til rektor ved UiO; han skreiv pamfletten Brennbart (2004). Då Jostein Gripsrud vart usamd med Terje Tvedt om innhaldet i boka Det internasjonale gjennombruddet (2017), sende han heller ingen klage nokon stad, men skreiv boka Norsk hamskifte? (2018). Mange fleire gode døme kunne vore nemnde. Det er prøvinga ved offentleg debatt som trengst når ein skal avklare tolkingsspørsmål. Difor er då også offentleg debatt så grunnleggjande for rettsstaten.

Sivilingeniør Graeme Dick kunne med føremon skrive ein kronikk til Stavanger Aftenblad, Aftenposten, Dagens Næringsliv, Khrono eller for den del ein ordentleg analyse til eitt av våre utmerka tidsskrift for kulturelle spørsmål, historie eller samfunnsvitskap. Han har hatt fem år på å tenkje seg om og kladde ei bok, ein artikkel eller ein kommentar. Sidan det ikkje var dét han gjorde, vil eg ut frå handlemåten rekne med at han ikkje har argument som står seg for offentleg innsyn og debatt.

Men ved at klagaren tér seg som han har gjort, kan han ikkje ha tenkt over at når han vil ha nokre røyster til å teie, så vil han no avgrense det fleirstemmige og avgrense det polyfoniske mangfald. Ja, då held han på med å sage over den greina han stør seg til. Som i ei kjend vitseteikning står han der i stigen og sagar over greina på innsida av stigen, medan han ropar til kvinna nedanfor som vil åtvare han: «Hald kjeft og kom deg vekk, eg veit kva eg gjer!» Men dét er tydelegvis ein sterkt overdriven påstand.

Så vil eg be Dag O. Hessen om orsaking for å ha teke hans namn forfengeleg. Det var for å illustrere at debattane om tapet av artsmangfald, klima, drivhuseffekt og så vidare just er døme på slike område der universiteta må rekne med ein veritabel flaum av klager frå alle kantar, dersom ein praksis med å jamstelle alle typar klager, dogmatiske som i dette tilfellet eller fanatiske som i andre tilfelle, skal gripe om seg. Då kan einkvar kverulant trolle og sjikanere kven som helst ved å tvinge arbeidsgjevarar til å granske sine arbeidstakarar.

For eit aller siste moment er det fylgjande: Denne saka har to ulike sider. Den eine er spørsmålet om forskingsetikk. Det andre er spørsmålet om personalbehandling. Å halde ein medarbeidar på pinebenken i lange tider, så som i dette tilfellet på femte månaden, å innhente fråsegner som ein så ikkje ser ut til å ta fullt ut alvorleg, og for alle praktiske føremål å oppføre seg som om ein trur at tolkingsspørsmål kan avgjerast endeleg ved å samanlikne med gamle oppfatningar – ja det er ikkje HMS-fremjande eller tillitsskapande på arbeidsstaden. Ein arbeidsgjevar skal forvente lojalitet, men må også vise omsorg. Om ikkje, vil forskarar i hopetall bøye nakken i frykt for kva for åtak som kan kome, og halde seg unna kontroversielle spørsmål

Universitetet i Stavanger har til motto: «Utfordre det velkjente, utforske det ukjente». Gjev at UiS prøver å halde seg til sitt motto, når det vert sett på prøve. Om ikkje, vert mottoet berre kling-klang.

Powered by Labrador CMS