nobelveka

Svenskane har gjort nobelprisutdelingane til eit vekeslangt maraton med nobellunsjar, nobelmottakingar, nobelfestar, nobelstudio på TV og eit myteomspunne nobelnachspiel. 

Det er altså på Kungliga Tekniska Högskolan at etterfesten skal vera i år. Først kan svenskane få med seg Nobel-banketten, anten live eller på fjernsyn. Nobeldirektør Vidar Helgesen kunne ønskt seg litt meir fokus på forsking enn på kjolar.
Det er altså på Kungliga Tekniska Högskolan at etterfesten skal vera i år. Først kan svenskane få med seg Nobel-banketten, anten live eller på fjernsyn. Nobeldirektør Vidar Helgesen kunne ønskt seg litt meir fokus på forsking enn på kjolar.

Kvart år arrangerer eit universitet den store nobelfesten. Alt er hemmeleg

Stockholm (Khrono): — Vad f …

Studentane må snu på trappa. Bygget Nymble på Kungliga Tekniska Högskolan skal husa årets kanskje mest omtala nobelfest. 

Fakta

Nobelveka 2023

6.-12. desember er det Nobelveke i Stockholm og Oslo, med prisutdelingar og andre arrangement. Khrono er til stades i Stockholm

Søndag kveld går «Students´Nobel Nightcap» av stabelen her. Det er forbode å ta bilete, det er forbode med journalistar, i alle fall journalistar på jobb. Og det er altså stengt på førehand, òg for studentar som plar bruka bygget. Det fortel eit enkelt A4-ark utanfor.

Og å koma seg inn på førehand for å sjå korleis det heile skal verta? Gløym det.

— Hei, eg er norsk journalist. Er det mogleg å koma inn no for å sjå?

— Nei, seier den unge mannen med eit grønt nøkkelkort.

— Ingen bilete. Ikkje no og ikkje på søndag.

Skal signera

Det er Nobelvecka i den svenske hovudstaden. Det er offisielle arrangement i massevis. Også for den vanlege svensken er særleg prisutdelingsdagen viktig, fortel Vidar Helgesen.

Den tidlegare klima- og miljøministeren i Noreg er no direktør for Nobelstiftinga i Stockholm. Han viser fram dei tjukke bøkene som står på rad og rekke inne i det gamle styrerommet i stiftinga sine lokale like ved Stureplan. Eit stort portrett av Alfred Nobel sjølv pregar den eine veggen.

— Det er ikkje lov å ha kaffikoppar på dette bordet, så sjølve styremøta har me nede, seier han og smiler.

— Men hit kjem prismottakarane måndag. Me samlar inn gullmedaljane søndag, slik at dei ikkje skal mista dei under banketten eller festen, og så får dei dei tilbake her. Samstundes signerer dei, seier han, og viser fram dei norske vinnarane:

Odd Hassel fekk prisen i kjemi i 1969. Ivar Giæver i 1973 og May-Britt og Edvard Moser i 2014 er dei andre norske som har fått vitskapsprisane.

— Og denne gler eg meg til å visa Fosse, seier Helgesen, og viser fram Sigrid Undset sitt bilete og signatur frå 1928.

Direktøren fortel at mange svenske skular og barnehagar arrangerer eigne nobellunsjar. I tillegg er det mange privatpersonar som pyntar seg og har private middagsselskap.

— SVT brukar enormt med ressursar. Dei har eige Nobel-studio heile veka, litt som når ein i Noreg har OL-studio. Det er ein million svenskar som ser banketten, dei ser altså på at folk et middag, på TV! Kona mi er svensk, og eg skjønte ingenting første gong ho ville sjå dette. Men det er viktig for mange, seier Helgesen, og legg til:

— Eg skulle nok ønska meg meir fokus på forskinga.

Sigrid Undset er ein av prisvinnarane som er samla mellom to permar. Bøkene er så skjøre, og så fine, og Nobelstiftinga sin direktør Vidar Helgesen knapt vågar å ta i dei.
Sigrid Undset er ein av prisvinnarane som er samla mellom to permar. Bøkene er så skjøre, og så fine, og Nobelstiftinga sin direktør Vidar Helgesen knapt vågar å ta i dei.

Ventar demonstrasjonar

I Stockholm sentrum er det lysfestival. Nobel Week Light er arrangert av Nobelprismuseeet, og lysverka er plasserte ulike stader i sentrum. Dei er laga av både kunstnarar, designarar og studentar, og er inspirerte av nobelprisane. 

Men elles er det ikkje så mange teikn å sjå til at det er nobelprisvinnarar i byen. Utanfor Grand Hotel, der prisvinnarane bur, står det nokre bilar med «Nobel Prize» på sida. I tillegg står det nokre autografjegerar der. 

Det gjorde det òg utanfor Kungliga Vetenskapsakademien torsdag morgon. Der var nobelprisvinnande i fysikk, kjemi og økonomi samla.

— Eg har samla autografar sidan 1976, fortalde ein mann som stod utanfor.

Saman med han var det uniformert politi. Vakthaldet er sterkt.

— Tryggleikssituasjonen er spesiell i år, seier Helgesen, og viser til at trusselnivået vart auka frå tre til fire i sommar. Fem er toppen av skalaen.

Når søndagen kjem, reknar han med at det òg i år vert demonstrasjonar i den svenske hovudstaden.

— Det skjer nok dels fordi det er mange journalistar her. I år reknar me med at vaksinemotstandarar vil demonstrera, fordi Nobelprisen i medisin eller fysiologi gjekk til dei som utvikla mRNA-vaksinen. Me reknar òg med at det vert demonstrasjonar for Palestina, seier Helgesen.

Nobelstiftinga inviterer ambassadørar frå alle land til å vera til stades under utdelinga. Unntaket var i fjor, Då vart verken Russland, Belarus eller Iran inviterte. No eksisterer det eit opprop for at Israel heller ikkje skal ønskast velkomme.

— Kjem de til å følgja dette?

— Nei. Prinsipielt meiner eg at alle skal inviterast, seier Helgesen.

Store lysekruner og store portrett. Internasjonal presse var samla for å intervjua sju nobelprisvinnarar på ein gong.
Store lysekruner og store portrett. Internasjonal presse var samla for å intervjua sju nobelprisvinnarar på ein gong.

Fekk trykt opp pocketbøker

Om ein passerer boder med gløgg, peparkaker og julegodteri, går rundt hjørnet på Nobelprismuseet som ligg like ved Stortorget i Gamla Stan, finn ein eit bygg på venstre hand. Torsdag 8. desember hang det ein enkelt plakat utanfor. Det var her Jon Fosse skulle halda nobelføredraget sitt.

I ein monter inne hos Svenska Akademien var ein god del av bøkene hans, både lyrikk, dramatikk og romanar, stilt ut.

Som Khrono har skrive, sat tilsette i Fosse sitt forlag, Samlaget, på fremste benk under føredraget.

— No må det vera fossebøker i handelen!

Det var det forlagsdirektør Edmund Austigard tenkte etter at Nobelprisen vart kjent.

Han seier til Khrono at det er laga ein eigen pocketserie med Fosse sine verk. 

— For oss som forlag er det ei unik moglegheit til å formidla Fosse sin litteratur. Kanskje gjer det at å lesa ei Fosse-bok ikkje vert eit så vanskeleg steg å ta.

Den norske ambassaden arrangerte torsdag kveld ei mottaking til ære for Fosse. Hovudpersonen sjølv var ikkje der, men ambassadør Aud Kolberg trekte fram at dei som var samla, mellom anna forlagstilsette og journalistar, på kvart sitt vis Phjelper til med å formidla Fosse sin litteratur.

— Utanlandsagenten har jobba på spreng sidan oktober, seier Cecilie Seiness, som er Fosse sin redaktør i Samlaget.

Austigard understrekar av forlaget er svært stolte.

— Det er ikkje mange forlag som kan skilta med ein nobelprisvinnar. Jon Fosse sin litteratur snakkar for seg sjølv, og så lenge han seier forholdet hans til Samlaget ligg fast så må det bety at det har vore eit godt og produktivt samarbeid gjennom 40 år.

Lyskunst ved Sergels torg. Dette heiter Rythmus.
Lyskunst ved Sergels torg. Dette heiter Rythmus.

Måtte klarera hund

Jon Fosse er 64 år, men blant dei yngste nobelprisvinnarane i år. Fleire av dei andre kom til pressekonferansar med stokk, eller vart støtta inn.

— Det er eit stort apparat som er i sving?

— Ja, det er det, seier Vidar Helgesen.

Han fortel at han stort sett i siste liten veit kva arrangement han får med seg, bortsett frå Nobelkonserten og sjølve utdelinga.

— Det var til dømes slik at ein av prisvinnarane har med seg kona, og kona har ein sørvishund. Men då dei kom til Arlanda viste det seg at dette ikkje var godkjent, så då måtte eg ta tak i det. 

Og så skal han på nachspiel. Ein myteomspunnen fest som har vorte arrangert heilt sidan 1978 og som skal gi òg studentar ein smak av nobelfest. Dei fire største universiteta i Stockholm arrangerer festen kvart fjerde år, og alt er drifta av frivillige studentar.

Hit plar det koma både prisvinnarar og andre inviterte, men det er òg mogleg å kjøpa ein billett hit sjølv om ein ikkje er invitert til banketten. Festen varer heilt til klokka fem om morgonen.

— I fjor var det innreia med ulike tema i ulike rom. Faktisk er ein del av nobelfeiringa inspirert av studentane sine festar, seier Helgesen.

Powered by Labrador CMS